Hovudtrekka i reforma er eit år kortare studieløp, nye
heilheitlege studieprogram og auka tilbakemelding gjennom
mappe-evaluering og hyppigare eksamenar. Dette er omfattande
og ressurskrevjande endringar, men pengane uteblir frå statleg
hald.
– Dette er ei uforsvarleg haldning frå styresmaktene si
side. Det er ikkje tilfredsstillande å driva fram ei reform
som er så underfinansiert, sa universitetsdirektør Kåre
Rommetveit på universitetsstyremøtet 3. april. Ei rekkje
instituttstyrarar ved UiB deler Rommetveit sitt syn. Richard
Johan Natvig ved Seksjon for religionsvitskap oppsummerer
det som synest å vera den felles haldninga ved Universitetet:
– Det er uro, frustrasjon og usikkerheit i miljøet kring
kva som vil skje framover. Om me ikkje får nok pengar risikerer
me ei kvalitetforringing, uttalar han.
Ressursmangel
Edvard Hviding, styrar ved Institutt for sosialantropologi
er ein av dei som merkar presset.
– Me får ikkje dei midlane me har bede om. Me må difor leggja
tak på kor mykje av reforma som kan gjennomførast. Om alle
studentar skal få individuell oppfølgjing må talet på tilsette
aukast kraftig, og dette har me ikkje ressursar til. Reforma
legg opp til at ein i større grad nyttar hovudfagsstudentar
til undervisning og oppfølgjing, men det seier seg sjølv
at å nytta hovedfagsstudentar i staden for professorar ikkje
kan føra til betre kvalitet, seier han.
– Forsking i fare
Hviding er òg bekymra for at reforma vil gå ut over forskinga
på Universitetet. Fleire innleveringar og eksamenar krev
meir tid til oppgåveretting. Auka møteverksemd et opp tida.
Han minner om at dei ikkje berre har forskingsrett, men
også forskingsplikt, fordi dei må levera ei forskingsbasert
undervisning. No er dei langt frå å kunne bruke så mykje
tid på dette som dei skal.
– Alt ved Kvalitetsreforma trugar forskinga vår, uttalar
han. Knut Helland ved Institutt for medievitskap gjev døme
på det auka arbeidsomfanget:
– På oppmoding frå fakultetet har me teke opp 150 studentar,
mot 60 tidlegare. Til dette har instituttet blitt tilført
ei ny midlertidig lektorstilling. Det seier seg sjølv at
dette legg eit stort press på dei tilsette, seier Helland.
Tap for samfunnet
Stein Kuhnle ved Institutt for samanliknande politikk fryktar
at ein ser seg nøydd til å setje ned standarden på forskingsarbeidet.
– Det kan bli ei utfordring for forskarar å få bruke nok
tid til å fordjupe seg i bakgrunnsstoff og kjeldemateriale.
Resultatet av tidspresset kan vera at ein finn lettare forskingsoppgåver,
seier Kuhnle. Han meiner at dei som står bak utforminga
av reforma har undervurdert kva det faktisk betyr å følgja
studentane betre opp. Kuhnle fryktar òg at det auka presset
på studentane vil føra til mindre deltaking i politiske
organisasjonar og frivilleg arbeid.
– Det er ikkje sikkert at reforma er det optimale for samfunnet
dersom det går ut over frivilleg arbeid, uttalar han.
Kortare studium
Studieløpet blir no kutta frå ein fireårig cand.mag til
ein treårig bachelor. Fleire av instituttleiarane problematiserar
dette:
– Det er mogleg at dei vil læra grundigare det dei faktisk
lærer, men når ein kuttar eitt år av utdanninga så betyr
det at studentane vil lesa mindre enn før. Det er 2.000
sider mindre i pensum. Sånn sett er det litt dristig å seia
at dei lærer like mykje som før, seier Stein Kuhnle. Edvard
Hviding er einig i dette:
– Læringsfeltet vil uansett bli smalare. Instituttleiarane
som Studvest har vore i kontakt med understrekar at reforma
kan opna for betre kvalitet på undervisninga. Betre pedagogisk
opplegg og tettare oppfølgjing av studentane kan gje ein
meir intensiv og grundig læreprosess. Men både studentane
og forskarane vil lida om universiteta ikkje blir tilført
meir pengar.