VERT TVUNGNE UT AV SOPP
Stadig fleire rom på Institutt for kunst- og kulturstudier
vert stengde på grunn av soppskader. På mandag mista
studentane endå ein lesesal.
Kjersti Egge er kunststudent og reagerer kraftig på dette.
Vi fekk berre beskjed om å finna andre stader å
lesa. Instituttet gav oss ingen alternativ, seier ho.
Det var i sommar at det vart oppdaga sopp- og fuktskader i dei
nyoppussa bygningane i Øysteinsgate og sydnesplass. Fleire
av dei tilsette vart sjukemeldte etter å ha pusta inn
farlege soppsporer.
Vi kan ikkje utelukka at bygningane må stengjast
for å bli kvitt all soppen, seier yrkeshygieniker i Helse,
miljø og sikkerhetsavdelingen, Ragnar Flo.
Ifølgje HF fakultetet fins det ingen klare alternativ
dersom dette skulle skje.