Gå til innhold
English A A A
Emne AORG100

Examen facultatum - Innføring i administrasjon og organisasjonsvitskap

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Haust
Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Timeplan Se timeplan
Litteraturliste Se litteraturliste

Mål og innhald

Studentane skal gjennom kurset tileigne seg kunnskap om sentrale grunntema i faget. Det vil bli lagt vekt på å få fram:

  • særtrekk ved den historiske utviklinga av ulike perspektiv i faget, i skjeringsfeltet mellom organisasjon/administrasjonsforsking og statsvitskap/offentleg politikk
  • korleis denne analysemåten artar seg på ulike utvalde empiriske og tematiske nedslagsfelt
  • sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon

Gjennom introduksjon av sentrale faglege tema skal studentane øvast opp til å bruke organisasjon og organisering som forklaringsfaktor i analyse av forskingsresultat frå empiriske undersøkingar av sektorar i offentleg politikk.

Læringsutbyte/resultat

Etter å ha gjennomført emnet skal studenten kunne:

  • gjere greie for norske politiske og administrative institusjonar
  • Bruke teoriar om politikk og administrasjon til å analysere desse institusjonane.
  • Gi ei oversikt over sentrale perspektiv i faget, som ligg i skjeringsfeltet mellom organisasjonsforsking og statsvitskap.
  • Gi ei oversikt over sentrale forklaringsmodellar med vekt på organisasjon.

 

Undervisningssemester

Haust

Eksamenssemester

Haust

Undervisningsspråk

Norsk

Krav til studierett

Ope emne.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse eller opptak på bakgrunn av realkompetanse

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

For å få ein bachelorgrad ved Det samfunnsvitskaplige fakultet må minimum 10 / maksimum 20 studiepoeng innføringsemne/exfac-emne vere avlagt (utanom ex.phil.). SV-fakultetet har følgjande innføringsemne/exfac-emne: SV100, AORG100, ECON100, GEO100, GLOB101, INFO100, MEVI100, SAMPOL100, SANT101 og SOS100. Exfac-emne frå andre fakultet/institusjonar gir fritak for dette gradskravet.

Undervisning og omfang

Førelesningar og seminar. Det vert omkring 12-16 førelesningar og 8-12 seminarsamlingar.

 

Obligatoriske arbeidskrav

Skriftleg oppgåve. Obligatorisk arbeidskrav som er godkjende har inga tidsavgrensing.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Emneevaluering

Emne vert evaluert kvart 3. studieår.

Kontaktinformasjon

studieveileder@aorg.uib.no