Gå til innhold
English A A A
Emne KUN255

Arkitektur og bygningsvern med bacheloroppgåve

Undervisningsperiode :

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust/vår, men ikkje fast
Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Emnet er eit fordjupingsemne i spesialiseringa i kunsthistorie. Emnet tar opp sentrale tema frå stadutvikling og arkitekturhistorie, arkitekturteori og -praksis i perioden frå 1900 til i dag. Søkelyset blir retta mot spørsmål kring arkitekturen si rolle i ein utvida samfunnskontekst, og problem knytt til forvaltning og vern av nyare arkitekturarv.

Emnet skal gi studenten kunnskap om nyare arkitektur i eit regionalt, lokalt og internasjonalt perspektiv, samt kjennskap til verneteoretiske utfordringar.

Gjennom konkrete døme tar emnet opp tema som kvalifiserer studenten for arbeid innan museumsvesen, offentleg forvaltning og undervisning. Emnet er særs godt eigna i kombinasjon med andre estetiske fag og kulturfag. Studiet er òg relevant for arkitektstudentar.

Læringsutbyte/resultat

Studenten skal kunne:

  • Utføre dokumentasjon, analyse og verdivurdering av arkitektoniske objekt og bygningsmiljø.
  • Vurdere arkitektur som del av ein historisk og miljømessig heilskap, på grunnlag av kunnskap om nyare tids arkitekturteori og praksis.
  • Argumentere for vern av bygningsarv, dersom dette er aktuelt, med bakgrunn i nyare tids verneteori og praksis, samt prinsipp som ligg til grunn for fysisk kulturminneforvaltning i dag.

.

Undervisningssemester

Haust/vår, men ikkje fast

Undervisningsspråk

Norsk. Dersom det melder seg minimum 5 utanlandske studentar kan undervisninga bli gitt på engelsk.

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

 Emnet er ope for alle med studierett ved Universitetet i Bergen. Denne eksamenen er og open for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Studieemna KUN121, KUN122, KUN123, men særskilt KUN124

Undervisning og omfang

Undervisinga blir gitt i form av førelesingar (normalt 12-14 dobbelttimar). Dersom det er ressursar til det, vil noko av undervisninga bli gitt i form av ekskursjon til Hardanger eller Sogn.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan instituttet innføre redusert undervisning, jamfør instituttets retningslinjer for dette på Mi Side. På emne der dette kan vere aktuelt vil studentane får informasjon om det ved semesterstart, og før fristen for semesterregistrering 1. februar / 1. september.

Obligatoriske arbeidskrav

Det er obligatorisk å levere bacheloroppgåva til rettleiing to gonger i løpet av semesteret til oppsette fristar. Fristane er endelege og vert publiserte på Mi Side. Namneliste med individuelle rettleiingstidspunkt vert publisert på Mi Side ein av dei første dagane etter innleveringane.

Vurderingsformer

Eksamen er ei skriftleg bacheloroppgåve med tema frå kurset det gjeldande semesteret. Pensum dannar grunnlag for oppgåvearbeidet, men studenten kan nytte feltarbeid og eige kjeldemateriale i tillegg. Det ferdige arbeidet skal ha eit omfang på 4500-5000 ord.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Læremiddelomtale

Pensum er på om lag 1000 sider

Undervisningsstad

Bergen.

Emneevaluering

Evaluering av tilbodet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.

Kontaktinformasjon

Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium

E-post: studierettleiar@lle.uib.no