Gå til innhold
English A A A
Emne GENV332

Masterprogram i helsefag - genetisk rettleiing. Fagspesifikk studiedel (modul 2 og 3): Gen. rettl. - teori og praksis.

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 18
Undervisningssemester Vår, anna kvart år (oddetal)
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Overordna mål:

  • Forklare kva som karakteriserer rettleiing og handtering av ulike genetiske sjukdommar
  • Drøfte medisinsk-genetisk verksemd i eit medisinsk-, samfunnsmessig- og etisk perspektiv
  • Innsikt i korleis genetiske sjukdommar verkar på individet og familien
  • Analysere metodar for Genetisk rettleiar utført i et multidisiplinært team

Innhald:

Studentane skal ha ei kritisk analytisk haldning til emnene det blir undervist i og dette skal vere basert på vitskapeleg kunnskap. Studentane skal vise respekt for pasientar og kollega. Dei skal også kunne vise hensiktsmessig og korrekt handtering av medisinsk- så vel som genetisk informasjon.

Emnet Genetisk rettleiing - teori og praksis består av to delar.

  1. Emneområde knytt til genetisk rettleiing, har hovudfokus, medisinsk genetisk handtering av ulike tilstandar, psykiske reaksjonar relatert til krise, stress og meistring. Vidare vil studenten få ei grundig innføring i lovgjevinga som regulerer medisinsk genetisk verksemd og ulike etiske utfordringar fagfeltet bringer med seg.
  2. Genetisk rettleiing, studenten skal få kjennskap til kommunikasjonsprosessar og prinsipp for genetisk rettleiing. I denne modulen skal studentane anvende teori og kunnskap frå GENV331 så vel som GENV332, blant anna i praktiske rettleiingsøvingar i form av et obligatorisk rettleiingskurs.

Det vil også bli tilrettelagt for hospitering ved Senter for medisinsk genetikk og molekylærgenetikk, Haukeland Universitetssjukehus.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emne GENV332 skal studentane

  • kunne gjere greie for kva som karakteriserer genetisk utredning og rettleiing av hyppige arvelige sjukdommar så vel som sjeldne genetiske sjukdommar
  • forklare og drøfte spesialområdet prenatal diagnostikk
  • ha kunnskap om og innsikt i korleis genetiske sjukdommar verkar inn på individet, familien og samfunnet
  • ha spesiell kunnskap om, forklare og drøfte kva som karakteriserer det å rettleie ein familie
  • ha omfattande kunnskap om psykologiske reaksjonsmønster som kan tenkast å bli aktualisert i ein genetisk rettleiingsprosess
  • ha spesiell innsikt i, samt å drøfte, dei legale og etiske sidene som styrer den medisinsk genetiske verksemda i Noreg
  • kjenne til og kunne anvende ulike rettleiingsmodellar og teknikkar anvendt i genetisk rettleiing
  • vere i stand til bevisst refleksjon i forhold til det som skjer i møte med pasientar/familiar.
  • ha oversikt over korleis en medisinsk genetisk avdeling fungerer og korleis pasientstraumen blir handtert
  • kunne teikne slektstre ut frå ein familieanamnese

 

Undervisningssemester

Vår, anna kvart år (oddetal)

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Master

Krav til forkunnskapar

Helsefagleg bachelorgrad eller tilsvarande bachelorutdanning vil bli vurdert

Undervisning og omfang

Forelesing

Seminar

Obligatorisk kommunikasjonskurs med praktiske øvingar

Obligatoriske pasientrettleiingar

Kollokvie

Obligatoriske arbeidskrav

Obligatorisk kommunikasjonskurs med praktiske øvingar

Obligatoriske pasientrettleiingar

Vurderingsformer

Innlevering av tre essay som blir vurdert med bokstavkarakter (A-F).

Kommunikasjonskurs og obligatoriske rettleiingar ved medisinsk genetiske avdelinger med refleksjonsnotat blir vurdert som bestått / ikkje bestått.

Ekstern og intern sensor

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Munnleg plenum- og individuell skriftleg evaluering

Kontaktinformasjon

Institutt for gtlobal helse og samfunnsmedisin.

e-post: studie@isf.uib.no

tel: 55586100

 

Emneansvarleg:

Karin Nordin

karin.nordin@isf.uib.no

Cathrine Bjorvatn

cathrine.bjorvatn@isf.uib.no