|
Engelsk grunnfag er eit 20-vekttals studium lagt over eitt år. Studiet kvalifiserer studenten til arbeid som engelsklærar i grunnskulen og vidaregåande skule og kan byggast på til mellomfag og hovudfag.
Studiet kan brukast som ein del av ein Cand. Mag. grad og er bygt opp rundt disiplinane grammatikk, fonetikk, litteratur, samfunnsstudium og fagdidaktikk/metodikk.
Munnleg og skriftleg bruk av språket er ein viktig del av alle disiplinane.
Ein ekskursjon til Storbritannia er ein del av studiet.
|