Bachelorprogram i gresk
Programmet tilbys av
- Introduksjon
- Studievegar
- Utveksling
- Kva kan du bli
- Studieplan
- Opptak
- Læringsutbyte
- Oppbygging
- Kontakt
- Studieløp
Introduksjon
Korleis blei Athen til eit sentrum for filosofi, kunst og litteratur? På kva måte har arven frå den greske bystaten påverka dei moderne demokratia? Kvifor er gresk mytologi framleis ei viktig inspirasjonskjelde for kunstnarar og forfattarar?
Den antikke greske litteraturen, historieskrivinga, filosofien, kunsten og vitskapen har hatt avgjerande innverknad på ettertida, slik at røtene til mykje i vår eigen kultur ligg i Hellas. Somme studerer gresk fordi dei vil lese gresk litteratur, eller for å få vite meir om historie, filosofi, religion eller kunsthistorie. Andre gjer det fordi dei er interesserte i språk: Det greske språket kan følgjast i skriftlege kjelder gjennom meir enn tre tusen år. Greskstudiet i Bergen er av klassisk gresk, den språkforma som var talemålet i Hellas i antikken og som vart brukt som skriftspråk fram gjennom mellomalderen. Det moderne språket kallar vi nygresk.
Med gresk kan du lese for eksempel Platon, dei greske tragediane og Bibelen i original, og gjere deg opp di eiga meining om korleis dei bør tolkast.
Studievegar
Bachelor (3 år)
Det treårige studiet i gresk kan gjerne kombinerast med emne frå ei rekke andre fag, for eksempel latin, historie, religionsvitskap, kunsthistorie og retorikk, eller med emne frå dei norske institutta i Athen og Roma.
Master
Etter bachelorprogrammet kan du ta eit toårig masterprogram i gresk. Ved påbygging til mastergrad kan du kvalifisere deg for vidare studium og til forsking, formidling og undervisning på høgare nivå.
Forsking
I forskinga ved UiB ligg hovudvekta på klassisk gresk litteratur, og då særleg dei greske tragediane. Også antikken si tyding for litteratur og kulturelt medvit i nyare tid, står sentralt.
Utveksling
I samarbeid med dei andre norske universiteta blir det halde ulike kurs i antikkens kultur ved dei norske institutta i Athen og Roma. Du kan for eksempel studere eit semester ved desse institutta og få kursa du har teke inn som del av bachelorgraden din i gresk. Elles underviser dei fleste større universiteta i utlandet i latin og gresk.
Yrkesvegar
Greskstudiet gir praktisk øving i å tolke framande kulturuttrykk i deira eigen kontekst. Det øver opp evna til å skaffe seg oversyn over eit materiale, å handsame det analytisk og å uttrykke seg nøyaktig. Det gir eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, for eksempel i undervisning, forvalting, forlag og media.
Når du har fullført dette studieprogrammet, får du graden bachelor i gresk.
Undervisningsspråk
Normalt norsk, med mindre anna er opplyst i emneplanen for det einskilde emnet.
Studiestart - semester
Kvar haust
Mål og innhald
Bachelorprogrammet i gresk er 3-årig (180 studiepoeng). Programmet skal innehalde 30 studiepoeng med innføringsemne (exphil og exfac), 90 studiepoeng med spesialisering i gresk og valemne tilsvarande 60 studiepoeng.
Gresk er det eldste litteraturspråket i Europa, og gresk litteratur (epos, lyrikk, tragedie, komedie) har ein sentral plass i den vestlege litterære kanon, mens gresk filosofi, mytologi, medisin og naturvitskap er av grunnleggjande tyding for vestleg tenking. Gresk er også Det nye testamentet sitt språk og eit viktig medium for teologien i oldkyrkja. Studiet konsentrerer seg om tekstar frå den arkaiske og klassiske perioden, men kan også omfatte seinare tekstar, både frå antikken og frå bysantinsk tid (til 1453).
Gjennom heile bachelorstudiet blir tekstane sette inn i sin litteratur- og kulturhistoriske samanheng, med gradvis aukande krav til forståing og tolkingsevne. Målet er å gjere studentane i stand til å lese hovudverk innan den antikke greske litteraturen på originalspråket og kunne forstå dei språklege og litterære kvalitetane som tekstane har, og å gi dei dei kunnskapane i antikkens kultur som ein treng for å setje tekstane inn i sin historiske samanheng.
Grunnleggjande kjennskap til gresk vil vere ein nyttig bakgrunn i alle fag som gjer bruk av greske tekstar, t.d. historie, litteraturvitskap, allmenn språkvitskap, kunsthistorie og filosofi. Ein meir inngåande kjennskap til gresk vil setje ein i stand til å arbeide direkte med mangslungne tekstar frå europeisk kultur i antikken og mellomalderen.
Læringsutbyte
Studentar med bachelorgrad i gresk skal ha gode kunnskapar i gresk språk, og frå lesing av originaltekster skal dei og ha førstehands kjennskap til dei viktigaste sjangrane i gresk litteratur. Dei skal
- ha oversyn over gresk formlære og syntaks og være fortrulege med dei ulike grammatiske omgrepa.
- ha kjennskap til gresk metrikk og til særtrekka til dei ulike litterære dialektane.
- være i stand til å bruke språkkunnskapane praktisk gjennom grammatisk analyse.
- lese greske tekstar sjølvstendig, bruke det kritiske apparatet i tekstutgåvene og ta stilling til problem knytte til forståing og omsetjing av tekstane.
- tolke tekstane med syn for deira eiga kulturelle og litterære kontekst.
- kunne omsetje greske tekstar til norsk.
- gjennom bacheloroppgåva ha vist evne til sjølvstendig fordjuping innan eit avgrensa område av faget.
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen.
Innføringsemne
Bachelorprogrammet i gresk skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet):
- EXPHIL Examen philosophicum (10 sp)
- EXFAC00AK Akademisk skriving (10 sp)
- EXFAC00SK Språk og kommunikasjon (10 sp) eller
- EXFAC00TK Tekst og kultur (10 sp)
Språk og kommunikasjon er tilrådd.
Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 studiepoeng innføringsemne.
Obligatoriske emne
Spesialiseringa i gresk krev til saman tre semester, 90 studiepoeng
Spesialiseringa er sett saman av dei fire emna GRE101, GRE102, GRE103 og GRE104, eller tilsvarande godkjend fagkombinasjon, og to emne på 200-nivå.
100-nivået:
GRE101 / Gresk elementærkurs (15 stp)
GRE102 / Gresk prosa og grammatikk (15 stp)
GRE103 / Gresk: Attisk prosa (15 stp)
GRE104 / Gresk: Epikk og lyrikk (15 stp)
På 200-nivået kan studenten velje mellom følgjande emne:
GRE202 / Gresk: Attisk drama (15 stp)
GRE203 / Gresk: Stilskriving og attiske talarar (15 stp)
GRE251 / Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa med bacheloroppgåve (15 stp)
GRE254 / Gresk: Fordjupingsstudium med bacheloroppgåve (15 stp)
Eitt av emna på 200-nivå må ha bacheloroppgåve som eksamensform (GRE251 eller GRE254). Dette for å tilfredsstille gradskravet om eit sjølvstendig skriftleg arbeid på 15 studiepoeng, jr. Utfyllande reglar for Det humanistiske fakultet.
Også relevante eksamenar frå andre universitet og høgskular kan, etter særskild søknad, reknast inn i dei 90 studiepoenga som utgjer spesialiseringa.
Tilrådde valemne
Studenten kan, i tillegg til spesialiseringa, velje emne innanfor skulefag, språkfag, historie- og kulturfag, estetiske fag eller andre fag som er relevante for studenten si vidare utdanning eller yrkesplanar.
Rekkefølgje for emne i studiet
Tilrådd progresjon:
1. semester (haust):
Førstesemesterstudiet Ex.phil. og Ex.fac. (30 sp)
2.semester (vår):
GRE101 / Gresk elementærkurs (15 stp)
GRE102 / Gresk prosa og grammatikk (15 stp)
3.semester (haust):
GRE103 / Gresk: Attisk prosa (15 stp)
GRE104 / Gresk: Epikk og lyrikk (15 stp)
4.-6. semester:
To spesialiseringsemne på 200-nivå. (sjå ovanfor) (30 stp)
60 frie studiepoeng
Krav til progresjon i studiet
For ein fulltidsstudent er normal studieprogresjon 30 studiepoeng kvart semester.
Studiestader
Bergen.
Delstudium i utlandet
Dei norske institutta i Athen og Roma arrangerer kurs i gresk og romersk kultur på BA-nivå, utan krav om språkkunnskapar. Instituttet i Athen arrangerer også kurs i nygresk. Desse kursa høver godt som frie studiepoeng.
Undervisningsmetodar
Bachelorprogrammet omfattar ulike undervisningsformer; til dømes forelesing, seminar, gruppeundervisning og individuell rettleiing.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Vurderingsformer
Gjennom programmet vert studentane prøvd på ulike måtar, eksempelvis ved mappevurdering, skoleeksamen, rettleidd oppgåve og munnleg prøve.
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Karakterskala
Ved sensur kan det bli nytta ein av to karakterskalaer:
1) Karakterskala A-F
2) Bestått/ikkje bestått
For meir detaljert informasjon, sjå emneplanen for det einskilde emnet.
Grunnlag for videre studium
Bachelorprogrammet i gresk kvalifiserer for opptak til masterprogrammet i gresk.
Relevans for arbeidsliv
Greskstudiet er ei oppøving i tolking av framande kulturuttrykk, det legg vekt på ei nøyaktig og analytisk tilnærming til stoffet og har praktisk forståing som mål. Det gjev eit godt grunnlag i alle yrke der slike eigenskapar er etterspurde, t.d. innan informasjons- og kommunikasjonsarbeid, offentleg forvalting, undervisning, reklame, journalistikk og ei rekkje former for skribent- og tekstarbeid.
Evaluering
Evaluering av programmet vert gjennomført i tråd med Universitetet i Bergen sitt kvalitetssikringssystem.
Programansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Adminstrativt ansvarleg
Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
E-post: studierettleiar@lle.uib.no
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse
Poenggrense ved siste opptak
Poenggrense ved siste opptak
Alle kvalifiserte søkjarar fekk tilbod om studieplass.
Poenggrenser er oppgitt der talet på søkjarar er høgare enn talet på studieplassar.
Antall studieplasser
5
Overgangsordninger
Du kan byte studieprogram både haust og vår. På nettsidene våre får du meir informasjon om kva program som er opne for intern overgang og korleis du søker.
.
Læringsutbyte
Studentar med bachelorgrad i gresk skal ha gode kunnskapar i gresk språk, og frå lesing av originaltekster skal dei og ha førstehands kjennskap til dei viktigaste sjangrane i gresk litteratur. Dei skal
- ha oversyn over gresk formlære og syntaks og være fortrulege med dei ulike grammatiske omgrepa.
- ha kjennskap til gresk metrikk og til særtrekka til dei ulike litterære dialektane.
- være i stand til å bruke språkkunnskapane praktisk gjennom grammatisk analyse.
- lese greske tekstar sjølvstendig, bruke det kritiske apparatet i tekstutgåvene og ta stilling til problem knytte til forståing og omsetjing av tekstane.
- tolke tekstane med syn for deira eiga kulturelle og litterære kontekst.
- kunne omsetje greske tekstar til norsk.
- gjennom bacheloroppgåva ha vist evne til sjølvstendig fordjuping innan eit avgrensa område av faget.
- kunne nytte sin kombinasjon av fag i spesialisering og frie studiepoeng i vidare utdanning eller yrkesplanar.
Oppbygging
Studiet skal innehalde inntil 30 studiepoeng med innføringsemne (ex.phil. og ex.fac.) og 90 studiepoeng med spesialisering i gresk. Du kan velje alle eller delar av dei siste 60 studiepoenga frå andre fag.
Under ser du eit eksempel på korleis du kan legge opp studiet ditt. Det vil også vere mogleg å velje ei anna rekkefølge på emna i programmet ¿ blant anna ved å ta spesialiseringa seinare i studiet, eller ved å bruke eit eller to semester til studieopphald i utlandet. Kanskje har du også høgare utdanning frå før som du vil søke om å få innpassa i studiet ditt? Studierettleiaren for programmet ditt kan hjelpe deg med å sette opp ein plan.
Semester Innhald Studiepoeng
1. semester Examen philosophicum og ¿Examen facultatum 30
2. semester Spesialisering i gresk 30
3. semester Spesialisering i gresk 30
4. semester Spesialisering i gresk 30
5. semester Valfrie emne 30
6. semester Valfrie emne 30
Meir informasjon
Studiekode 184931
| SP = studiepoeng, S = semester, A = anbefalt semester | ||||||||||||
| Førstesemesterstudiet (krav: 30 SP) | ||||||||||||
| Dette bachelorprogrammet skal innehalde 30 studiepoeng innføringsemne (førstesemesterstudiet): Examen philosophicum (EXPHIL-HFSEM eller EXPHIL-HFEKS) Akademisk skriving (EXFAC00AS) Språk og kommunikasjon (EXFAC00SK, tilrådd) eller Tekst og kultur (EXFAC00TKSEM eller EXFAC00TKEKS) Bachelorgraden kan ikkje innehalde meir enn 30 stp innføringsemne. | ||||||||||||
| Obligatorisk emne | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| EXFAC00AS | Examen facultatum, Akademisk skriving | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXPHIL-HFEKS | Examen philosophicum - skuleeksamen | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXPHIL-HFSEM | Examen philosophicum - seminarmodell | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| Vel minst eit av emna | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| EXFAC00SK | Examen facultatum, Språk og kommunikasjon | 10 | 1-6 | 1 | ||||||||
| EXFAC00TKEKS | Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen | 10 | 1-6 | |||||||||
| EXFAC00TKSEM | Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell | 10 | 1-6 | |||||||||
| Spesialisering i gresk (krav: 90 SP) | ||||||||||||
| Minst 90 studiepoeng | ||||||||||||
| Emnekode | Emnetittel | SP | S | A | ||||||||
| GRE101 | Gresk elementærkurs | 15 | 2 | |||||||||
| GRE102 | Gresk prosa og grammatikk | 15 | 2 | |||||||||
| GRE103 | Gresk: Attisk prosa | 15 | 2 | |||||||||
| GRE104 | Gresk: Epikk og lyrikk | 15 | 2 | |||||||||
| GRE202 | Gresk: Attisk drama | 15 | 2 | |||||||||
| GRE203 | Gresk: Stilskriving og attiske talarar | 15 | 2 | |||||||||
| GRE251 | Gresk: Jonisk og etterklassisk prosa med bacheloroppgåve | 15 | 2 | |||||||||
| GRE254 | Gresk: Fordypningsstudium med bacheloroppgåve | 15 | 2 | |||||||||
| Valfrie 60 studiepoeng i bachelor (krav: 60 SP) | ||||||||||||
| Valfritt | ||||||||||||
| SP | S | A | ||||||||||
| Utveksling 1 semester | - | - | ||||||||||
| Utveksling 1/2 semester - 15 stp | - | - | ||||||||||
| Utveksling 2 semester | - | - | ||||||||||