- Når Märtha sin engleskule fekk så stor merksemd i media, er det mellom anna fordi stadig fleire er nysgjerrige på alternativ tru. Temaet har vore lite debattert i media på trass av stor utbreiing. Som representant for kongehuset opna Märtha nokre dører, seier Kalvig, som synest debatten likevel har handla mest om rojal rolleblanding.
Stadig nye idear
I doktorgradsprosjektet sitt «Åndeleg helse. Ein studie av religiøsitet og kjønn i alternativ terapi» tek Kalvig opp spørsmål knytt til ulike former for alternative behandlingsformer og sjølvutviklingsteknikkar. Ho har mellom anna sett nærmare på healing, klarsyn, astrologiske analysar, draumetyding, regresjonsterapi, homeopati og yoga.
- Alternativ terapi er behandlingsformer og teknikkar utan røter i skulemedisin. Mange terapiformer dreg vekslar på austleg filosofi og spiritualitet, medan andre igjen er ei blanding av ulike tradisjonar, fortel ho.
- Eg forskar på alternativ terapi fordi det er som ein godtepose av kunnskap om vår tids førestillingar om kropp, kjønn og spiritualitet. Her blir nye idear stadig produsert og formidla til store pasientgrupper og kursdeltakarar.
Dei ni informantane til Kalvig praktiserer eit breitt spekter av terapiar og behandlingsformer. Som metode brukar UiS-forskaren deltakande observasjon og intervju.
- Eg har mellom anna samla inn livshistorier om kva som fekk terapeutane til å dra ut på den spirituelle reisa. Vidare har eg spurt dei om tankar rundt kropp, kjønn, sjel og ånd og korleis dei ser på alternativ terapi som noko som kan endre samfunnet.
Kropp og kjønn
Kalvig jaktar på ulike forståingar av kropp og kjønn i si forsking. Ho har blitt overraska over informantane si fleirtydige og leikne tenking rundt kjønn.
- Som i samfunnet elles finn eg eit stort spenn i korleis terapeutane tenker rundt kjønn. Eit uttalt premiss er at ånda er kjønnslaus. Kjønn speler ei mindre rolle for mange, seier ho.
- Samstundes vektlegg ein del terapeutar relasjonen mellom mann og kvinne. Andre igjen meiner androgynitet er typisk for den nye tida, at vi både har mann og kvinne i oss, seier Kalvig, som legg til at intervjua ho gjorde med informantane ofte var prega av humor og latter blanda med alvor når dei snakka om kjønn og kjønnsrelasjonar.
- Alle eg har intervjua trur dessutan på reinkarnasjon. Dei meiner vi lever mange liv i ulike kroppar, med ulike kjønn, fortel Kalvig.
- Det tette sambandet mellom kropp, sjel og ånd er også noko av det eg har funne mest utfordrande og spennande. Nokre meiner vi har mange kroppar som ligg lagvis utanpå kvarandre. Mange terapeutar arbeider aktivt med desse andre kroppane som må vere i balanse for at helse og utvikling skal ha gode kår, seier ho.
Kroppsfiksert samfunn
Ho synest kompleksiteten med mange liv, mange kroppar og mange kjønn gjer forskinga på alternativ terapi til ein spennande og aktuell kulturell studie.
- Kulturen vår er kroppsfiksert. Men det er ofte ein lite åndfull kropp det dreier seg om. Kroppen blir gjerne sett på som ein kommersialisert vare, seier Kalvig og legg til:
- I så måte representerer alternativ terapi både kontinuitet og brot med denne kroppskulturen. Dei alternative terapeutane er opptekne av kropp, men dei ser samstundes på kroppen som ei dør inn til andre rom og dimensjonar i oss menneske.
- Dei alternative terapeutane fokuserer med andre ord på dei erfaringane sinn og sjel kan gi oss gjennom kroppen, og ikkje kva kroppen kan prestere eller korleis han ser ut, seier ho.
Spirituelle Stavanger
Med forskingsprosjektet ønskjer Kalvig også å få kunnskap om den lokale alternative terapien i Stavanger-området, kva han inneheld og kva for religiøs eller spirituell tilknyting han har.
- Opp gjennom historia har Stavanger hatt stempel på seg som eit religiøst område. Statskyrkjeleg og frikyrkjeleg aktivitet har hatt mykje å seie. Men i dag er det stadig fleire som vel alternative retningar i si søken etter meining og heilskap, konstaterer ho.
Kalvig vil dermed sjå på kva plass nyreligiøsiteten har i det rogalandske åndslivet, med spesielt fokus på det store terapi- og livsstilsfeltet.
- Kva er koplinga mellom dei alternative terapeutane og tradisjonell religiøsitet? Og kor står dei alternative terapeutane i forhold til ein meir organisert nyreligiøsitet, undrar Kalvig.
Kvinnedominans
Ifølgje kjønnsforskaren er mannlege alternative terapeutar i mindretal. Alternativ terapi og New Age er dominert av kvinner.
- Kvinner er gjerne meir opne for og interesserte i alternativ spiritualitet og alternativ terapi enn menn. Innanfor behandlingsformer som healing er rundt 80 prosent av både behandlarar og brukarar kvinner, seier Kalvig, som fortel at miljøa også oppfattar seg sjølve som kvinnedominerte.
Ei anna forklaring på kvinners interesse for alternativ terapi kan vere skulemedisinens neglisjering av mange vanlege helseplager blant kvinner, meiner Kalvig.
- Om desse alternative behandlingsformene verkar på smerter som kvinner ikkje får behandling for andre stader, er det ikkje rart om dei opplever desse behandlingsformene som positive.
-Det er også interessant at mange kvinner har skapt seg ein arbeidsplass og ei inntekt innanfor alternativ terapi, seier ho.
- Ikkje svermeri
Religionsvitaren og samfunnsforskaren opplever at spørsmål knytt til oss menneske som åndsmenneske til no har hatt liten plass i samfunnsdebatten.
- Dei som ikkje kjenner til dei nyreligiøse retningane, er ofte skeptiske. Men eg kjenner det alternative feltet for godt til å meine at det dei driv med berre er svermeri eller verkelegheitsflukt, sjølv om eg kan ha ein annan livsoppfatning enn dei, seier ho.
- Mykje av tankegodset frå dette feltet har etter kvart blitt mainstream. Mange fleire trur til dømes på reinkarnasjon no enn før. Folk flest er nok ikkje klar over kor vanleg det er å gå til alternative terapeutar eller søke svar i alternativ spiritualitet, trur ho.

English »

