Krigskåte Kristin
I beste sovjetstil stilte Kristin Krohn Devold i militæruniform
til fotografering for SAS-magasinet Scanorama. Bak overskrifta
«War Minister», var det ein tydeleg stolt minister på framsida.
Krig er fred, proklamerer Orwell i sin 1984. Forsvar er òg
fred, og ein forsvarsminister burde etter den tanken vere
den mest fredelege av dei alle. Tragisk nok er det lenge sidan
ein forsvarsminister har vore så lysten på krig som Kristin
Krohn Devold. Utelukkande pasifistar skulle vore forsvarsministrar.
Grunnlova seier at statsminister og kyrkjeminister må vere
medlem av Statskyrkja. Grunnlova burde seie at forsvarsminister,
eller, lat oss vere like ærlege som SAS, krigsministeren,
må vere overtydd pasifist.
Kva vil det føre til?
Krigsministeren vil ikkje kunne gje styrkane sine ordre
om å gå til åtak. Til samanlikning har noverande forsvarsminister
med fynd sendt norske styrkar til Afghanistan, der dei i følgje
Forsvarsdepartementet har gjennomført nær 500 tokt. Tre gongar
har dei droppa bombar. Sist gong vart det kommentert slik
av den amerikanske oberst Robert King til Klassekampen: «Vi
antar at de var Taliban-tilhengere». Heller ikkje vil ein
pasifistisk minister kunne støtte krigen mot Irak indirekte,
slik Krohn Devold gjer. Statsministeren slo dagen etter krigsstart
fast for Stortinget at Noreg ikkje kunne støtte krigen. Men
USA og Storbritannia får all den etterretningsinformasjon
dei vil ha frå Noreg, og Krohn Devold er tydelegvis ikkje
på same bølgjelengde som Bondevik: «Vi er ikke nøytrale. Vi
støtter ikke krigen [...] Men vi er medlemmer i samme allianse,
og kommer til å samarbeide på samme måte som før krigen startet»
(Nationen 2. april).
Det kan nemnast at Krohn Devold, ifølgje NRKs Jahn Otto Johansen,
omtalar forsvarsminister Donald Rumsfeld som «glitrende intelligent
og interessant». Johansen skriv: «At hun legger til at Rumsfeld
har en intelligent og sjarmerende kone, som om det skulle
være uvanlig for en toppolitiker, er vel helst en sak for
likestillingsombudet». Ein pasifist vernar ikkje landet med
våpen og granatar. Men er det eit sakn? Verda er militarisert
og blodig, og meir aggresjon er, du store allverda, ikkje
kva vi treng. Ikkje eit einaste land truar Noreg militært.
Den største fara Noreg står ovanfor, er å bli sett på som
sympatisør av amerikanske invasjonsstyrkar. Difor er ein fredsminister
naudsynt. Ein ekte fredsminister. Ikkje den Orwellske ministeren
vi har i dag.
Øyvind Lefdal Eidsvik
Er tilknytta Studvest sin nyhenderedaksjon
09.04.03
|