yr.no

Skriv stadnamn, f.eks. Stavanger, Røst eller Beijing.
29.05.2008

Supert pinsevêr i Sør-Noreg

Bading (Scanpix)

Vêrmeldinga for pinsa ser svært bra ut for Sør-Noreg med sol og høge temperaturar. I Nord-Noreg blir det sludd og kuling.

Folk i Sør-Noreg kan gle seg til pinsa.

– Det blir godt vêr i heile Sør-Noreg det aller meste av pinsa, seier vakthavande meteorolog Håkon Melhus. Aust- og Sørlandet får stabilt godt vêr med høge temperaturar frå torsdag til og med sundag.

På Nordvestlandet ser det ut til at det vil skye til og bli skiftande vêr på sundag. Frå laurdag kveld er det meldt sørvestleg opp i liten kuling på kysten av Møre og Romsdal, og det vil mest sannsynleg vere regnbyer på både laurdag og sundag.

– På Vestlandet er det lokalt stor grasbrannfare fordi det har kome svært lite nedbør dei siste dagane, fortel Melhus vidare.

Pinsevêr

Dårleg vêr i Nord-Noreg

Nordover blir det derimot til dels svært dårleg vêr i langhelga. Vêrvarslinga for Nord-Noreg åtvarar om vanskelege køyreforhald i Troms og Finnmark på grunn av sterk vind og snøbyer.

– Dei sørlege delane av Nordland kan få til dels pent vêr på laurdag, men nordover vil det vere sterk vind frå sørvest og nordvest. Dette gjer at det kjem kjøleg vêr med sluddbyger og snø, seier Håkon Melhus.

I Troms og Finnmark melder Vêrvarslinga for Nord-Noreg om nordvestleg kuling og kortvarig liten storm på kysten i nord, med nordvestleg bris på sundag. Det vil vere kaldt i heile perioden.

 

Sjekk ut Meteorologens tekstvarsel for meir detaljert varsel.

Siste saker frå yr.no