|
Workshop med Mauricio Paroni de Castro 25-29.mai 2003!
Mauricio Paroni de Castro har budd 16 år i Italia. Her studerte han teater og arbeidde med kjente regissørar som Tadeuz Kantor og Heiner Müller. Tre år studerte han Ibsen. Mauricio har reist mykje og har arbeidd med teater i mange land. Dette speglar seg i måten han gir regi på. Han nyttar samanlikningar som viser til alt frå ur-indianarar til tecnofiserte japanarar. Dette tyder at ein med Mauricio ikkje berre lærer teater, men også interessante fakta.
Hans måte å gi regi på er langt meir personleg enn Stanislavskij baserte metodar. Avdi han er ein "menneskekjennar" ser han muligheitene i skodespelaren og gir regi ut ifrå muligheiter og livssituasjon. Med denne måten å gi regi gir Mauricio skodespelaren sjølvinnsikt. Han har til nå satt opp 43 teaterframføringar i Skotland, Italia og Brasil.
Nytt denne sjansen til å arbeide med ein spennande brasiliansk regissør!!
--------------------------------------------------------------------------------------------------------
Nettverkssamling i Volda
Dramaseksjonen i Volda har ansvar for Nettverkssamling for drama/teater utdanningar på høgskole og universitet i Noreg for år 2003.
Stad: Første natt Volda, så to netter på Øye Tid: 8.-11.oktober (Marit har satt av datoane på Hotell Union)
Av programmet kan røpast:
- Skodespelaren i ulike regikonsept. Her kjem det mange spennande regissørar som skal leie ulike Works-shops.
- Rollespel for ein kveld. Dette vil skje på fasjonable Union Hotell, Øye, med påfølgjande overnatting med ekte spøkelse.
- Seminar og omvisning på Ivar Aasen-tunet.
- Nettverkssaker kor kvalitetsreformas konsekvensar for drama/teaterutdanningane står i fokus.
Kontaktperson Marit Ulvund, tlf. 7007 5365
|