yr.no

Skriv stadnamn, f.eks. Stavanger, Røst eller Beijing.
29.05.2008

Vêrvarsel i PHP-format

Vi har laga eit ferdig PHP-script som du kan bruke og inkludere på nettsidene dine.

PHP er eit programmeringsspråk som er vanleg i mange publiseringssystem (f.eks. Wordpress og Joomla). Mange servarar har støtte for PHP.

Vêrdata

Infobrev (VIKTIG!)

Vi sender ut informasjon når vi lanserer nye tenester eller gjer tekniske endringar på yr.no. Du bør melde deg på infolista for å halde deg oppdatert om endringar. Vi vil ikkje sende ut mykje e-post på denne lista.

PHP-varselet er ein testversjon (beta) som vi legg ut no for å få tilbakemeldingar på korleis det fungerer!

Vi vil VELDIG gjerne ha tilbakemeldingar på korleis scriptet fungerer, slik at vi kan lage ei god brukarrettleiing / gjere endringar i scriptet.

Du bør sjekke denne sida seinare for å sjå om det kjem oppdateringar av scriptet. Send tilbakemeldingar til ver@nrk.no.

Scriptet vart lagt ut fyrste gong 30. april, og er sist endra 20. mai. Du bør alltid oppgradere til siste versjon!

Slik ser PHP-varselet ut: Vêrvarsel frå yr.no på kvås.no

 

Slik gjer du det

  1. Last ned scriptet (zip-fil) og pakk ut filene til ei mappe på maskina di.
  2. Rediger fila yr.php med eit tekstredigeringsprogram (f.eks. Notisblokk/Notepad). Det står instruksjonar øvst i fila som du må lese nøye.
  3. Bruk eit FTP-program og last opp filene til servaren din (kontakt leverandøren av netthotellet ditt dersom du treng hjelp til dette).
  4. I FTP-programmet: Sett CHMOD til 777 på mappa data. Sjå nedanfor om du treng hjelp.
  5. Gå til http://www.dittdomene/yr.php.
  6. Sett CHMOD til 755 på mappa yr. Sjå nedanfor om du treng hjelp.

Du kan òg kopiere ut PHP-koden i yr.php og lime det inn i ei anna side (inkludert i designet ditt). Pass på at du gjer om innstillingane i yr.php i samsvar med dette.

Du må gjerne endre på scriptet dersom du kan PHP, men hugs at du må fylgje retningslinene for bruk av data frå yr.no (du må mellom anna ha lenke til yr.no godt synleg på sida di).

Lukke til!

 

Viktig!

  • Dersom vi gjer endringar på yr.no som har innverknad på korleis PHP-varselet fungerer, vil vi i dei fleste tilfelle sende deg ein e-post dersom du melder deg på lista over (ca seks epostar i året). Fyll ut namn og e-post i skjemaet litt opp til høgre.
  • Les vilkåra for bruk av data frå yr.no på retningslinene for bruk av data frå yr.no.
  • yr.no kan diverre ikkje gje brukarstøtte eller hjelpe deg med å implementere PHP-scriptet på nettsidene dine. Dersom du ikkje får scriptet til å fungere, må du få hjelp av ein person som kan PHP og enkel servaradministrasjon.
  • Dersom du vidareutviklar scriptet (fjernar eventuelle feil eller legg til nye funksjonar), vil yr.no gjerne dele det du har gjort med andre brukarar! Dersom du ynskjer å dele det du har gjort med andre, send ein e-post til yr (krøllalfa) met.no.

 

Kreditering

CHMOD-hjelp

CHMOD styrer mapperettar på servaren din. Når du stiller inn CHMOD777, blir mappa yrrss skrivbar for alle.

Chmod 777 i Filezilla

CHMOD 777: I FTP-programmet Filezilla (som er ganske vanleg) høgreklikkar du på mappenamnet og vel Filatributtar. Skriv 777 i feltet i botn.

Gratis vêrdata frå yr.no