Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2004

Lenkar: Studentradioen
Student TV
k7 Bulletin
Studentportalen
Under Dusken
Universitas

Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 25. februar 2004, nr. 6 - 59. årgang

SiB ut på anbod

 
MCSIB? – Hadde vore digg, seier Nikolai Høgset, Thomas Høgda, Anders Ellingsen og Andreas Nilsen om tanken på ei McDonald’s-kantine på folkehøgskulen deira i Sunnhordland. Men både det og ein eventuell McSiB ligg nok langt framme i tid.

McDonald’s-kantiner på Nygårdshøyden er førebels berre eit uverkeleg framtidsscenario. Men jaget etter effektivitet får no Studentsamskipnaden i Bergen (SiB) til å leggja ein del av verksemda si ut på anbod.

Tekst: FREDRIK H. BJØRGO / fredrik@studvest.no

– Eg trur konkurranseutsetting vil visa at det vert produsert fleire tenester for den same prisen, seier styreleiar i SiB Eivind Kildal.

I løpet av året skal både parkeringsforvaltinga og drifta av nokre studentbustadar ut på anbod. Om dessa prosjekta vert vellykka og SiB klarer å spara pengar, fylgjer sannsynlegvis fleire tenester etter.

DÅRLEGE ERFARINGAR
Erfaringar frå andre samskipnadar kan tyda på at konkurranseutsetting ikkje gjev det billigaste alternativet.

– Me sette ut IT-tenestene våre til private, men det vart både dyrare og dårlegare. Me vurderte å gjera det same med både løningskontoret og fleire delar av bustaddrifta, men fann ut at me ikkje ville spara noko på det, fortel viseadministrerande direktør i Studentsamskipnaden i Oslo (SiO) Trond Bakke. Likevel er SiO no i ferd med å legga reinhaldet i bustaddivisjonen ut på anbod.

I Trondheim har utrekningar vist det same resultatet som i Oslo.

– Innkjøpte tenester ville verta dyrare enn våre eigne, blant anna på grunn av at me då ikkje ville fått frådrag for inngåande meirverdiavgift, fortel viseadministrerande direktør Else Naustdal i Studentsamskipnaden i Trondheim.

For samskipnadene sitt lovfesta momsfritak gjeld ikkje når tenestene vert kjøpt inn utanfrå eller sett ut på anbod.

SiB-styreleiar Kildal meiner at den manglande suksessen i andre samskipnadar skyldast at dei har kjøpt inn avgrensa spesialtenester. SiB set i staden heile drifta av einskilde bustadanlegg ut på anbod.

UROA FOR TILSETTE
Studentrepresentant i SiB-styret, Jette Christensen, er prinsipielt negativ til konkurranseutsetting.

– Sjølv om me må gjera alt så billig som mogleg for å unngå husleigeauking, så tykkjer eg at omsynet til dei tilsette òg er viktig. Konkurranseutsetting gjer situasjonen deira alt for usikker, meiner ho.

Leiar av velferdsstyret, Guro Haraldsen Fosse, meiner at SiB sine kjernetenester som bustad, barnehage og helse under ingen omstende må få gå ut på anbod.

UMOGLEG KAFE
– Kvifor legg de ikkje kantina på Studentsenteret ut på anbod, når SiB faktisk driv henne med underskot?

– Visse kafear og kantiner er det umogleg å tena pengar om ein skal oppretthalda dagens standard. Viss nokon skal driva kantina på Studentsenteret med overskot, så må anten tilbodet verta dårlegare eller tilhøva for dei tilsette verta så dårlege at det vil strida mot SiB sin etikk, meiner styreleiar Kildal.

Eigentleg er det ingenting som hindrar SiB og Universitetet i å gje McDonald's eller ei anna burgersjappe plass i Studentsenteret, om dei skulle vise seg å ha det billigaste anbodet i ein eventuell anbodskonkurranse.

Men det er ingenting som tydar på at fleirtalet av dagens studentpolitikarar vil gå så langt i jaget etter effektivitet.

STRATEGI
– SiB sitt mål er ikkje å få størst mogleg overskot, men å gje eit godt tilbod til studentane. Men me skal vera konkurransedyktige. Om 7-Eleven er billigare enn SiB, så har me gjort noko gale, meiner Kildal.

SiB har utarbeida ein strategiplan der ein tek høgd for at støttetenester som lønsutbetaling og sentralbord kan verta konkurranseutsette om styret ynskjer det. Men kjernetenestene meiner dei ikkje bør konkurranseutsettast.

– SiB og SiB-styret skal ikkje berre vera eit innkjøpsorgan, seier styreleiar.


Bustaddrifta først ut

Drifta av ein eller fleire av SiB sine studentbustadar blir sannsynlegvis sett ut på anbod før jul. I tillegg innfører SiB parkeringsavgifter.

– Styret ville sjå om private kan driva studentbustadar meir effektivt enn SiB. Ved at SiB sin bustaddivisjon òg legg inn anbod vil me få testa ut kor effektive SiB er, fortel styreleiar Eivind Kildal i SiB.

Det er forvaltinga, reinhaldet og vedlikehaldet av ein eller fleire studentbustadar som skal ut på anbod. Bustadanlegga på Løvstakksida, altså Løbergsvegen, Damsgårdsvegen, Gyldenpris og Frydenbø er mest aktuelle.

Kva for nokre bustadar som skal ut på anbod og andre detaljer vert avgjort i løpet av hausten, slik at anbodskonkurransen kan byrja før jul. Det vil dreia seg om treårskontraktar.

VIL HA TAL
Knut Wilhelmsen er ein av dei tilsette sine representantar i SiB-styret. Han er ikkje så oppglødd over styret sine anbodsplanar.

– Me tilsette er òg opptekne av at ting skal gjerast billegast mogleg. Men me liker ikkje at styret set arbeidsplassar på spel utan at ein har klart å framskaffa tal som viser at det faktisk er noko å spara på å setta delar av drifta ut på anbod, seier han.

SMART P-AVTALE
Forvaltninga av parkeringsplassane rundt studentbustadane vert i desse dagar òg sett ut til selskapet Center Park AS.

– Dei får inntektene av parkeringsgebyra, altså bøtene for feilparkering, medan SiB får dei regulære parkeringsinntektene, altså det ein betaler for å stå parkert. Dermed får me ordna opp i parkeringstilhøva utan at me treng å betala for det. Tvert imot gjev det oss ei lita inntekt, fortel SiB sin administrerande direktør Egil Pedersen.

Styreleiar Kildal poengterer at parkeringsutgiftene no vert meir rettferdig fordelt.

– Før vart dei fordelt på alle SiB sine bebuarar. No må derimot berre det mindretalet som har bil betala, seier han.

Kildal vonar at prisane vert relativt beskjedne, som i Oslo: Kanskje omlag ein tusenlapp i året og ein liten hundrelapp for eit døgn.

 

 

31.03.04


tilbake til toppen
Tema: 1

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14