|
Hovudutforminga for skulen som lærande organisasjon er utvikling av læringsmiljøet og organisering av det slik at det best mogeleg fremjar læring for elevar og for personalet som profesjonelt fellesskap. Lærande organisasjonar er mellom anna kjenneteikna av fleksibilitet i arbeidsmåtar og organisering, kompetanseutvikling og kunnskapsspreiing, samhandling med andre kompetansemiljø og erfaringsspreiing.
HVO tek mål av seg til å vere ein viktig medspelar i denne prosessen. Måten vi vil samarbeide med skuleeigarane på , byggjer på erfaringar som er gjort frå tidlegare reformprosessar i norsk skule og er oppsummert av professor Peder Haug i artikkelen ”Når skulen skal bli betre”. I første omgang vil vi søke kontakt med skuleeigarar for å kome i dialog og inngå samarbeidsavtalar som går over tid. Målet er at tiltaka skal føre til ein skule som sikrar elevane og lærlingane tilpassa opplæring med høve til å utvikle sine evner og talent.
HVO har organisert seg med ei utviklingsgruppe samansett av personar frå prioriterte fagmiljø med ein fagleg koordinator som leiar. Den administrative koordineringa vil Kontoret for etter- og vidareutdanning med prosjektleiar Oddbjørn Nes ha ansvaret for.
Fagggruppa for masterstudiet i spesialpedagogikk drøfta under sak 100/2004 spørsmål knytt til utfordringar i høve ny utdanningsreform i grunnutdanninga.
Det vart fatta slikt vedtak: ”Vi vil gje tilbod om å legge til rette deler av innhaldet frå emna 1 – 5 frå master spesialpedagogikk for skular, kommunar og regionar. Vi tek sikte på vere med på ulike former for utviklingsarbeid, prosessarbeid der vi har ansvar for å gje faglege bidrag og gje hjelp til å utvikle strategiar for arbeidet lokalt. Føresetnaden er at mottakarane sjølve har ansvaret for å sette i gang, halde oppe og føre arbeidet vidare på sin stad.
Inkludert i dette kan vi tilby kurs med og utan definerte studiepoeng.
Det er ein føresetnad at det blir stilt ressursar til disposisjon, og at rammene som skal gjelde for denne satsinga blir klargjort på førehand.”
Emna i det yrkesretta masterstudiet i spesialpedagogikk er desse:
Som ein sentral del av innhaldet i studiet er mange av dei satsingsområda som er nemnde i dei sentrale planane, t.d. læreplananalyse, lokal planlegging, individuelle opplæringsplanar, skulebasert vurdering, lærande organisasjon og skuleleiing. Studiet er spesielt fokusert på tilpassa opplæring, ikkje fordi dette er eit spesialpedagogisk tiltak, men fordi det kan vere ein måte å redusere spesialundervisning på, og som er ei målsetting ut frå sentrale styringsdokument.
Konklusjon: vi har nokså mykje av det som er framme i den nye satsinga. Vi er villige til å gå inn i regionar, kommunar og skular for å yte assistanse i samarbeid med dei som arbeider der på dei vilkåra som er nemnde i vedtaket.
Volda 23. november 2004
Peder Haug
For meir informasjon om spesial pedagogikk sjå tekst i studiekatalogen>>
|