oo Studenthuset Kvarteret
har i løpet av våren tjent ein million kroner.
Det er ny rekord. Pengane stammar frå auka sal av øl
og vin. I helga arrangerte dei generalforsamling.
oo Der vart det bestemt
at pengane skal brukast til å pusse opp delar av det fem
år gamle huset. Fleire rom skal byggast om, det kjem nye
sofaer - og ei ny trapp til ein halv million.
oo Men konsertarrangøren
ASF slit. Dei skyldar Kvarteret rundt 350.000 kroner.
Skulle Kvarteret be om å få alt attende på
dagen, går vi konkurs, seier ASF-leiar Terje Nørving.