Tekst: EIRIK MELING
eirik@studvest.no
|
 |
VIL HA SVAR. Utanlandske
studentar i møte med UiB. Dei tre fremste
frå venstre: Mahmoud Ladadweh, Chen Song og
Xuguang Nie.
|
International Students’ Union (ISU) er
kritiske til at Universitetet i Bergen aldri informerte
om utleveringa av utanlandsstudentar til overvakingspolitiet.
Universitetet gjekk bak ryggen på oss når
dei gav namna våre til overvakningspolitiet, seier
nasjonal koordinator for ISU, Ruth Bett.
UiB inviterte tysdag ein del av dei utanlandske studentane
ved UiB til praktisk orientering. Bett reiste på
vegne av ISU spørsmålet om både utleveringa
og det at studentane aldri fekk vite at namn og personalia
vart registrert hos eininga for masseøydeleggingsvåpen
i Politiets tryggingsteneste.
Frå før er den same informasjonen, om ikkje
meir, registrert hos Framandpolitiet.
– MANGLAR INITATIV
|
 |
SKUFFET. Ruth Bett,
nasjonal koordinator i ISU.
|
– Eg er skuffa over at UiB ikkje tar initiativ
til å forklare situasjonen til oss, seier Bett.
Ho fekk fyrst vite om utleveringa frå Studvest i
januar. Då var det fleire månadar sidan tryggingstenesta
fekk brevet med alle namna.
– Vi tar kritikken alvorleg, seier utdanningsdirektør
ved UiB, Mette Myrmel Torrissen. Universitetet har endå
ikkje tatt stilling til kva dei vil gjere neste gong tryggingspolitiet
spør.
– Frå no av er det også lagt ut ei
åtvaring på studentregistreringa (Student-Web)
om at namn kan bli utleverte til PST om dei finn lovheimel
til det. Det gjeld også norske studentar, seier
Torrissen.
– Det ser ut som om UiB ikkje har ein overordna
tanke om kor mykje dei kan samarbeide med tryggingspolitiet,
meiner Bett.