Gå til innhold
English A A A
Emne SOS100

Examen facultatum - Invitasjon til sosiologi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101, SOS100 og GEO-SD100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

I dette emnet skal studentane få ein oversikt over sentrale omgrep, innsikt i utvalde perspektiv og kjennskap til nokre aktuelle forskingstema i sosiologifaget. Studentane skal få analytiske verktøy til å forstå korleis samfunnet kan seiast å verta ein del av mennesket og mennesket ein del av samfunnet. Studentane vert introduserte til nokre sentrale sosiologiske omgrep og forskingstema, til dømes sosialisering og institusjonalisering, rolle og identitet, familie og kjønn, sosial ulikskap og mobilitet, religion og sekularisering, velferdsstaten og det sivile samfunnet, globalisering og endringar i arbeidslivet. Det vert også lagt vekt på korleis sosiologien kan være relevant for kritisk vurdering og diskusjon av aktuelle samfunnsproblem. Målet er at studentane skal kunne gjere greie for og drøfte dei omgrepa, perspektiva og forskingstema som emnet omhandlar.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha avslutta emnet skal studenten kunne

  • Gjere greie for grunnleggjande kunnskap om sosiologiske perspektiv på tilhøvet mellom individ og samfunn
  • Gjere greie for sentrale omgrep som til dømes sosialisering, samhandling, institusjonalisering, rolle, identitet, avvik osv.
  • Drøfte og kritisk vurdera desse sosiologiske perspektiva og omgrepa ved å vise til døme frå sosiologisk teori og frå forsking som drøfter aktuelle samfunnsmessige tema.

 

 

 

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplege fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101, SOS100 og GEO-SD100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Undervisning og omfang

Undervisninga inneheld forelesingar og seminar. I seminara får studentane trening i munnleg drøfting av faglege problemstillingar.

Talet på førelesingstimar: 20-24

Obligatoriske arbeidskrav

Ei innleveringsoppgåve (ca 2000 ord) som må vere godkjent før eksamen.

Godkjente obligatoriske arbeidskrav er gyldig i det aktuelle eksamenssemesteret samt det påfølgjande eksamenssemesteret.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emnet vert evaluert av studentar og faglærer i tråd med vedteken evalueringsplan for alle emne på bachelor- og masternivå i sosiologi.

Kontaktinformasjon

Institutt for sosiologi:

e-post: studieveileder@sos.uib.no