Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Martin G. Skjæveland.
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2001
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
onsdag 30. januar 2002, nr 2- 57. årgang

Tekkenisme

Åtvaring: Artikkelen kan virke upassande for folk som ikkje er invidde i tekkenisme.
Bruksanvisning for artikkelen: Gå eder hen og motta åpenbaring ved å spele Tekken 3 til augo dine vert firkanta og du oppdagar at du prøver ut spelteknikk i levande live på utestadar.
Då eg flytta inn i eit nytt kollektiv i fjor vart eg introdusert til student-fenomenet Playstation. Personleg var eg berre van med veslebroren min sin Nintendo, og var nøgd med det, og trudde det var den sjefaste spelemaskina der ute. Det skulle vise seg at eg tok feil. Min kjære romkamerat fekk nesten sjokk då han fekk vite at eg ikkje var playstationist og tekkenist, og satte seg som mål å indoktrinere og hjernevaske meg til Playstation og Tekken 3 sine gleder. Om han lukkast? Duh!
Og med Tekken 3-gospelet rungande i hovudet mitt oppdaga eg at det ikkje berre var eit fenomen i kollektivet mitt, men det dukka opp som samtaleemne både her og der, i dei mest utenkelege krinsar. Langs det langstrekte land og overalt i Bergensgatene møtte eg plutseleg folk som snakka om Tekken. Det kunne vere to forbipasserande som diskuterte kampeknikken til Jin Kazama, eller ei gruppe ungdommar på Platon som planla å kjøpe Tekken Tag (det forelaupig seinaste Tekken-spelet, som berre finst på PS2, grr!) og starte turnering. Tekken var overalt. Eg hadde tidlegare hatt ei liknande religiøs erfaring då eg i ein aldar av 13 vart introdusert til rollespel, men eg var liksom vaksen no, og slikt skal liksom ikkje skje så ofte lenger. Og det var jo ikkje berre meg: Eg har sett både pasifistar og rolege jenter bli heilt hekta. Eg òg han eg bur med har utvikla vår eiga kommunikasjonsform basert på Tekken, og merkeleg nok forstår dei fleste andre Tekken-fantastar sjargongen vår. Eit heilt eige fellesskap vert danna på trass av kulturar og overtydingar. Tekkenismen. Nært slektande på magicisme, men omfattar fleire samfunnslag, og er meir utbreidd. Kva er det med dette ultravaldelege slostspelet som er så fascinerande?
Om du ikkje har prøvd Tekken, så gå og gjer det no. Sjå om du forstår kva det er med dette spelet, og send meg ein e-post på ragabash@online.no, slik at vi kan forklare fenomenet tekkenisme til massene. Men inntil videre har Jin Kazama eit stevnemøte med skjebnen. Paul Phoenix skal få gjennomgå. Once again, Fate brings together those who heed the call...

Bjørn
30.01.02

tilbake til toppen
Kultur: 1 2 3 4

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18