Det vert ikkje gjeve pengar til å byggje nytt Studentsenter
i år heller. Fyrst i oktober utlyser Universitetet i Bergen
arkitektkonkurranse for det nye senteret. Før den er
klar, veit ingen kor mykje eit nytt bygg vil koste.
Midlar til eit nytt Studentsenter kan vi tidlegast få
i 2002, seier direktør Martha Knapskog Skauge ved eigedomsavdelinga.
Universitetsleiinga har handla kritikkverdig i denne
saka, meiner ein samla front med
representantar frå dei fleste partia i student-
politikken.
Også Studentsamskibnaden, som driv kantiner og idrettshall
i senteret, er skuffa.