«Mine stader»
Med «Mine stader» kan du sjølv velje kva stader som skal stå i lista på framsida av yr.no. I tillegg kan du sjå varsel for alle stadene samla på éi side.
Publisert 15.09.2008 14:16. Oppdatert 03.12.2008 19:28.
- Skriv ut

Trykk på «Legg til i Mine stader» når du er inne på eit varse.
Funksjonen «Mine stader» blir vist to stader:
- På framsida av yr.no, ved sidan av det animerte kartet.
- På ei eiga side der du får varsel for alle stadene samla på ei side. Praktisk f.eks. når du vurderer ulike reisemål og vil sjå på vêrvarsla samla.
Trykk på knappen «Legg til i Mine stader» når du er inne inne på eit varsel. Då dukkar denne staden opp i lista på framsida + på «Mine stader»-sida. Du finn knappen heilt oppe til høgre på sida.
Når du trykkjer på «Legg til i Mine stader», lagrar vi ein informasjonskapsel (cookie) på maskina di. Vi lagrar ikkje informasjonen på andre måtar. Dersom du slettar informasjonskapslane på maskina di, vil lista med «Mine stader» forsvinne frå yr.no.
Spørsmål og svar om «Mine stader»:
- Kan eg ha den same lista på fleire datamaskiner? Du må trykkje på «Legg til i Mine stader» på kvar maskin du brukar. Du kan ikkje lagre stadene på ei maskin og så overføre dei til ein annan. Vi kjem ikkje til å lage ein innloggingsfunksjon på yr.no for å kunne lagre desse listene.
- Kor mange stader kan eg ha i lista mi? Du kan ha opptil 12 stader i «Mine stader». Dersom du prøver å leggje til fleire, blir ein av stadene du har lagt til tidlegare sletta.
- Korleis fjernar eg ein stad frå lista mi? Gå inn på staden du vil fjerne, og trykk deretter på «Fjern frå Mine stader» oppe til høgre.
- Eg trykkjer på «Legg til i Mine stader», men lista på framsida endrar seg ikkje. Du må godta informasjonskapslar frå yr.no for at vi skal kunne lagre stadene du vil ha på framsida. Be om hjelp frå administratoren av maskina di, eller ein teknisk kyndig ven!
- Lista over «Mine stader» vart borte! Dersom heile lista forsvinn frå framsida av yr.no, er det mest sannsynleg fordi informasjonskapslane på maskina di er blitt sletta (dette kan i nokre tilfelle skje når du omstartar maskina di, eller om nettlesaren blir oppgradert). Du må gå inn og leggje til ein og ein stad på nytt.
Lenker
Siste saker frå yr.no
Påskens beste og verste vær i nord - Knallpåsken i sør avlyst?
- Påskegodt fra yr.no
- Sjekk påskeværet med mobilen
- Svarte på spørsmål fra deg
- Veldig våt torsdag i Nordland
- Nyt lørdagen i fjellet!
- Godvær og gråvær i «bypåsken»
- Nettmøte om yr.no
- Nå kommer våren i sør og øst
- Kan få knallstart på påsken
- Har du sett denne?
- Slukker lyset på lørdag
- Hvem får sol i helgen?
- Nå skal snøen vekk
- Påskesola kan bli sterk
- Kan redde liv
- Heilt nytt hav og kyst-varsel
- Slik blir været denne uken
- Bursdagsfeiring med dårlig luft
