Examen facultatum - Global utvikling
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 10 |
| Undervisningssemester | Haust |
| Fagleg overlapp | For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Litteraturliste | Se litteraturliste |
Mål og innhald
Emnet er ei felles innføring for studentar som byrjar på bachelorprogrammet i utviklingsstudiar. Emnet skal gje studentane ei grunnleggjande oversikt over aktuelle tematikkar og forskingsmessige tilnærmingar til global endring og utviklingsproblematikk. Undervisninga gjev perspektiv og døme frå faga sosialantropologi, geografi, økonomi og statsvitskap, og er forankra i universitetet si pågåande forsking i Afrika, Asia, Latin-Amerika og Stillehavsområdet. I studiet vert det lagt vekt på koplingar mellom faga for å forstå utviklingsrelaterte problemstillingar i samanliknande perspektiv.
Emnet er organisert som ein serie førelesingar av forskarar frå dei fire institutt som er involvert i programmet: administrasjons- og organisasjonsvitskap, geografi, sosialantropologi og økonomi, og presenterer desse faga sine tilnærmingar til mellom anna globalisering, fattigdom, bistand, ressursforvaltning, makt og konflikt. Utvalde tematiske og geografiske fokus vert i tillegg belyst gjennom gjesteførelesingar og dokumentarfilmar.
Læringsutbyte/resultat
Etter å ha fullført emnet skal studenten kunne:
- Gjere greie for tema som gjeld globale utviklingsspørsmål.
- Kjenne til dei viktigaste faglege debattane om utvikling og bistand
- Greie ut om korleis dei fire disiplinane geografi, sosialantropologi, statsvitskap og økonomi vinklar studiet av global utvikling.
- Reflektere over koplingane mellom større globale samanhengar og lokale utviklingsprosessar
- Gjere greie for sentrale utviklingsomgrep og teoriar innanfor dei ulike fagdisiplinane.
Undervisningssemester
Haust
Eksamenssemester
Haust/vår
Undervisningsspråk
Norsk/engelsk
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar ved UiB.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Fagleg overlapp
For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT100 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.
Undervisning og omfang
Førelesingar, filmframsyning, seminar
2 timer per veke
15 veker
30 timer førelesning totalt
Obligatoriske arbeidskrav
Ingen
Vurderingsformer
4 timar skuleeksamen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Emneevaluering
Emnet vert evaluert kvart undervisningssemester via Mi side.
Kontaktinformasjon
Institutt for sosialantropologi
Fosswinckelsgate 6
5007 Bergen
E-post: Studieveileder@sosantr.uib.no
Telefonnr: 55 58 92 50 / 55 58 94 51
Heimeside: http://www.uib.no/antro/