
FYLLA HAR SKYLDA. Årets fyrste utepils
vert nytt eit steinkast frå auditoriet. Sosiologistudentane
Nina Krogstad (f.v.), Andreas Røssevold, Carina Nilsen
og Andreas Grimsæth går på Bergens fuktigaste
fag.
Landets verste drankarar
UiB-studentar frekventerer byen flittigast
i landet. Og sosiologistudentane er dei verste.
Tekst: ØYVIND LEFDAL EIDSVIK / oyvind@studvest.no
Foto: ANNIKEN C. MOHR / anniken@studvest.no
For når tala frå stud.mag, den store studentundersøkinga
gjort av regionavisene, skal oppsummerast, er rankinga klar:
Åtte fag ved Universitetet i Bergen (UiB) er blant dei
tretti mestdrikkande faga i landet.
Ved ingen andre lærestadar oppbyr studentane same innsatsvilje
til å gå på bar, disko, restaurant og kafé,
som er kriteria TNS Gallup har nytta for å lage statistikken.
Dei mest sosiale er, nær sagt sjølvsagt, fyrsteårsstudentane
på sosiologi. Dei må likevel sjå seg slått
av både journalistspirar i Oslo, komande arkitektar
og nasjonens framtidige håp, eksportmarknadsførarane
frå BI, i den nasjonale rankinga.
KULTURELL FORSTÅING
Filosofistudentane er Bergens nest mest utgåande, sjølv
om undersøkinga ikkje nemner eit ord om det er snakk
om sorgdrukning eller ein naturleg konsekvens av tunge diskusjonar.
Andre fag ved SV- og HF-fakulteta dominerer Bergens ti-på-topp.
Studentane ved interkulturell forståelse ved Norsk
lærarakademi (NLA) er òg langt framme, medan
vernepleiarlinja ved Høgskulen i Bergen sikrar HiB
ein fin 11. plass i Bergen.
Og berre for å gjere klisjeen komplett: Jammen er ikkje
filosofi- og sosiologistudentane dei som går mest på
teater, kino og kunstutstillingar i Bergen òg.
ÅRETS FYRSTE UTEPILS
– Fy fader, dette var godt, seier Andreas Grimsæth.
Dei tre andre rundt bordet nikkar nøgd. Dette er årets
fyrste utepils for sosiologistudentane.
– Vi er nok ganske mykje ute, men det er det fleire
fag som er. Eg er nok ute kvar dag, på kafé,
pub eller andre plassar, seier Nina Krogstad.
– No kjem eg til å sitte på lesesalen og
tenkje på øl resten av dagen, trur Nina. Ho er
likevel beroliga av at all frekventering av byens utestadar
trygt kan kallast feltstudier.
FØRTITRE TIMAR I VEKA
Ikkje alle samanhengar er like overraskande. For filosofistudentar
travelt opptatt med museumsbesøk og pilsing, må
studietida vike. Faktisk er dei nest sløvast av faga
som er undersøkt i Bergen.
Mest tid på studiar bruker studentane ved økonomi
og administrasjonsfag på HiB, med heile 43 timar i veka.
Noko som tilsvarar ei riktig god arbeidsveke. Jusstudentane
kjem ikkje langt etter. Medan interkulturell forståelse
ved NLA er det slappaste faget i Bergen, med kring 20-timers
studieveke. Likevel gjer dei det skarpt i høve til
landets sløvaste: Ex.phil-studentane ved Høgskolen
i Lillehammer jobbar 13 timar kvar veke.
NØGDE PÅ DIAKONISSEN
Radiografane ved Høgskulen er, som Studvest meldte
i førre veke, Bergens mest misnøgde med studiet
sitt. Mest nøgde er derimot sjukepleiarstudentane ved
Diakonissehjemmet på Haraldsplass. Dei anbefalar skulen
sin varmast av alle i landet.
For UiB er ikkje stud.mag-undersøkinga særleg
positiv lesing. Studia ved Universitetet utmerkar seg ikkje
verken på fagleg kvalitet, på administrasjonens
service eller pedagogisk kvalitet.
– Undersøkinga er ikkje rosenraud lesing for
vår del. Vi må ta det til etterretning, seier
Mette Myrmel Torrissen, utdanningsdirektør ved UiB.
BEST I BERGEN
|
| |
n
Nasjonal plassering i parantes
n
Mest tid på studiane: Øk.adm,
HiB (3)
n
Fagleg kvalitet: Førskulelærar,
HiB (14)
n
Pedagogisk kvalitet: Førskulelærar,
HiB (5)
n
Mest «kulturelle»:
Filosofi, UiB (5)
n
Mest på byen: Sosiologi,
UiB (5)
n
Vil anbefale lærestaden:
Sjukepleie, Diakonissen (1)
|
|
SLAPP START
På landsbasis er studentane ved Høgskolen på
Lillehammer dei mest nøgde i landet. Av universiteta
er det i Tromsø best likt. Høgskolen i Bergen
er i følgje undersøkinga den nest verste skulen
i landet. Fyrstesemesterstudentane bruker i følgje
Aftenposten mindre tid på studiane no enn for fire år
sidan. Dei fleste fag har gått ned, slik som odontologi,
som på landsbasis no jobbar to timar mindre i veka enn
i 2000.
– Dette er overraskande, og slett ikkje i tråd
med intensjonane til Kvalitetsreformen, seier Per Kristen
Mydske, styrar ved Institutt for statsvitskap ved Universitetet
i Oslo, til Aftenposten.
Derimot er ikkje deltidsjobbinga endra, slik mange trudde
før reformen. Studentane jobbar like mykje som før.
|