Samfunnsvitskapleg metode
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust og vår |
| Fagleg overlapp | Det er full poengreduksjon mellom 102-metodeemnet i sosiologi, samanliknande politikk og administrasjon og organisasjonsvitskap. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Studentane skal gjennom kurset tileigne seg grunnleggjande kunnskap og øving innan samfunnsvitskapleg metode. Siktemålet er å gi studentane forståing for vitskaplege arbeidsmåtar som grunnlag for vidare arbeid med faget, samt å gi dei innsikt i konkrete forskningsteknikkar og korleis desse blir nytta i praksis.
Kurset gir ei generell innføring i samfunnsvitskaplege metodar, med vekt på ulike opplegg for innsamling og analyse av forskjellige typar data. I kurset vert m.a. casestudier, historisk metode, komparativ metode, regresjonsanalyse og diskursanalyse, gjennomgått.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne:
- Vise til etiske problemstillingar i samfunnsvitskapeleg forsking.
- Definere grunnleggjande omgrep i samfunnsvitskapeleg metode.
- Gjere greie for ulike kjelder, samt organisere og presentere ulike datatypar for analysar.
- Diskutere og grunngje metodeval ut frå ulike problemstillingar.
- Gjere greie for observasjon som metode, komparativ metode og case-studiar.
- Gjennomføre kvalitative intervju, kvalitative tekstanalysar, tabellanalyse, korrelasjonsanalyse og regresjonsanalyse.
- Demonstrere ferdigheiter i å skrive rapportar frå vitskapelege undersøkingar.
- Evaluere og kritisere samfunnsvitskapelege analysar.
Undervisningssemester
Haust og vår
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Emnet er eit samarbeid mellom Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap, Institutt for samanliknande politikk og Sosiologisk institutt.
Tilrådde forkunnskapar
SV100 Samfunnsvitskaplege tenkemåtar og ExPhil.
Fagleg overlapp
Det er full poengreduksjon mellom 102-metodeemnet i sosiologi, samanliknande politikk og administrasjon og organisasjonsvitskap.
Undervisning og omfang
Førelesingar, seminar, kollokvie og laboratoriearbeid i PC-stover.
Talet på førelesingstimar: rundt 36
Talet på seminar/kollokvietimar: 20-24
Obligatoriske arbeidskrav
Innlevering av fire øvingsoppgåver, to i kvalitative og to i kvantitative metodar. Oppgåvene er obligatoriske og skal være godkjent før studenten kan framstille seg til eksamen i emnet.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt dei to påfølgande eksamenssemestra.
Vurderingsformer
Seks timers skriftleg eksamen (09:00-15:00).
Tillatte hjelpemiddel på eksamen:
Kalkulator. Kun følgjande enkle, ikkje-programmerbare kalkulatorar utan grafisk display vert tillete brukt ved skriftlege prøvar:
Alle modellar av typane:
- Casio FX-82
- Hewlett-Packard HP30
- Texas instruments TI-30
Fagleg ansvarleg for MET102 kan gjennomføre stikkprøvar av hjelpemidla i eksamenslokalet.
Karakterskala
A-F
Kontaktinformasjon
studieveileder@isp.uib.no/ studieveileder@aorg.uib.no/ studieveileder@sos.uib.no