– «NM i utdanning»
er berre tull
BT-bilaget Stud.mag. gir UiB dårlege skotsmål.
– Stud.mag. gir eit forvrengt bilete av kvaliteten på
tilbodet, seier Øyvind Jakobsson i NSU. Han får
støtte av UiB-rektoren.
Tekst: VIDAR GUDVANGEN / vidar@studvest.no
Foto: PER CHRISTIAN SOLHEIM / per@studvest.no
|
 |
REAGERER: – Stud.mag.
skapar eit bilete av UiB som ikkje er riktig, meiner
Øyvind Jakobsson i NSU.
|
– UiB har fått eit stempel som ikkje er riktig,
hevdar Øyvind Jakobsson i Norsk Studentunion (NSU)
i Bergen. Han reagerer på at det i bilaget ikkje kjem
tydeleg fram at det berre er ferske studentar som er spurde.
Han er heller ikkje imponert over måten data er samla
inn.
Stud.mag. tek mål av seg å rangere ulike fag
og lærestader i det dei kallar «NM i utdanning».
Studentmagasinet kjem som eit årleg bilag i Bergens
Tidende (BT), Aftenposten og Adresseavisa i forkant av søkinga
til Samordna opptak. I år kjem informatikk og nordisk
litteratur ved Universitet i Bergen (UiB) særleg dårleg
ut. No reagerer NSU på måten undersøkinga
er framstilt.
– Stud.mag. tek føre seg ein del reelle problemstillingar,
men dei er omtala på feil måte. Folk vil få
eit forvrengt bilete av kva tilbod som blir gitt, og kvaliteten
på dei. Folk bruker stud.mag. som eit viktig reiskap
i val av studie, trur Jakobsson.
– Viss stud.mag. skal gje råd til studentar,
bør dei køyre komparative samanlikningar av
ulike studie. Dei bør òg skilje mellom høgskular
og universitet, dei er strukturelt for ulike til å kunne
setjast opp mot kvarandre, meiner Jakobsson.
–TEK DET TIL ETTERRETNING
– Det er viktig at det kjem klart fram kven undersøkinga
omfattar, seier rektor ved UiB, Kirsti Koch Christensen. Ho
hadde gjerne sett at universiteta hadde vore samanlikna for
seg, men legg til at det for profesjonsutdanningane kan vere
greitt å bli samanlikna med høgskulane.
– Det er berre tull å kalle Stud.mag. for NM
i utdanning, meiner rektoren som ikkje er overraska over at
UiB kjem dårleg ut.
– Universiteta i Oslo og Bergen kjem tradisjonelt dårleg
ut i Stud.mag. Likevel opplevde vi god auke i talet på
søkjarar i fjor. Koch Christensen har meir tillit til
UiB sitt eige Studentbarometer som omfattar alle kull, men
understrekar at dei ønskjer å kartleggje kvifor
ferske studentar er så misnøgde med dei administrative
tenestene ved UiB.
LITE IMPONERT
Der er Norsk institutt for forsking og utdanning (NIFU) som
er ansvarleg for undersøkinga bak Stud.mag. Elisabeth
Hovdhaugen har vore prosjektleiar for NIFU og koordinert målinga
som er utført av TNS Gallup. Heller ikkje ho er begeistra
for den journalistiske handsaminga av materialet.
– Eg er kritisk til måten undersøkinga
vert framstilt. Det er for stort fokus på det negative.
Generelt er jo norske studentar nøgde, understrekar
Hovdhaugen. Ho fortel vidare at ho leverte ei lang skriftleg
forklaring til stud.mag-redaksjonen, der det tydeleg vart
understreka at målinga berre omfatta førsteårsstudentar.
– Etter journalistisk omarbeiding var dette ikkje lenger
like tydeleg, vedgår ho.
Ho forklarar at Stud.mag. berre omfattar førsteårsstudentar,
fordi undersøkinga er retta mot avgangselevar i den
vidaregåande skulen.
HAR DEKNING
Adresseavisen sat med det redaksjonelle ansvaret for Stud.mag.
2004. Prosjektleiar Anne Berit Bjørken meiner det er
greitt å kalle det NM i utdanning.
– Eg meiner vi har god dekning for det. Dette er sjette
året på rad vi gjennomfører undersøkinga,
og til saman har 23.000 studentar delteke, poengterer Bjørken.
Ho vedgår at dei kunne ha utdjupa betre at det kun er
snakk om fyrsteårsstudentar.
– Det kan godt hende universiteta og høgskulane
burde stått kvar for seg, seier Bjørken som likevel
meiner det skal vere lett å skilje mellom universitet
og høgskule. Det Hovdhaugen i NIFU kallar negativ vinkling,
meiner Bjørken dei har journalistisk fridom til, med
god dekning i tala frå TNS Gallup.
21.04.04
|