Nyhende
Kultur
Tema





















Ansvarleg redaktør:
Vemund Jensen

Vevs-ansvarleg:
Per-Kristian Nordnes

Kontakt oss:
studvest@uib.no

Telefon:
55 54 52 06
55 54 51 48
55 54 52 21

Telefaks:
55 32 84 05
Les også
meir om avisen.
Studvest © 2004

Lenkar: Studentradioen
Student TV
k7 Bulletin
Studentportalen
Under Dusken
Universitas

Studvest er ei avis av og for studentar ved Universitetet i Bergen,
Norges Handelshøyskole og Høgskolen i Bergen.
Onsdag 28. april 2004, nr. 13 - 59. årgang

Tjuvar stoppa filmvisinga

Mandag skulle Filmklubben gjera sitt tredje forsøk på å visa konspirasjonsfilmen «Dark Side of the Moon», men slik vart det ikkje. Rett før visinga sneik nokon seg inn i salen og stal filmframvisaren.

I SJOKK. Torbjørn Helgheim fattar ikkje kvar filmframvisaren har teke vegen.
Foto: PER CHRISTIAN SOLHEIM

Tekst: BÅRD OPSANGER

– Alt var klart til visinga, eg sto i billettluka og plutseleg var han berre borte vekk, forklarer filmsnurrar Torbjørn Helgheim fortvila.

Politiets hundepatrulje starta leiteaksjon etter filmframvisaren, då det viste seg at nokre målarar hadde sett ein person springe mot Nygårdsparken med ein søppelsekk under armen. Denne jakta vart seinare avslutta utan resultat.

EIT MYSTERIUM

Torbjørn sjølv skjønner ikkje korleis nokon har fått med seg filmframvisaren.

– Eg sto rett ved inngangen, og naudutgangane skal det vera umogleg å komme inn gjennom frå utsida. Eg skjønner det bare ikkje, seier han. Han fortel at dette er tredje gongen dei prøver å visa filmen, utan å lykkast.

– Kanskje CIA fucker opp for oss? spør han spøkfullt. Han håpar dei no kan visa filmen gratis på Verftet, som ein kompensasjon for alle problema.

Filmen er forøvrig ein kommentar om ein påstått konspirasjon mellom Stanley Kubrick og NASA.

FORSIKRA

– Me har sett over forsikringspapira og har funne ut at forsikringssummen er på 50.000 kroner, seier Ingrid Åbergsjord frå styret i Bergen Filmklubb. Ho håpar forsikringa vil dekkje tapet, og er no i gong med å undersøkje dette.

Politiet har førebels verken vitnar eller mistenkte i saka. Dersom nokon har opplysningar i saka kan dei ta kontakt med Moe på Tjuveriavsnittet på telefonnummer 55 55 67 27.

28.04.04


tilbake til toppen
Nyhende: 1 2 3 4 5 6

Studvest
følger saken:

Siste artikkel:
20. august 2003
Antall artikler: 36

Siste artikkel:
3. september 2003
Antall artikler: 42

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 11

Siste artikkel:
11. september 2002
Antall artikler: 10

Siste artikkel:
18. september 2002
Antall artikler: 14