I prosjektet deltek forskarar frå tre EU-land og frå Noreg. Dei vil undersøke kvar sin region for å sjå korleis avgjerder om investeringar vert teke. Fokuset vil liggje på prosedyrar, grunnlag og metodar for vedtak.
- Det er veldig morosamt å få tilslag på ein EU-søknad. Av rundt 120 søkarar var det cirka ti prosent som fekk midlar. Det er kjekt å nå opp i ein slik konkurranse, seier førsteamanuensis Jan Frick ved Norsk Hotellhøgskole – Institutt for økonomi og ledelsesfag ved UiS.
Han skal leie den norske delen av prosjektet og vil studere rundt ti kommunar frå Egersund til Sauda.
I Tyskland vil forskarar sjå på Elbe-Weser-regionen i Niedersachsen, i Austerrike på Sydburgenland og i Estland på Tarturegionen.
Handbok for EU
Prosjektet har ei ramme på fire millionar kroner og vil fokusere på avgjerder innanfor energi, turisme og breiband.
Målet er at dei fire landa skal lære av kvarandre gjennom å utveksle erfaringar og kunnskap frå sine deltakarregionar.
I neste omgang skal så kunnskapen overførast til andre land. Erfaringane vert samanfatta i ei handbok om korleis ein best vurderer investeringar innanfor dei tre områda.
Boka er meint som ein arbeidsreiskap for kommunar og regionar innanfor heile EU, og Noreg.
Parallellstudie
Ettersom forskarar frå fleire land tek del i prosjektet, vil det blir gjort ein parallellstudie i dei fire landa.
- Forskarane har ei felles interesse for emna energi, turisme og breiband, seier Frick, og held fram:
- Regionane er på ulike stadium innanfor desse felta, noko som er ein klar styrke for prosjektet. Vi har mykje å lære av kvarandre når tradisjonane og prosessane bak avgjerder er ulike, meiner Frick.
Det er enno ikkje avklart kven andre enn Frick som skal jobbe med prosjektet ved UiS, men Frick forklarar at mange tilsette har kompetanse innanfor dei aktuelle emna.
- Dette er tema som UiS samla sett har svært høg kompetanse på, så prosjektet vil til ein viss grad bli tverrfagleg, seier Jan Frick.
EU-midlar til UiS
Heilt på tampen av EU sitt 6. rammeprogram har UiS fått forskingsmidlar til eit prosjekt om kunnskapsoverføring innanfor energi, turisme og breiband.

Førsteamanuensis Jan Frick synest det er morosamt å få tilslag på ein EU-søknad
Reiseliv
Reiseliv er verdens største næring og en av Norges største eksportnæringer.
Reiselivsforskning er et satsingsområde ved UiS. Aktivitetene er konsentrert rundt miljøet ved Norsk Hotellhøgskole, men inkluderer deltakelse fra flere fakulteter og institutter.
Forskningen har en portefølje med over 90 prosjekter innenfor hotell, restaurant og reiseliv. Blant temaene er
- atmosfære i hoteller
- opplevelser og festivaler
- konsekvenser av røykeloven
- mobbing i restaurantbransjen
- gjester som truer ansatte
- bygdeturisme og kvalitet
- hoteller som flerkulturell arbeidsplass
- måltidsoppelvelser
- bærekraftig reiseliv
- opplevelsesturisme
- utvikling av attraksjoner
- risikostyring i reiselivet
Kontaktperson: Truls Engstrøm

English »
