yr.no

Skriv stadnamn, f.eks. Stavanger, Røst eller Beijing.
31.05.2008

Forklaring til XML-formatet

Denne sida forklarer innhaldet i XML-ane for yr.no.

Vêrdata

Infobrev (VIKTIG!)

Vi sender ut informasjon når vi lanserer nye tenester eller gjer tekniske endringar på yr.no. Du bør melde deg på infolista for å halde deg oppdatert om endringar. Vi vil ikkje sende ut mykje e-post på denne lista.

Du bør lese artikkelen Vêrvarsel i XML-format fyrst.

Denne artikkelen forklarer innhaldet i vêrdata-XML-ane frå yr.no, f.eks. www.yr.no/sted/Norge/Oslo/Oslo/Blindern/varsel.xml.

Du må ha kjennskap til XML og programmering med XML for å forstå denne artikkelen.

Location

Noden har informasjon om offisielt stadnamn, type stad, land og tidssone. Timezone har namnet på tidssona og avvik i minutt samanlikna med UTC-tid.

Links

I fylgje retningslinene våre MÅ du lage lenke til URL-en som står spesifisert i <link id="overview">.

Dei andre lenkene som er spesifisert i Links, kan du sjølv velje om du vil lenke opp eller ikkje.

Framlegg til lenketekst:

  • overview. Varsel for <stadnamn> på yr.no
  • hourByhour. Time for time-varsel for <stadnamn> på yr.no
  • weekend. Helgevarsel for <stadnamn> på yr.no
  • longTermForecast. Langtidsvarsel for <stadnamn> på yr.no
  • radar. Værradar for <stadnamn> på yr.no

Text

Denne bolken inneheld tekstvarsel for eit heilt fylke. Dersom du har plass, bør du ta med denne teksten.

Time from/to spesifiserer tidsintervallet kvart tekstvarsel gjeld for. Du finn den same informasjonen i Title (her er dagnamna spesifisert).

location name inneheld namnet på fylket. Det er svært viktig at du tek med dette namnet, elles blir varselet delvis uforståeleg.

Du bør merke tekstvarselet slik: «Meteorologens tekstvarsel for Buskerud for tirsdag». Har du dårleg plass, kan du forkorte til «Buskerud tirsdag» før den aktuelle teksten.

Tabular

I denne bolken finn du det vanlege varselet for punktet. Varselet er rekna ut nøyaktig for staden som er spesifisert i toppen av XML-en.

Time from / to / period

Dato og klokkeslett for intervallet varselet gjeld for. Alle tidspunkt er i lokal tid for staden du ser på (tidssoneinformasjonen er spesifisert i toppen av sida).

Vi delar inn varsla i fire periodar: 1 morgon, 2 dag, 3 kveld, 0 natt.

Symbola og nedbøren gjeld for heile intervallet.Temperatur og vind gjeld for det fyrste tidspunktet i intervallet.

Symbol

Symbola er spesifisert med symbolnummer og symbolnamn.

Du finn eit oversyn over alle symbola våre (med nummer) på Symbol på yr.no.

Precipitation

Nedbørsvarsel i millimeter.Dersom du skal vise nedbøren direkte, bør du runde av og ikkje vise desimalar.

WindDirection

Vindretning i gradar.

WindSpeed

Vindstyrke i millimeter per sekund (m/s) med tilhøyrande namn.

Temperature

Temperaturvarsel i Celcius. Dersom du skal vise temperaturen direkte, bør du runde av og ikkje vise desimalar.

Gratis vêrdata frå yr.no