Nyhende
Kultur
Tema




















Ansvarleg redaktør:
Ingrid Åbergsjord.
Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden
Kontakt oss:
studvest@uib.no
Telefon: 55 54 51 48 / 55 54 52 06 / 55 54 52 21
Telefaks: 55 32 84 05
Les også meir om avisen.
Studvest (c) 2002
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen.
Onsdag 6. november 2002, nr. 27 - 57. årgang

Tilsammans

– Her er sovesalen, her søv vi seks gutar i fem senger, seier lysluggen Markus. Eg må stikke, men berre slå dykk ned til dei andre kjem. Eg stolar på at de ikkje stel nokon av platene. Are er veldig glad i ein del av den gamle vinylen.

OPE HUS. Are alias Konfirmas Turgas (t.v.) saman med ei av dei mange venninene som stadig oppheld seg i kollektivet på Møhlenpris. Under: Eksempel på kreative veggdekorasjonar i kollektivet.

Vi nikkar og smiler og seier at det skal vi ikkje gjere. Og brått sit vi der, heilt åleine i ei framand leilegheit, med beskjed om å boltre oss fritt i kjøleskapet og platesamlinga. Vi er i eit kollektiv i ei ganske sliten blokk på Møhlenpris. Heile strøket utanfor osar framleis av tjuaguttar, arbeiderklasse og Gerhardsen. Vi set i gang med å føle oss som heime, og byrjar å sjå oss rundt i kåken. Veggane er dekt av ymse kreativ kunst av eige fabrikat. Fotografen kniser henrykt over alle installasjonane som heng rundt omkring på veggane. Særleg over plakaten nokon har hengt opp på soveromsdøra. Det er ei reklame for eit anna kollektiv. Dei har lista opp fleire grunnar til å ikkje bo her. «Lei av å bli vekket av leggvarmer», står det, utan at vi umiddelbart forstår kva det betyr. Men vi går ut i frå at det ikkje er den openbare betydninga. Den såkalla sovesalen er forresten slett ikkje nokon sal, men eit middels stort soverom. Her deler dei seks karane på fem senger. Dei har pressa inn ei dobbeltseng, ein madrass på golvet og ei nysnekra køyeseng. Det luktar friskt av høvla furuplank. Etter at vi har drive og blotra oss ei god stund, kjem ein av bebuarane inn døra. Han ser ikkje ut til å bli særleg overraska over å finne to framande menneske på kjøkenet sitt med kameralinsa djupt nede i ei av grytene på benken. Han likar at vi har sett på Coltrane på stereoanlegget, og lurer på om vi vil ha lettøl eller kaffi.
– Kaffi hadde vore fint.
Men kaffien er visst ikkje laga sånn heilt utan vidare. Alt tek litt lenger tid når ein ikkje har varmtvatn på kjøkenet. Og særleg når kaffitraktaren er ute av form fordi nokon har forsøkt å lage tyrkisk te på den. «Personer som lager mate på denne kaufetrakter, vil f.o.m. 30.9.2002 få sæd på tannkosten. Mvh Konfirmas Turgas», står det på ein lapp.
– Kven er Konfirmas Turgas?
– Det er Are. Og etter ei lita stund kjem Are og Halvor inn av døra. Det er dei som er dei to offisielle bebuarane av leilegheita. Dei heiter forresten ikkje Are og Halvor, men dei vil ikkje ha namna sine på trykk, sidan informasjonen om dei spesielle buforholda kanskje vil falle huseigaren tungt for brystet. Are vil gjerne bli kalla Konfirmas Turgas, og vi lovar å tenkje på det.

 
 

Anarki i trusehylla
På soverommet er den eine veggen dekt av hyller med klede. Are grip vilkårleg inn i bunken og halar ut ei skjorte som det står «Löplabbet» på.
– Heisann, bryt sambuaren ut, der fann du faktisk ei som ikkje er utruleg stygg!
– Er det verkeleg anarki når det gjeld klede også, lurer vi.
– Jada! Sjølv om det er litt vanskeleg med buksene, vi treng litt forskjellige lengder i beina. Men på underbukser og slikt er det full fridom. Vi noterer oss at det står Dolce&Gabbana på ein av merkelappane.
– De er visst nokre skikkelege flottenfeiarar i klesvegen.
- Hm ja, akkurat den der liknar vel mest av alt på ei julegåve. Maten i kjøleskapet er også felles, og brødet lagar dei på huset. Alle her virkar i det heile svært opptatt av mat og matlaging. Akkurat det finn vi litt merkeleg, sidan kjøkenet er mikroskopisk, og dertil manglar ein del nyttige fasilitetar, som til dømes vifte, benkeplass og varmt vatn. Kollektivet vart etablert i august i fjor av Halvor og Are. Dei hadde ikkje opprinneleg planar om at det skulle verte så mange, men det balla liksom på seg. Nummer tre flytta inn fordi han ikkje fann leilegheit saman med dama. Når dei var tre så kunne dei like godt vere fire. Og når dei først var fire, tenkte dei at «kva er eigentleg forskjellen på fire og seks». Dei siste bebuarane er sånne som har kome på nachspiel, og så syntest dei at det var så koseleg her at dei bestemte seg for å bli. I fjor hadde dei ein 62 år gammal oberst frå New Zealand buande på sofaen i fleire månader. Dei har og hatt tyske ryggsekkturistar på sovesalen. Då Are kom attende frå sommarferie i august, var ingen av sambuarane hans heime. Men på stova sat det fem personar og spelte Kokkelimonke.

 
ANARKI. Dei deler på alt, til og med underbuksene.

Guttekos
Halvor reklamerar meir enn gjerne for denne måten å bu på. Han fortel at mange frikar heilt ut når dei høyrer at han søv i same seng som andre gutar.
– Faktum er at det er sabla koseleg å bu slik. Eg synest berre det er fint at nokon har varma opp dyna for meg, seier Halvor og smiler raust. Han forklarer at hvis folk berre ville prøve det, ville dei nok likt det. Hvis folk var villege til å bu med dobbel tettleik ville dei verste bustadhaiane sannsynlegvis gått konken. Dessutan ville folk fått litt meir av den nærleiken som samfunnet skrik etter no til dags. Det heile byrja med at han og Are låg i same seng ei periode, fordi Halvor ikkje hadde nokon stad å bu. Den senga dei hadde då var omtrent 0,70 meter brei, og i byrjinga tykte dei det var litt rart.
– Ein ligg der og tenkjer på at ein ikkje må få morgenbrød og slikt. Men etter ei stund føles det heilt naturleg. Det blir som å ligge i same seng som broren sin, det er vel ingen som synest at det er ekkelt, meiner Halvor.
– Halvparten av dei som kjem hit synest det er veldig koseleg og halvparten frikar heilt ut. Mange damer forstår ikkje at vi orkar å ligge i felles senger. Men sjølve deler dei seng med ein svett og hårete mann, og det er liksom greit fordi fyren tilfeldigvis er typen deira.
– Men privatlivet må nødvendigvis verte av ei spesiell art?
– Nei. Dette er ikkje eit sånt sex-o-rama-kollektiv, som ein høyrer om. Eg har enno til gode å ligge i same rom som nokon som har sex. Viss nokon har dama på besøk, så søv dei andre på stova.
– Sympatisk gjeng
– Klart at vi må respektere slikt.

Stovebord frå Elektrolux
Etter kvart kjem det fleire og fleire folk inn døra. Nokon av dei bur her, nokon bur her ikkje, og nokon av dei er litt uklare på det punktet. Sidan dei ikkje har tv, vert det mykje tid til sosialt samvere på stova. Ei sofagruppe er dandert rundt eit gammalt kjøleskap som er velta over på sida.
– Strøkent bord, meiner vi.
– Ja, ikkje sant? Det virkar faktisk også. Når vi har fest reiser vi det opp, pluggar i kontakten og brukar det som øl-kjølar, forklarer dei. Ellers så prøvar dei å begrense mengda av bord og liknande horisontale flater. Det har ein tendens til å akkumulere seg ein heil masse ting oppå dei, og det igjen utviklar seg ofte til rot. Karane er proppfulle av gode historier om diverse vener, men mest om seg sjølv. Mellom anna om den gongen Are skulle prompe på eit lys. Men vi forstår raskt at den historia ikkje egnar seg for gjengiving i nokon form for trykt media. Det same gjeld historia om «Gutt i brød», og kva ein «Leggvarmar» eigentleg er. Men vi kan røpe såpass at det har noko å gjere med varme som brått oppstår under dyna når ein ligg anføttes. – Sist vi hadde grisefest var det 80 menneske her inne. Då var her så fullt at alle måtte stå, og ein brukte over ein halvtime på å bevege seg frå stova og inn på kjøkenet. Nokon av gjestane kom seg aldri inn døra, så dei måtte berre gå igjen. Det slår oss at vi har følt oss veldig heime her, heilt sidan vi kom inn døra. Men snart må vi gå. Vi avslår høfleg tilbodet om å ligge over. Men vi takkar ja til å kome på middag i morgon. Så ruslar vi ut i den kalde haustnatta. Vatnet på asfalten har frose til is. Men no veit vi at verda likevel er litt varmare enn vi trudde i går.

Tekst: Grunde Grimstad
Foto: Anne Brun
06.11.02

tilbake til toppen

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
2. oktober 2002
Antall artikler: 20

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14

Siste artikkel:
25. september 2002
Antall artikler: 18