Inga Berre er 24 år og godt i gang med
doktorgrad i anvendt matematikk. Det er noko med flater
som er to-dimensjonale, men som ved hjelp av ein formel
vert tre-dimensjonale. Men først må ho finne ut om det
i det heile tatt går an.
Høgt heng dei
Eg synes eg har førebudd meg godt.
– Eg tenkte vi kunne spele sjakk, seier eg medan
eg dreg opp eit sjakkbrett frå veska, og synes eg har
vore frykteleg lur.
– Eg kan eigentleg ikkje å spele sjakk.
– Eg trudde alle som gjekk på realfag kunne det.
– Eg har vel lært korleis ein flyttar brikkene og sånn,
men eg har aldri spelt noko særleg. Skuffa må eg stikke
brettet ned att i veska. Eigentleg skulle Inga på klatresamling
i Bergen denne helga, men sidan det er dårleg vêr vart
det avlyst, så ho har tid til eit intervju. På fritida
er ho nemleg leiar i Bergen klatreklubb.
– Kor mange desimalar av pi kan du?
– Emm... To, seier ho og smiler.
– Slik kunnskap er eigentleg ikkje slikt matematikarar
går rundt med. Det er meir ei fysikk-greie. Hvis ho skal
holde på slik blir det ikkje mykje att av fordomane mine.
Matematikken sitt indre språk
At ho allereie er i gang med doktorgraden synes ho for
så vidt er på tide. – Eg fann ut at dersom eg skulle drive
det til noko kan eg ikkje vente for lenge, seier ho, som
om slike ung-saudar på doktorgraddstudiet skulle vere
den mest naturlege ting i verda.
– Hvis du skulle velge eit anna studium, er det noko
du definitivt ikkje kunne blitt?
– Det var vanskeleg... Økonomi synes eg nok virkar ganske
kjedeleg.
– Og det seier du som studerer matte? (Journalisten
er NHH-student)
– He, he. Jo..., seier ho og prøvar å vri seg unna.
– Det er sikkert kanskje interessant, det også. Eigentleg
hadde ho ikkje tenkt å studere matematikk i det heile.
Det var fysikk ho ville studere då ho kom til universitetet,
men det vart litt for mykje praktisk. Og så fatta ho interesse
for matematikk då ho såg at det fantest så mykje meir
der enn 3MX. Ho synes det er vanskeleg å forklare inspirasjonen
sin til andre folk.
– Matematikk er som eit heilt eige språk som ein ikkje
kan forestille seg dersom ein ikkje har vore inne i det,
forklarer ho.
– Det er nett som at eg og du kanskje kan nokre fraser
på fransk, men vi forstår ingenting når vi høyrer ein
samtale mellom franskmenn. Det ein kan når ein kjem frå
vidaregåande er verkeleg svært lite... Prest! Der er eit
yrke som eg nok heilt sikkert ikkje kunne blitt.
– Så, prest kunne du ikkje blitt?
– Mm... Og så tysk likar eg dårleg. Eg har lese ei heil
tysk bok ein gong, hugsar ikkje kva den heiter. Då eg
var ferdig forstod eg sånn cirka kva det handla om, men
eg kunne i alle fall seie at eg hadde lest ei tysk bok.
Usikker på framtida
- Har du ei hjerne som er bygd for matematikk?
– Nei, eg trur ikkje det kjem spesielt mykje lettare til
meg enn andre, seier ho, og fortel at ho jobba svært mykje
på dei lågare gradene.
– Ein kan seie at eg har blitt fort ferdig med hovudfaget,
men eg har jo ingen garanti for at framtida ligg open
for meg.
– Men du er klar over at du ligg forholdsvis godt an
i forhold til ein del andre?
– Jo, men no er det så mykje som er opp til meg sjølv
å ta ansvar for. På dette nivået har ein ikkje lenger
noko fasitsvar på det ein driv med. Eg meiner, det er
ikkje ein gong sikkert at denne likninga har noko svar.
Einaste høne i korga
Inga er einaste jente innan sitt fagområde. På instituttet
jobbar ho saman med ein skokk menn, til dels gamle menn.
Men ho understrekar at det er ein veldig trivelig gjeng.
Ho har vore på store fagkonferanser der ho har vore heilt
åleine som kvinne. Når vi kjem inn på temaet «jenter og
realfag», vert Inga engasjert. Ho er aktiv i foreininga
Minerva, som jobbar for å oppmuntre jenter til å velge
realfag. Etter kvart har ho innsett at det er eit veldig
stort problem for realfaga at det er så få kvinner der.
I politikken var det for ikkje mange år sidan uvanleg
med kvinner. Men etter at ein tok i bruk radikale kvoteringsordingar
i ei overgangsperiode, synes folk i dag at det er heilt
naturleg med ein kvinnleg statsminister til dømes.
– Før tykte eg at det var veldig urettferdig å kvotere
inn jenter på studiet. Ein kan liksom lese mellom linjene
at «jenter treng å hjelpast fram». Men her har eg faktisk
endra standpunkt, seier ho og bøyer seg over bordet.
– Det er jentene som har dei beste karakterane i nesten
alle fag, inkludert naturfag og matte. Likevel vel dei
bort dette når dei skal begynne å studere.
– Men kjønnskvotering er ikkje nok. Realfag har også eit
imageproblem som ein må kome til livs, meiner ho.
– På vidaregåande er det nesten feminint å seie at ein
er dårleg i matte. Medan ingen går rundt og skryter av
at dei der er dårlege i engelsk eller ikkje kan å skrive.
Det seier seg sjølv: Ein vil då ikkje bli sett på som
dum... Ho meiner også noko av problemet er at Norge manglar
kvinnelege rollemodellar for realfag. Her er også Minerva
inne med kvinnelege mentorar som arbeider i norske teknologibedrifter
som Statoil, Nansensenteret, Storm, Hydro og mange fleir.
Dei skal vere med å vise unge jenter at realfag er morosamt
og interessant, og avkrefte stereotypane som herskar i
dag om trøtte formlar.
– Ellers har Norge verdensrekorden i å vere dårleg i matte,
det er ikkje noko å vere stolte av. I forhold til andre
land er den Norske satsinga på forsking ei katastrofe.
Norsk eksport som vert rekna som høgteknologisk er 15
prosent. Tilsvarande tal for Sverige er 51 prosent, noko
som plasserer oss i gruppe med land vi helst ikkje vil
samanlikne oss med.
Heng høgt
- Kvifor driv du med klatring? Må du ha spenning og
risiko?
– Nei, eg er ganske bedageleg av meg. Det eg driv med
er mest sportsklatring, og kan knapt kallast risikosport.
Eg har ingen behov for å henge etter fingrane, utan tau
i ein fjellvegg, 200 meter over bakken. Ho meiner at ho
slett ikkje er noko utprega konkurransemenneske heller.
– Tåler du å tape?
– Ja, det klarer eg veldig godt. Det trur eg faktisk er
ein veldig god eigenskap å ha.
– Så du var ikkje sånn guttejente som banka opp gutane
på barneskulen?
– Eg hadde ei venninne som tok seg av akkurat den banke-delen,
smiler ho, men forklarer at ho var fæl til å herse med
tvillingbroren.
– Forøvrig meiner eg at begrepet guttejente er veldig
gamaldags. Det er typisk at kvinner som bevegar seg inn
på mannsdominerte område vert plassert i ein «hybrid-kategori»,
som om dei ikkje var like mykje jenter som andre. For
meg er både matematikk og klatring ein jenteaktivitet.
Ingen spør ein mannleg sjukepleiar eller barneskulelærar
om han kanskje var litt «jente-gutt» som liten.
– Ok, eg trekkjer spørsmålet. Kor mange pull-ups klarer
du?
– Det vil eg ikkje seie. Eg kan ikkje sitte på intervju
og fortelle det.
– Kom igjen... Er det mange?
– Ja. Men du kan ikkje skrive det.
– Eg greier 15. Då eg var i forsvaret i alle fall.
– Det er veldig bra...
– Er det? I klatremiljø også?
– Det er meir enn eg klarer i alle fall.
Hestejente
- Kan du nemne noko du har gjort som du er spesielt
stolt av?
– Eg trur faktisk det måtte vere då eg vart krestmester
i sprangridning for ponniar då eg gjekk på barneskulen.
I den alderen blir sånne ting veldig stort. Ho fortel
at ho har lese ei bok av ein psykolog som meinte det er
veldig bra for jenter å vere interessert i hest. Då lærer
ein seg å bli tøff og sjefe litt over eit stort dyr. Ho
er i det heile tatt fæl til å knyte det vi snakkar om
opp til bøker ho har lese.
– Trur du at du kunne gjort deg som litteraturvitar.
– Ja! Det er faktisk eit studie eg trur kunne passa meg
veldig godt.