|
Engelsk II er eit 10-vekttals studium lagt over eitt år. Studiet kvalifiserer studenten til arbeid som engelsklærar i grunnskulen og vidaregåande skule og svarar til dei andre 10 vekttala av engelsk grunnfag. Bestått kurs i Engelsk II gjev grunnfagskompetanse.
Studiet bygg på Engelsk I og kan byggast på til mellomfag og hovudfag og er bygt opp rundt disiplinane grammatikk, fonetikk, litteratur, samfunnsstudium og fagdidaktikk/metodikk.
Munnleg og skriftleg bruk av språket er ein viktig del av alle disiplinane.
|