Tekst: RAGNHILD KONGSVOLL / ragnhildk@studvest.no
Foto: ANNIKEN C. MOHR / anniken@studvest.no
På tross av rekordhøge prisar vel
stadig fleire studentar å kjøpe bustad framfor
å leige.
Knut Boye, førsteamanuensis i finans ved Norges
Handelshøyskole (NHH), er positiv til utviklinga,
og meiner studentar bør kjøpe på tross
av at den låge renta har pressa opp prisane.
– Dersom du er sikker på at du vil bo i Bergen
over lengre tid, vil eg anbefale å kjøpe
framfor å leige. Jamvel om prisane er høge
og svingar, vil det å eige bustad gi store skattefordelar
og lønne seg på lengre sikt, seier han.
Boye får støttefrå Noregs største
økonomiblad, Dine Penger.
– Dersom du tenkjer langsiktig, og er klar over
risikoen for renteauke og prisfall, vil det lønne
seg for studentar å kjøpe framfor å
leige, seier Øyvind Røst, rådgjevar
i bladet.
ÅTVARER MOT KJØP
Terje Hansen underviser i personlig økonomi ved
NHH, og meiner studentane bør vere forsiktige med
å kjøpe bustad no.
– Når prisane på dei typiske studentbustadane
er så høge som dei er i dag, vil risikoen
for tap ved kjøp av leiligheit som berre eigast
nokre år vere stor. Derfor vil eg ikkje anbefale
å kjøpe no. Dersom renta går opp, vil
prisane falle, og studentar som kjøper bolig no
kan tape mykje pengar, meiner han.
Hansen meiner ein bør vente med kjøp av
bustad til ein er ferdig med studiane.
– POSITIVT MED LÅG RENTE
Erik Ariansen, teamleiar i Noregs største bank
DnBNOR, er positiv til auka antall studentar som søkjer
lån til bustadkjøp.
– Boligkjøp er ei investering. Ein kan ikkje
forvente den samme prisauka i åra som kjem som den
vi har i dag. I inneværande år kan ein godt
forvente tilsvarende økning som fjoråret,
men på sikt vil ho gå ned.
DnBNor åtvarer mot å la dei låge rentene
vere einaste motivasjon til å søkje om bustadlån.
– Du kan tene fleire tusen i månaden med
den låge renta vi har no. Men når ein planlegg
å ta opp lån bør ein ta høgde
for at renta kan gå opp att, og då må
ein framleis betjene lånet, seier han.
LJOS FRAMTID
Salgssjef og meglar i NOTAR, Stian Grøtte har merka
at fleire studentar vil kjøpe bustad.
– Det er ein klar trend hos oss at fleire studentar
og unge kjøper. Mange får støtte frå
foreldre og kan ta opp større lån, fortel
han.
Grøtte syns ikkje at dei høge prisane bør
skremme studentane bort frå bustadmarknaden
– Eg trur prisane vil halde fram å stige.
Den låge renta har gitt kjøpelyst og pressa
prisane opp, men det er framleis ikkje noko problem å
kjøpe bustad i Bergen, meiner han.
På jakt etter bustad
|
 |
STUDENTAR PÅ
LEIT. Frode Jacobsen (21) og Marianne Larsen(22)
er på utkikk etter drøymekåken.
|
Frode Jacobsen (21) og Marianne Larsen (22) er på
visning i Strømgaten 16. Studentane meiner det
er ein fordel å få hjelp frå foreldre
når ein skal kjøpe bustad.
– Kva lån ein kan få hjå banken
trur eg avhenger veldig av om foreldre stiller med sikring,
og er med på prosessen, seier Larsen.
Studentane let seg ikkje skremme av dei skyhøge
bustadprisane i Bergen.
– Fram til no har vi budd i kollektiv saman med
vener. Tre av oss har gått saman om å kjøpe,
medan resten av kollektivet skal leige hos oss. På
denne måten kan vi kjøpe større leiligheit,
noko vi trur vil gi ein mindre kvadratmeter pris, seier
Jacobsen.
– Vi ser på dette som ei investering. På
lang sikt trur vi det vil lønne seg å eige,
meiner Larsen.