Nyhende
Kultur





















Ansvarleg redaktør:
Grunde Grimstad

Vevs-ansvarleg:
Lars Storaas Tylden

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 51 48
55 54 52 06
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2003
Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 27. august 2003, nr. 17 - 58. årgang

Mest truleg kjem studentar frå SV, Høgre,
AP og Venstre inn i bystyret:

Rådhusets nye rivalar

Dei er einige i at bustader er det viktigaste i studentpolitikken. Studentkandidatane til Bergen bystyre er berre ikkje samde om metoden for å få dei.

BERGEN I RYGGEN. Desse tre studentane vil vere med på å bestemme i ditt Bergen til hausten. F.v. Julie S. Andersland (Venstre), Tina Åsgård (SV) og Pål H. Thorsen (AP) står på kummulerte plassar til bystyret.
Tekst: Øyvind Lefdal Eidsvik og Linn Bratsberg
Foto: Mathias Danbolt

– Vi kan ikkje lenger utsetje å bygge bustadar, og vi må bygge stort for å få nok hyblar, seier AP-politikar Pål H. Thorsen. Gjennom heilsides annonser i Studvest har AUF lova bustadar for 500 studentar på Nygårdstangen. Eit 18-etasjers tårn – noko som blir det høgste i Bergen – skal løyse ein del av bustadmangelen i bykjernen. Men i programmet til moderparti AP er ikkje tårnet nemnt med eit ord, til tross for at det er AP som skal utføre lovnaden for AUF. Uproblematisk, seier Thorsen:
– Tårnet vart foreslått etter at AP-programmet vart vedtatt. Dei andre partia følgjer opp lovnadane. Julie S. Andersland, 2.kandidat frå Venstre er relativt trygg på ein plass i bystyret. Saman med Høgre vil ho bygge bustadar ved Store Lungegårdsvatnet. Aller helst ser ho at fleire tomter vert utbetra.
- Det er mange rivningsklare hus i Bergen. Venstre ynskjer at studentsamskipnaden skal få feste slike tomter for ei krone, og bygge billige bustadar.

Bygging høgt oppe
Undersøkinga Studvest har gjort om partias toppsaker, viser at bustadbygging så desidert er hovudsak ovanfor studentar. Heilt til topps når ikkje bygginga; ingen av partia svarer at det er sjølve hovudsaka.
- Nei, men bustadpolitikken vår er noko av det viktigaste. Få bustadar er sjølvsagt eit utslag av marknadspolitikken som har blitt ført. SV ynskjer å regulere den private utleigemarknaden, seier Tina Åsgård. Ho er 3. kandidat, og ein av truleg tre studentar som vil representere SV i bystyret. SV vil bygge 500 bustadar for studentar og andre grupper.

Leik med tal?
- Høgre seier 800 nye bustadar, AP 600 og SV 500. Samstundes med at Bergen kommune har eit voldsomt underskot, framstår ikkje dette meir som leik med tal enn konkrete planar?
- Eg trur at med framleis AP-styre vil vi sjå sosial bustadbygging. Men det forutset at AP møter press frå dei andre partia, seier Thorsen. KrF ynskjer, til liks med Venstre, ein kommune gavmild med tomter.
- Billige studenthyblar er viktig. Bergen kommune bør stille med gratis tomter, seier Hermund Haaland i KrF. Utan at han har konkrete forslag til kva tomter det skal vere.

Studentar i bystyret
Sju studentar kjem truleg til å sitje i bystyret i neste periode. I følgje tal Studvest har bearbeida frå Opinion og Bergens Tidende, får SV tre plassar, Høgre to, og Venstre og AP ein kvar. I bystyret sit det til saman 67 representantar. Dei andre partia har og studentar høgt oppe som kan konkurrere om plassane. Av Bergens over 25.000 studentar, kan berre 8.700 av dei stemme her.
- Kan sju studentar bli ein maktfaktor i bystyret?
- Det er viktig at vi kan samle oss som ein korreks mot morpartiet. Det kan bli avgjerande i det vi får oppleve i bystyret til hausten, særleg om høgrepartiene får styre, meiner Thorsen. Medan Åsgård trur mindre på ei studentfylking på rådhuset.
- Kanskje, men vi har veldig ulike interesser i dei ulike partia. Ein studentrepresentant frå Høgre var og invitert til dette intervjuet, men unnlot å kome.

27.08.03

tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14