 |
TOALETTA PÅ STUDENTSENTRET. Studvest var
med Einar Midthus i AS Metoderenhold mens han rydda
opp etter narkomane. I løpet av dei femten
minutta dette tok, fekk Midthus melding om at nok
eit toalett på Studentsentret måtte
risikosanerast.
|
Narkoproblema ved Universitetet har blitt større.
Den siste månaden har AS Metoderenhold ved seks
tilfelle risikosanert på Studentsentret etter narkomane
som set brukardoser.
Det er spesielt på Studentsentret at dei narkomane
har blitt eit problem. I tillegg har vi hatt hendingar
ved Det psykologiske fakultet og på Realfagbygget
der vi har blitt nøydd til å rydde opp etter
narkomane, seier Einar Midthus, verneleiar i AS Metoderenhold,
byrået som har ansvaret for reinhaldet på
eit fleirtal av Universitetet sine bygg. Det er helst
toaletta dei narkomane oppsøkjer. Ofte finn reinhaldsbetjentane
sprøyter og brukarutstyr, og må stenge av
toalettbåsar for å forhindre bakteriesmitte.
Risikosaneringa har Midthus valt å gjere sjølv
for å ivareta sine tilsettest helse og tryggleik.
 |
SANERAR. Risikosaneringa har Midthus valt å
gjere sjølv for å ivareta sine tilsettes
helse og tryggleik.
|
- Blod på veggar og tak
På Realfagbygget og dei andre universitetsbygningane
i området har ein i lengre tid hatt problem med
narkomane.
Det er heilt forferdeleg. Vi finn stadig vekk sprøytespissar
og liknande. Vi har også hatt tilfelle der vi har
blitt nøydd til å vaske bort blod frå
veggar og tak, fortel Bjørg Monsen, reinhaldsleiar
påUniversitetet sine bygningar i Allègaten
55 og 66.Reinhaldsbetjentane har påpeika forholda
ovanfor leiinga i driftstenesten. Dei meiner fleire stengte
dører og strengare adgangskontroll kan vere ei
løysing for å betre situasjonen.
Universitetsleiinga vurderer å stenge langt
fleire dører, og innføre eit kortlesar-system
for at færre narkomane skal ta seg inn i Universitetet
sine lokale. Vi har også skjerpa vakthaldet noko,
seier universitetsdirektør Kåre Rommetveit.
Mindre ope Universitet
Rommetveit er kjent med at det er mange narkomane
som oppheld seg i universitetsområdet. Om Universitetet
skal skjerpe adgangskontrollen vil bli avgjort av Kollegiet
ved UiB i løpet av dei nærmaste månadane.
Problemet med å innføre eit system
der studentane får eigne adgangskort, er at bygningane
blir mindre tilgjengelege. Dessutan vil eit slikt system
bli svært kostbart, meiner Rommetveit.