oo På ein av Universitetet
sine dataservarar finst store mengder ulovleg porno, bombeoppskrifter
og tips til korleis ein mest effektivt kan ta sitt eige liv.
All informasjon er fritt tilgjengeleg frå alle lesesalane.
oo Det er ikkje
vårt ansvar å drive sensur, meiner IT-direktør
Tor Bu.
I følgje IT-avdelinga har dei ikkje kapasitet til å
fjerne det
ulovlege materialet. Dermed er det fritt fram for «groupsex»,
«gangbang» og «smartdrugs».
oo Økokrim sitt
«datakrim-team» har teke stikkprøver frå
dataservaren.
Det er mykje som tyder på at det er ein del ulovleg
porno der, stadfestar dei.
Økokrim kjem til å ta kontakt med Universitetet
i løpet av denne veka.