Lag dine eigne tenester med innhald frå yr.no
Svært mykje av innhaldet på yr.no er til fri bruk dersom du vil lage dine eigne tenester basert på innhaldet vårt. Denne sida inneheld viktig informasjon som du MÅ lese dersom du vil bruke innhaldet vårt!
Meteorologisk institutt har frigjeve svært mykje data fordi instituttet ynskjer å spreie høgkvalitets ver- og klimainformasjon.
Du kan bruke fylgjande innhald frå yr.no:
- Data i XML-format (varsel for eit punkt, f.eks. ein tettstad eller eit fjell). Meir informasjon på sida Vêrvarsel i XML-format .
- Radarbilete frå Noreg, som du finn på api.yr.no/weatherapi/radar/1.0/documentation OBS! Dette gjeld IKKJE Norden-radaren.
- Varmast/kaldast/våtast (daglege rekordar) som du finn på api.yr.no/weatherapi/extremeswwc/1.0/documentation .
VIKTIG: Retningsliner for bruk av fritt innhald frå yr.no
Du kan berre bruke innhald som er omtalt i lista lengre oppe på denne sida.
E-post
Vi sender ut informasjon når vi lanserer nye tenester eller gjer større endringar i det tekniske tilbodet på yr.no. Du bør melde deg på informasjonslista for å halde deg oppdatert om eventuelle endringar. Vi vil ikkje sende ut mykje e-post på denne lista.
Hugs at reglane kan endre seg – utan at vi treng varsle deg på førehand – så pass på å sjekke denne sida ofte! Som regel vil vi sende ut varsel på nyheitsbrevlista for utviklarar, meld deg på i boksen på sida.
Alt innhald som du hentar frå oss skal merkast på fylgjande måte:
- «Vêrvarsel frå yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK» (nynorsk).
- «Værvarsel fra yr.no, levert av Meteorologisk institutt og NRK» (bokmål).
- «Weather forecast from yr.no, delivered by the Norwegian Meteorological Institute and the NRK» (engelsk).
Merkinga skal vere i same skriftstorleik som resten av teksten din, og skal vere godt synleg for publikum.Teksten skal vere ei lenke til den aktuelle sida varselet er henta frå, f.eks. http://www.yr.no/stad/Noreg/Rogaland/Stavanger/Stavanger/. Dersom du har for lite plass tilgjengeleg, kan du forkorte merkinga slik:
- «Varsel frå yr.no» (nynorsk)
- «Varsel fra yr.no» (bokmål)
- «Forecast from yr.no» (engelsk)
Dersom tenesta ikkje inneheld lenker (for eksempel dersom du vil vise vêrvarsel på ein TV-skjerm eller liknande), må du bruke den lange krediteringa.
Du kan ikkje endre det meteorologifaglege innhaldet (du kan f.eks. ikkje plusse på eit par gradar for å få varselet til å sjå betre ut).
Du har lov til å vidaredistribuere innhaldet dersom du krediterer oss. Du har lov til å bruke innhaldet vårt saman med vanleg reklame på ei nettside.
Du har ikkje lov til å bruke innhaldet vårt på nettsider med pornografisk eller rasistisk innhald, eller på nettsider som bryt norsk lov.
Lenker
Gratis vêrdata frå yr.no
Varmast-kaldast-våtast
| 6. nov. kl 19 til 7. nov. kl 7 | |
|---|---|
| Lista Fyr | 10,5 °C |
| Suolovuopmi Lulit | -22,9 °C |
| Nedre Vats | 25,6 mm |
| 7. november kl 7 til 19 | |
| Lyngør Fyr | 10,6 °C |
| Suolovuopmi Lulit | -26,0 °C |
| Hjelvik-Myrbø | 18,6 mm |