Examen facultatum - Samfunnsvitskaplege tenkemåtar
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet skal gjere studentane kjende med samfunnsfaga si historie og gi ei innføring i sentrale samfunnsvitskaplege omgrep, metodar og tenkjemåtar. Det skal formidle kunnskap om dei ulike samfunnsvitskaplege disiplinane sine særtrekk så vel som deira fellesfaglege grunnlag.
Det vert gitt ei innføring i samfunnsvitskapane si framvekst og utvikling fram til i dag, med vekt på klassiske tema og sentrale omgrep i faga. Ulike metodar, omgrep og modellar som samfunnsforskarar nyttar eller forutset i si forsking vert også introdusert. Bruk av teori, modellar, metode og empiri i samfunnsvitskapen blir kasta lys over gjennom eit utval av teoriar om sentrale samfunnsforhold. Emnet vil også ta opp tilhøvet mellom (den/dei) utforska, forskar og samfunn.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne
- Gjere greie for hovudtrekk i samfunnsvitskapane si framvekst og utvikling fram til i dag og kjenne til dei samfunnsvitskapelege faga sitt fellesfaglege grunnlag og eigenart.
- Gjere greie for ulike hovudtypar samfunnsvitskaplege modellar av kva mennesket er og korleis menneske handlar.
- Gjere greie for nokre grunnleggande skilnader mellom omgrep frå dagleglivet og vitskapelege omgrep.
- Gjere greie for ulike omgrep og teoretiske perspektiv i samfunnsfaga, om bl.a. rasjonalitet og sosial orden og beskrive nokre av samfunnet sine basisinstitusjonar, bl.a. utdanning og familien.
- Gje døme for bruken av teoriar, modellar, metode og empiri i samfunnsvitskapane gjennom å vise til samfunnsvitskapelege perspektiv på sentrale forhold i samfunnet.
- Gjere greie for kvalitative og kvantitative forskningsopplegg og ulike strategiar for datainnsamling som vi finn i samfunnsvitskapane.
- Vise innsikt i høvet mellom (den/dei) utforska, forskar og samfunn.
- Reflektere kritisk over samfunnsvitskapleg forsking og vitskapelege verdiar.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Institutt
Sosiologisk institutt, Institutt for informasjons- og medievitskap, Institutt for geografi, Institutt for samanliknande politikk, Institutt for administrasjon og organisasjonsvitskap
Fagleg overlapp
For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.
Undervisning og omfang
Førelesingar
Talet på førelesingstimar: 20-24
Obligatoriske arbeidskrav
Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord). Oppgåva må vere godkjent før eksamen.
Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.
Vurderingsformer
4 timar skuleeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert av studentar og faglærar i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.
Kontaktinformasjon
studieveileder@isp.uib.no/ studieveileder@aorg.uib.no/ studieveileder@sos.uib.no