Tok bilete av vindfenomen i Lærdal
SJELDAN VARE: Ifølgje Meteorologisk institutt er ikkje ein så 'velskapt' trombe eit veldig vanleg syn.
Foto: Inger HandegårdInger Handegård fekk hakeslepp då ho kom køyrande rundt svingen på E16: Der steig ei tornadoliknande skypumpe rett til vers.
Publisert 11.05.2011 09:19. Oppdatert 11.05.2011 11:01.
- Skriv ut
Tornado
- Ein raskt roterande luftsøyle som vert kjenneteikna ved eit trakt- eller snabelliknande nedheng frå ei kraftig bygesky.
- Tornadoen er den kraftigaste av lokale virvelvindar som skypumpe og støvvirvel.
- Sjølve virvelen har tverrmål i storleik 100 meter.
- Det har vore målt vindhastigheiter opp til 512 km/h i tornadoar.
- Omgrepet trombe vert nytta til å beskrive svake skypumper eller tornadoar i Norden.
- Kjelde: Store norske leksikon
– Det er den største naturopplevinga eg har hatt, seier Inger Handegård til NRK.no.
Ho er glad ho stort sett har med seg fotoapparatet når ho er ute og reiser. For søndag var ho på veg heim til Gaupne, då ho med eitt fekk auge på den store skypumpa like ved E16 på Ljøsne i Lærdalsdalen.
Det er Sogn Avis som onsdag skriv om den noko spesielle hendinga i Lærdal.
– Eg runda svingen, og sa berre «hæ?!» då eg fekk auge på ein tornado, humrar Handegård overfor NRK.no.
– Må ha vore fleire hundre meter høg
Ho har aldri skifta objektiv på kameraet sitt så raskt som då ho stressa for å sikre seg bilete.
– Skypumpa strekte seg oppover mot himmelen, og må ha vore fleire hundre meter høg, fortel Handegård.
– Eg måtte bruke vidvinkel for å få med heile fenomenet på bilete, seier ho.
LES OGSÅ:
Ikkje rapportert om skader
Klokka var seks på ettermiddagen, og det var heile 23 grader i Lærdal denne dagen.
– Eg har sjeldan eller aldri sett ein trombe med så fin struktur. Den er sjeldant velutvikla, seier klimaforskar Hans Olav Hygen til NRK.no.
Truleg har skypumpa - eller tromben - oppstått som ei følgje av at det var varmt i dalen og kaldt i høgda.
– Dette er stilig. Og eg reknar med at lause saker og ting må ha blitt flytta på - for det er stor kraft i slike tromber. Men det er klart; det er jo eit lite fenomen samanlikna med amerikanske tornadoar, seier han.
- LES OGSÅ: Tok bilete av mystisk lys
Ikkje ein tornado som dei amerikanske
– Eg vil nok ikkje kalle dette ein tornado, det er meir rett å kalle det ein trombe eller skypumpe. Det ser ut for å vere støv som vert virvla opp, seier statsmeteorolog Kristen Gislefoss.
Ifølgje definisjonen bør både regn og torden vere involvert for at ein står overfor ein tornado. I dette tilfellet meiner Gislefoss det er snakk om ein såkalla trombe - ei traktforma sky på undersida av ein skybase som ikkje strekkjer seg heilt ned til bakken.
– Eg forstår godt at folk synest dette er spennande. Det er ikkje eit daglegdags syn, og det er noko vi stort sett høyrer om frå Amerika - men det skjer frå tid til anna i mindre målestokk også her, seier Gislefoss.
Det skal ikkje ha blitt rapportert om skade som følgje av skypumpa i Lærdalsdalen.
Kart
Tornado på Nedre Ljøsne
Kilde: Google Maps
Les
Siste saker frå yr.no
– Det vakreste værfenomenet - Hundretusener evakuert etter storm
- Gode sjanser for sol denne uken
- Mange fortsatt evakuert etter flom
- En kliss våt uke på Sørlandet
- Uværet er på vei mot Østlandet
- Sol, sommer og 25 varmegrader
- Hva er et kulelyn?
- Opplever opp mot 50 varmegrader
- Slik har sommeren vært i år
- Finværet finner du fortsatt i nord
- De varmeste dagene var lengst nord
- Hva slags skyer gir tordenvær?
- Snø på verdens tørreste sted
- Her blir det bra vær i helgen
- Mot rekordlite is i Arktis i sommer
- Nå skinner endelig solen i sør
- Derfor bommer yr.no på bygene
- Fortsatt for kaldt i sjøen for deg?
- Trønderne kan juble denne uken

