Om yr.no
Meteorologisk institutt og NRK står bak yr.no, som skal bli den største og mest komplette vêrtenesta i Noreg.
Vanlege spørsmål til yr.no Kontakt og hjelp
Meteorologisk institutt og NRK har samarbeidd i meir enn 50 år for å formidle vêrvarsel til Noreg. I 2007 utvida institusjonane samarbeidet til òg å gjelde internett, då yr.no vart offisielt lansert 19. september. Testversjonen av yr.no vart lagt ut i slutten av mai.
Sidene du ser i dag er den fyrste versjonen av det vi håpar at skal bli den største og mest komplette norske vêrtenesta. Vi vil lansere nye tenester og leggje ut meir data fortløpande. Skriv gjerne til oss om du har tilbakemeldingar eller ynskjer om andre tenester!
Kva kan du finne på yr.no?
På yr.no får du varsel for 7 millionar stader i Noreg og verda. Dei norske stadnamna fylgjer offisiell rettskriving frå Statens Kartverk. I tillegg tilbyr vi nyheiter og faktainformasjon som har med vêret å gjere.
På sikt vil vi lage eigne varsel for kyst og hav, vi skal leggje ut klimainformasjon og –statistikk og det kjem eit meteorologisk leksikon. I dag finn du lenkje til denne informasjonen som ligg på met.no.
Vêrvarsla på yr.no er basert på data frå Meteorologisk institutt og frå dei internasjonale samarbeidspartnarane til instituttet (ECMWF, EUMETSAT etc.). Nokre av varsla er retta mot «vanlege folk» medan andre vil vere så spesialiserte at dei berre er av interesse for nokre få. yr.no blir finansiert av skatte- og lisenspengar, og skal difor vere «noko for alle».
Siste saker frå yr.no
-
Havet stiger dobbelt så raskt
- Trafikken kan øke i Arktis
- Falske ekko
- Permafrosten tiner
- Klimaeksperiment vant Prix Europa
- Varm høst
- Driftsproblemer på yr.no mandag
- Hvor er det snø?
- Varmere vinter
- Måling av snø
- Fredspris også til norske forskere
- Regnfest i Bergen
- Turist-Norge blir våtere og varmere
- Vietnamesiske landsbyer under vann
- Kjøligere og våtere vekstsesong
- Varmere enn normalen
- Våt september i vest
- Regntøy eller solbriller på ferie?
- Yr av glede
- Eneste kvinne i Nordishavet