Åtvarar 16.000 studentar om overvaking
UiB åtvarar alle sine godt over 16.000
studentar om at dei no kan bli utleverte til overvakingspolitiet
eller andre statlege organ. Datatilsynet reagerer på
framgongsmåten.
Tekst: ISELIN ÅSEDOTTER STRØNEN
/ ØYVIND
LEFDAL EIDSVIK
iselin@studvest.no / oyvind@studvest.no
Foto: MARTE VIKE ARNESEN / marte@studvest.no
Alle studentar må kvart semester melde seg opp til fag
via tenesta StudentWeb. Der åtvarar no Universitetet i
Bergen (UiB) alle studentar om at utvalde data frå studentregistra
kan bli overlevert til dømes Politiets tryggingsteneste
(PST).
– Dette skremmer jo studentane meir opp enn å
roe dei, meiner Ove Skaara, informasjonsdirektør i
Datatilsynet.
Meldinga i StudentWeb har kome etter at Studvest i januar
avslørte at UiB utleverte personalia over studentar
frå land utanfor Vest-Europa og Nord-Amerika til PST.
På nynorsk lyder meldinga slik:
«Vi gjer merksam på at i samsvar med norsk lov
har UiB plikt til å vidaresende utvalde studentdata
til enkelte andre statlege organ».
Åtvaringa blir også gitt på bokmål
og engelsk.
– BLANKOFULLMAKT
– Meldinga er altfor vag, meiner informasjonsdirektør
Skaara, og held fram:
– UiB må fortelje kva slags type data det er
snakk om, og til kven dette kan bli utlevert. Slik det er
no er dette ei blankofullmakt der UiB fråskriv seg alt
ansvar. Som student forventar du ikkje at dine personlege
opplysingar skal bli delt med kven som helst.
I Norsk Studentunion er leiar Trond Enger ikkje blid på
UiB.
– Å forvalte identitetane til studentar på
den måten er skremmande. Studentar har ikkje det beste
personvernet, og UiB gjer ikkje noko for å betre det,
seier Enger.
Han meiner at Universitetet ikkje kan skjule seg bak ei slik
åtvaring og kalle det informering. Til det er ordlyden
for uklar.
– KAN VERE UKLAR
Studentrepresentant Jørgen Kinden Kristiansen er til
dels einig i kritikken frå Enger, og vil ta opp åtvaringa
med leiinga ved universitetet.
– Meldinga er misvisande, og gir ingen informasjon
om kva dette inneber. Dette held ikkje, seier Kristiansen.
UiB-rektor Kirsti Koch Christensen er einig i at informasjonen
ikkje er god nok.
– Eg ser at meldinga kan vere for uklar. Reagerer Datatilsynet
må vi sjå på saka, seier Christensen. Men
at åtvaringa er ei blankofullmakt går ho ikkje
med på.
– Nei, det er den ikkje formulert som.
– Må nekte neste gong
|
 |
UTFORDRAR. I eit lesarbrev
i denne ukas Studvest krev Hans Ebbing svar frå
UiB om overvåkinga.
|
– UiB bryt både rettsprinsipp og tilliten
til studentane når dei sender namnelister til overvakingspolitiet,
seier filosof Hans Ebbing.
I eit lesarbrev i denne utgåva av Studvest går Hans Ebbing til åtak
på UiB si handtering av saka om utlevering av utanlandske studentar til
Politiets tryggingstjeneste (PST). Ebbing er seniorkonsulent ved UiB og
har magistergrad i filosofi. I lesarbrevet skriv Ebbing at det
strid mot grunnleggande rettsprinsipp når informasjon om studentar frå
land utanfor Vesten blir utleverte til PST berre grunna nasjonalitet.
– Biletet UiB gjev av seg sjølv er forferdeleg uheldig. Du
skal sleppe risikoen å hamna i eit register berre fordi du
er student. Eg håper UiB vil prøve å gjenopprette tilliten
til studentane ved å nekte å samarbeide med overvakingspolitiet
neste gong. Då kan vi få etterprøvd det juridiske i saka,
seier Ebbing.
– UIB HAR GITT MESTEbbing
får støtte frå Geir Hovland, jurist i Organisasjonen mot politisk
overvaking (OPO). Overvakingspolitiet har bedt om listene med bakgrunn
i Utlendingelovas §45, der det står at «utdanningsinstitusjonar etter
oppmoding skal gi politiet forteikning over utanlandske elevar eller
studentar». – Dette skal vera ei innvandringskontrollerande
lov, til dømes for å sjekka opphaldsløyve. Det er tvilsamt om
tryggingspolitiet nyttar lova rett, meiner Hovland. Nestleiar i
OPO, Kjell Horn, har forståing for at PST i høve til lova kan krevje
informasjon om enkeltpersonar frå universiteta. – Men me har
sett forferdelege resultat av den kollektive overvakinga som
Lundkommisjonen påviste. Det må me reservere oss mot. Universiteta har
handtert dette ulikt, og UiB har vore mest rause med å utlevere, seier
han. GAMLE INSTRUKSARJurist Hovland meiner PST har opptrådd kritikkverdig i denne saka. –
I kjølvatnet av Lundkommisjonen blei det slege fast at overvaking ikkje
skal skje på politisk eller religiøst grunnlag aleine. Det bør vera
unødvendig å gje nye instruksar om at det same gjeld for etnisk
bakgrunn, seier Hovland.
Sjå også lesarinnlegget frå Hans
Ebbing.
| LUNDKOMMISJONEN |
n Oppnemnt 1994 for å granske
påstandar om ulovleg overvaking av norske borgarar. Levert
til Stortinget 1996.
n Slo fast at overvaking på
politisk grunnlag hadde funne stad, også på fullt ut lovlege
grupperingar. Særleg mange frå radikale miljø som AKP
(ml) vart overvaka.
n Politiets overvakingsteneste
(POT) vart av Lundkommisjonen også kritisert for sin registreringsiver:
«[Det] kan tyde på at man både har registrert og oppbevart
opplysninger som var uten interesse for selve overvåkingsgrunnlaget».
n POT vart lagt ned og omorganisert
til PST som ei indirekte følgje av avsløringane kommisjonen
kom med.
Kjelde: Stortinget |
| PST OG UTANLANDSKE
STUDENTAR |
n Hausten 2003 sendte UiB
lister over 543 utanlandske studentar til Politiets tryggingsteneste
(PST). Også universiteta i Oslo og Tromsø har fått liknande
førespurnadar, det same har truleg andre utdanningsinstitusjonar
i landet.
n Leiar i Advokatforeningens
lovutval for asylsaker, Arvid Humlen, meinte dette var
kollektiv mistenkleggjering. Det same meinte stortingsrepresentatar
frå SV og SP.
n International Students'
Union har kritisert UiB for å gå bak ryggen på studentane. |
– UiB har lært
Rektor Kirsti Koch Christensen innrømmer
at UiB ikkje har handtert PST-saka godt nok. Men no har Universitetet
lært.
|
 |
VIL IKKE BEKLAGE. Rektor
ved UiB, Kirsti Koch Christensen.
|
– Neste gong PST spør vil vi ha ei fyldig grunngjeving for
kvifor vi skal sende lister, seier Christensen. Men kva dei
fyldige grunnane skal vere vil ikkje ho spekulere i.
Etter alle mediaoppslaga kring saka vil no Universitetet i Bergen endre praksis. – Alle dei involverte studentane skal neste gong bli informert og få ei grunngjeving tilsendt, seier Christensen. Dermed
kjem Universitetet i Bergen til å følgje retningslinjene som
Universitetet i Tromsø har laga, og som Organisasjonen mot politisk
overvaking (OPO) har anbefalt. – International Students' Union har anklaga UiB for å gå bak ryggen på studentane. Har du forståing for det? –
Det er forståeleg, men samstundes har politiet allereie denne
informasjonen. Men nei, det er jo ikkje snakk om ei adresseliste. Eg
forstår prinsippet om at det er uvisst å vere registrert. – Har UiB handtert denne saka godt nok? – Vi har i alle fall lært av saka. – Vil du beklage at UiB aldri informerte studentane om at dei vart utleverte til PST?
– Som sagt, vi har lært av dette, avsluttar Kirsti Koch Christensen.
|