Av historia lærer vi ingenting

GRUNDE GRIMSTAD
Ansvarleg redaktør
I einskilte situasjonar opplever vi at enkelte personar vil
fråvike gjeldande etiske prinsipp og demokratiske prosessar,
fordi akkurat deira sak er så viktig at ho må gjennomførast
for ein kvar pris. Vanlegvis plar desse å verte teidd ihel
eller stempla som historielause ignorantar og skyfla under
teppet. Historia gong på gong har levert sin dom over slike
lettvinte løysingar, enten det no er Carl Ivar eller drosjesjåføren
som meiner ein bør asfaltere heile Midtausten i staden for
å drive med dette fånyttes diplomatiet. Kva så når denne ignoranten
er den mektigaste nasjonen i verda? Det er fint lite vi kan
gjere medan storebror valsar fram, med sine dårleg skjulte
føremål om hemn for 11. september. Orsakingane er så tynne
at han knapt trur på det sjølv, og kvalmande lite tildekte
for dei fleste aust for Jersey.
Alle småsyskjen veit at det er ingenting som følest så vonlaust
som å måtte stå stille og sjå på at storebror bryt alle avtalar
og turar fram som han vil. Alt ein veslebror kan gjere er
å håpe på at fyren på eit eller anna tidspunkt får skikkeleg
bank. Det kjem nok til å skje også, ver du sikker. Hensynslaus
maktbruk har aldri gitt langvarige resultat. Førre golfkrig
syntest kanskje som ein siger, til gjengjeld la han ein stor
del av grunnlaget for al-Qauida. Dette var ein ny aktør som
ingen kunne forutsjå, og ti år etter sine missgjerningar fekk
USA bank så det holdt. Dei kjem til å få bank denne gongen
også. Det er berre eit tidsspørsmål.
Når ein ser på det som skjer i USA i dag er det heilt naturleg
å lure på om vi i det heile har evne til å lære noko som helst
av historia. Lærer vi ingenting av all litteraturen vi driv
og trykkjer i oss og skryt av etterpå? Kva gagnar det å lese
Solsjenitsyn dersom du berre skal bruke det til å sjekke damer
på fest?
Professor Slavoj Zazek ved Universitetet i Ljubljana skriv
svært treffande om dette i ein artikkel i Dag og Tid førre
veke. Propagandakøyret i dagens USA, minner til forveksling
om scenariet som utspelar seg i George Orwell sin framtidsvisjon
1984. Der folket vert kalla saman til Hat-samlingar, der ein
viser bilete av folk som ein hevdar er forædarar, og oppmodar
forsamlinga om å skrike og bue mot dei.
5. mars viste NBC bilete av Khalid Shakh Mohammed som nyleg
vart teken til fange. Han er rekna som den tredje øvste leiaren
i al- Qauida. Den høgreorienterte programleiaren Pat Buchanan
spurde sjåarane: «Bør denne mannen, som kjenner alle namn
og detaljar i planar om framtidige åtak på USA, verte torturert,
så vi kan få desse opplysingane ut av han?». Den ynkelege,
skjeggete mannen på skjermen hadde frå før vage blåmerke på
halsen som kunne tyde på at han allereie hadde vorte utsett
for nettopp dette. Ikkje overraskande sa røysta frå sjåarane,
og dei andre programleiarane, eit klart «ja» på spørsmålet.
Dagen etter, på Fox TV, uttalar ein programleiar at det er
lov til å gjere kva som helst med denne fangen, ikkje berre
hindre han i å sove, men også brekke fingrane hans «av di
han er eit stykke menneskeleg søppel, utan nokre rettar i
det heile».
Har vi høyrt dette før? Ja, det har vi, eit tusentals gongar.
Men denne gongen er det enno meir utildekt. Spør du desse
menneska, er dei nok fulle av gode hensikter og humanistiske
verdiar. Dei er nok heilt sikkert imot tortur også. Men berre
denne eine gongen, så skal vi ikkje torturere nokon meir.
Berre no, no som det er så viktig - berre ein gong til. For
Amerika.
09.04.03
|