Vêrvarsel i XML-format
Du kan få prognosar for 7 millionar stader i Noreg og verda i XML-format frå yr.no. Om du er teknisk anlagt, kan du bruke XML-data til å lage nye tenester og applikasjonar.
Før du startar: Du MÅ lese retningslinene for bruk av data frå yr.no som du finn på sida « Lag dine eigne tenester ». Bruk av XML-data i strid med retningslinene kan medføre erstatnings- og straffeansvar.
Alle punkta på yr.no har tilgjengelege varsel i XML-format:
legg til
varsel.xml
til slutt i URL-en på sida:
- www.yr.no/stad/Noreg/Telemark/Sauherad/Gvarv/varsel.xml (nynorsk)
- www.yr.no/sted/Norge/Telemark/Sauherad/Gvarv/varsel.xml (bokmål)
- www.yr.no/place/Norway/Telemark/Sauherad/Gvarv/forecast.xml (engelsk)
Lenker til XML-varsel for viktige stader i Noreg
Du kan laste ned oversyn over XML-ar til fem viktige stader i kvar kommune i landet frå oss. Dette vil gje deg alle dei store byane og dei viktigaste tettstadene. Dei fem stadene som er med frå kvar kommune, er dei du finn om du går inn på ei kommuneside, f.eks. yr.no/stad/Noreg/Telemark/Sauherad/ .
Last ned 2149 stadnamn med lenker til varsel:
viktigestader.txt
.
(Tabulatordelt tekstfil i UTF8.)
E-post
Vi sender ut informasjon når vi lanserer nye tenester eller gjer større endringar i det tekniske tilbodet på yr.no. Du bør melde deg på informasjonslista for å halde deg oppdatert om eventuelle endringar. Vi vil ikkje sende ut mykje e-post på denne lista.
Stadnamna som er plukka ut i kvar kommune er ei blanding av byar, store tettstader og utfartsstader i kommunen, og det er lagt vekt på å få god spreiing på stadene (slik at ikkje ein del av kommunen blir overrepresentert). Dersom du er usamd i utvalet stader, kan du sende ei melding til oss . Meldinga MÅ innehalde framlegg til FEM stader i kommunen, og du må grunngje framlegget ditt.
Lenker til XML-varsel for 700.000 stader i Noreg
Dersom du vil ha varsel for ALLE stadene som finst på yr.no, må du gjere ein større jobb sjølv, samt kjøpe tilgang til Sentralt stadnamnregister (les nedanfor).
URL-ane til XML-filene er bygd opp slik:
- fyrste ledd (stad/sted/place) styrer kva språk du får varselet på.
- andre ledd er land (Noreg/Norge/Norway).
- tredje ledd er fylke.
- fjerde ledd er kommune.
- femte ledd er stadnamnet.
I Noreg fylgjer yr.no konsekvent skrivemåtane og inndelingane til Statens kartverk, henta frå Sentralt stadnamnregister (SSR). SSR kan du kjøpe frå Norsk eigedomsinformasjon, eiendomsinfo.no .
Lenker til XML-varsel for utlandet
Varsla for utlandet fylgjer same mal som i Noreg: legg på varsel.xml til slutt i URL-en.
Vi nyttar stadnamnbasen Geonames for utlandet, med tilsvarande URL-struktur som for Noreg.Du kan laste ned Geonames og byggje opp URL-ane til varsla ut i frå denne basen på eiga hand.
Vi kjem til å leggje ut ferdiggenererte lenker for utlandet òg.
Lenker
Gratis vêrdata frå yr.no
Varmast-kaldast-våtast
| 6. nov. kl 19 til 7. nov. kl 7 | |
|---|---|
| Lista Fyr | 10,5 °C |
| Suolovuopmi Lulit | -22,9 °C |
| Nedre Vats | 25,6 mm |
| 7. november kl 7 til 19 | |
| Lyngør Fyr | 10,6 °C |
| Suolovuopmi Lulit | -26,0 °C |
| Hjelvik-Myrbø | 18,6 mm |