- Det heile starta med to norske ungdommar som valde å ende sitt eige liv på grunn av langvarig mobbing. Hendingane fekk oss til å reagere, fortel Roland, som har via mykje av si tid til forsking på det komplekse fenomenet.
No som han nyleg har gått av som senterleiar ved Senter for åtferdsforsking ved UiS for å vere professor på heiltid, tek vi eit tilbakeblikk. Roland har spilt ei av hovudrollene i det arbeidet som er gjort mot mobbing i Noreg.
1983: Erling Roland og professor Dan Olweus ved Universitetet i Bergen får i oppgåve frå norske myndigheiter å lage eit hefte om tiltak mot mobbing. Heftet blir ein viktig start for arbeidet mot mobbing i Noreg og legg grunnlaget for nasjonale tiltak mot mobbing
- Vi starta med å sende ut ei materiellpakke til alle grunnskular i landet. Heftet og ein film som viste kvardagslege mobbescenar, skulle hjelpe skulane til å ta tak i problemet. Samstundes blei det sett i gang landsdekkande undersøkingar for å kartlegge omfanget av mobbing i skulen, seier professoren.
Ifølgje Roland har både Senter for åtferdsforsking sitt Zero-program mot mobbing og Olweus-programmet røter tilbake til det første anti-mobbearbeidet. Satsinga på arbeid mot mobbing i Noreg skulle vise seg å bli viktig for etableringa av Senter for åtferdsforsking seks år seinare.
1996: Eit nytt statleg initiativ set mobbing på dagsorden igjen. Med ei ny nasjonal satsing på trappene får Erling Roland og kollega Grete Sørensen Vaaland i oppdrag å skrive ei bok om mobbing. Senter for åtferdsforsking får i oppdrag å skolere 300 ressurspersonar i Noreg.
- Med dette arbeidet fekk vi kursa personar frå heile landet i korleis skulane kunne handtere mobbing. Vi måla ikkje effekten av dette arbeidet, men det var likevel ein viktig milepæl i mobbearbeidet i Noreg fordi kunnskapen blei spreidd, seier Roland.
Professoren snakkar ivrig om vegen mot eit stort mål. Han skildrar og fortel som frå eit fotoalbum.
2000: Som nasjonalt senter får Senter for åtferdsforsking i oppdrag å gjennomføre -Samtak, eit svært omfattande kompetanseprogram for å styrke samarbeidet mellom skular og den praktisk psykologiske tenesta (PPT). Om lag 8000 personar deltek i programmet, som rettar seg mot arbeid med sosiale og emosjonelle vanskar, deriblant mobbing.
- Samtak sette fokus på systemarbeid og kor viktig det er at ulike fagfolk og institusjonar jobbar saman for å finne løysingar. Mobbing var eit satsingsområde i programmet, som strekte seg ut i heile Noreg, fortel UiS-professoren.
Samtak varte i tre år. Roland var prosjektleiar. I arbeidet hadde han med seg kollegaene Unni Vere Midthassel, Grete Sørensen Vaaland og Gaute Auestad. Lesesenteret ved UiS hadde ansvaret for temaet lese- og skrivevanskar i prosjektet.
2002: Regjeringa Bondevik tek til orde for arbeidet mot mobbing og lanserer eit manifest mot mobbing den 23. september. Barneombodet, Foreldreutvalet for grunnskulen, Kommunanes Sentralforbund og Utdanningsforbundet skriv også under. Samstundes blir det bestemt at skulane i Noreg skal få tilbod om deltaking i anten Olweus-programmet eller Zero-programmet mot mobbing.
- Mobbearbeidet som tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik gjekk i bresjen for, markerte eit skilje. Om lag 180 skular meldte seg på Zero-programmet, som til saman har blitt brukt av over 350 norske skular til no, seier Roland.
- Kunnskapen om kva mobbing er, blei større blant elevar, foreldre, lærarar og politikarar. Under manifestperioden hadde opp mot 70 prosent av norske skular gjort meir enn før i arbeidet mot mobbing, fortel han.
2004: Under konferansen "Manifest mot mobbing" i Oslo presenterer Roland gode tal frå Senter for åtferdsforsking si Skulemiljøundersøking. Medan mobbinga i Noreg auka med 70 prosent frå 1995 til 2001, var den negative trenden no snudd.
- Frå 2001 til 2004 var mobbinga redusert med heile 30 prosent. Internasjonalt blei Noreg eit førebilete både forskingsmessig og når det gjaldt utvikling av program. Framleis blir mobbearbeidet i Noreg referert til av forskarar verda over, seier Roland.
- I september same år var Noreg vertskap for den internasjonale konferansen «Taking Fear out of Schools», som blei arrangert i Stavanger. Konferansen var resultat av eit viktig samarbeid mellom OECD, Utdannings- og forskingsdepartementet, Utdanningsdirektoratet og Senter for åtferdsforsking, fortel Roland, som sidan den gong har knytt stadig fleire band utanlands.
2007: Interessa for mobbing har eksplodert i forskingsmiljø verda over. Irland og Finland har kome langt i sitt anti-mobbearbeid, og Austerrike og Spania er godt i gang. Latin-amerikanske land er nysgjerrige på Zero--programmet, og aust-europeiske land ser til Noreg.
- Vi har kome langt, men har framleis ein lang veg å gå. Fokuset på mobbing i Noreg har gått av moten. Vi må halde trykket oppe mot mobbing kvar einaste dag, seier Roland, som 5. september la fram eit internasjonalt manifest mot mobbing saman med forskarar frå USA, Canada, Australia, Asia og Europa.
Han er glad for at kunnskapsminister Øystein Djupedal same dag informerte om at han ville innkalle til krisemøte om mobbing.
- Tal frå årets elevundersøking viser at så mykje som 35.000 elevar i skulen blir mobba. Det er urovekkande at talet på mobbeofre er aukande, seier Roland, som håper eit auka fokus på problemet vil kunne snu trenda nok ein gong.
I dag: No gler Roland seg til å forske og undervise på heiltid. Aggresjon, vald og mobbing i barnehage, skule og arbeidsliv er tema han vil studere vidare.
- Eg har alltid vore fascinert av mennesket sine mørke sider. Kva er det som gjer at nokon kan gjere utenkelege ting mot kvarandre igjen og igjen, spør han, og legg til at det blir gjort mykje spennande forsking på senteret, mellom anna knytt til jentemobbing og mobbing blant innvandrarar.
Tida ved senteret og universitetet ser han på som eit fagleg eventyr. Han er takksam for å ha fått vore med på etableringa av Universitetet i Stavanger og utviklinga av ei doktorgrad i spesialpedagogikk.
- Eg har jobba hardt, men hatt det bra her på Ullandhaug. Senter for åtferdsforsking hadde ein trong fødsel med to tilsette og kontor i ei brakke. I dag er vi 26 tilsette som står på for barn og unge med sosiale og emosjonelle vanskar, konstaterer ein nøgd professor, som har hatt gode støttespelarar i kollegaene, og då spesielt Gaute Auestad, Grete Sørensen Vaaland og Unni Vere Midthassel.
- No ser eg fram til å få meir tid til forsking, undervising og kurs i Noreg og i utlandet, konstaterer han.

English »

