|
|
ENGELSK - 10-VEKTTALSEININGAR OG GRUNNFAG Tilbodet i engelsk ved Høgskulen i Volda er bygd opp kring det eittårige grunnfagsstudiet, som kan delast opp i første og andre 10-vekttalseining i lærarutdanninga eller i deleksamenar for deltidsstudentar.
OPPTAKSKRAV OG KOMPETANSE Engelsk 1 er eit tilbod til lærarstudentar, lærarar og andre som ynskjer vidare-utdanning. Engelsk 2 er eit påbyggingsstudium til Engelsk 1, og ein må ha fullført og bestått Engelsk 1før ein kan ta eksamen i Engelsk 2. Dei som har avlagt eksamen engelsk grunnfag (Engelsk 1+2) ved Høgskulen i Volda, kan gå vidare til mellomfagsstudium ved andre høgskular og universitet.
MÅL Gjennom å gi studenten fagleg innsikt, skal studiet både kvalifisere til lærararbeid i grunnskulen, legge grunnlaget for vidare engelskstudium og vere eit middel til personleg utvikling.Dette tredelte hovudmålet inkluderer fylgjande delmål:
Studiet skal gi: - auka språkglede og kunnskap om språk - øving i å bruke språket skriftleg og munnleg - innsikt i kultur og samfunn i land der engelsk er hovudspråk - gode litteraturopplevingar - innsikt i arbeid med og bruk av litteratur - grunnlag for å planleggje, gjennomføre og vurdere eiga undervisning - grunnlag for å vurdere læreverk og fagplanar, og for å ta del i vidareutvikling av faget
ORGANISERING OG ARBEIDSMÅTAR Studieåret for alle tre einingane startar i august og endar med eksamen i mai/juni. I studieåret 2000/2001 vil undervisninga for første og andre 10-vekttalseining bli integrert i grunnfagsundervisninga. Undervisninga vil vere på faste vekedagar, men veketimetalet kan variere noko.
Første 10-vekttalseining, Engelsk 1, er eit halvtidsstudium over eitt år. Opplegget for studiet bygger på rammeplan for lærarutdanning og utgjer samstundes første delen av grunnfagsstudiet.
Andre 10-vekttalseining, Engelsk 2, er eit påbyggingsstudium til første 10-vekttalseining og utgjer siste delen av grunnfagsstudiet.
Engelsk grunnfag (20 vekttal) er eit fulltidsstudium over eitt år. Det er både eit vidareutdanningstilbod for lærarar og eit tilbod for studentar som ynskjer å bygge opp ein cand.mag.-grad. Dei som har avlagt engelskeksamen ved Høgskulen i Volda, kan gå vidare til mellomfagsstudium ved andre høgskular og universitet. Studiet krev fullt arbeid gjennom heile studieåret, og ein rår difor studentane frå å ha jobb eller andre studium ved sidan av.
Deltidsstudium For å legge til rette for deltidsstudentar i arbeid, er det frå våren 2001 mogleg å ta grunnfagseksamen i fem delar: språk (fonetikk/grammatikk/omsetting), litteratur, samfunnsstudium, metodikk/didaktikk og munnleg.
Arbeidsmåtar Undervisninga vil vere basert på ein kombinasjon av førelesingar, tutorials, par- og gruppe-arbeid.
Tutorials: Studentane vil bli delt inn i grupper med kvar sin faglærar (tutor). I desse timane vil ein ta føre seg skriftlege arbeid frå studentane og dessutan ta opp faglege tema. Denne undervisningsforma vil gje studentane nærare kontakt med kvarandre og med faglærar og gje høve til munnleg og skriftleg trening. Det er obligatorisk frammøte til desse timane, og kvar student må levere skriftlege arbeid i løpet av studieåret.
Kollokviegrupper: Alle studentane bør ta del i kollokviegrupper, då desse gir høve til å arbeide vidare med stoffet som vert tatt opp i fellestimane. Lærarane kan dele ut oppgåver til bruk i gruppene, og ein oppmodar studentane til å ta føre seg gjennomgått pensum kvar veke.
Film-timar: I tillegg til undervisningstimane vil det bli sett av timar til vising av filmar/videogram som er meir eller mindre pensumrelevante. Desse vil bli viste ein ettermiddag i veka.
Sjølvstudium: Ein stor del av studietida må brukast til sjølvstudium. Ein må lese tekstar, arbeide med å auke ordtilfanget, løyse oppgåver, skrive essays og bu seg til diskusjonar. Mykje av siktemålet med studiet er å opparbeide ein større språkleg dugleik, og studentane bør difor sørge for å utsetje seg for så stor språkleg påverknad som råd er, både i tale og skrift, og sjølve bruke språket så ofte dei kan. Det vil bli gitt råd om individuelt tilpassa øvingar og anna arbeid.
Undervisningspraksis Studentar som skal ha praksis, får 20 timars praksis per 10-vekttalsseining, altså 40 timar for udelt 20-vekttalsseining/grunnfag.
Det skal skrivast individuell praksisrapport.
Studietur til England Studietur A For Engelsk 1 blir det arrangert ein 10-dagars ekskursjon til England. Vi har etablert eit nett av vertsfamiliar og skular i Cambridgeshire. Studentane bur privat i 4-5 dagar og observerer/tek del i undervisninga i barne- og ungdomsskular. Eit 3-dagars opphald i London og 2 dagar i York avsluttar turen. Kostnadene blir om lag kr.6.500 for reise, kost og losji og det fastsette programmet.
Etter turen skal ein skrive ein rapport med bl.a. evaluering av turen. Studieturen er ein obligatorisk del av kurset, og ein må søkje om å bli fritatt. Studenten må i så fall gjennomføre eit prosjektarbeid i samråd med ein faglærar.
Studentar som tek Engelsk 2 kan òg ta del i ekskursjonen. Den er ikkje obligatorisk for desse.
Studietur B I grunnfagskurset inngår ein obligatorisk studietur til England. Hovuddelen av denne er eit kurs i Stratford-upon-Avon lagt opp for oss av "The Shakespeare Centre". Programmet er sett saman av forelesingar og diskusjonar på dagtid, og teaterframsyningar på kveldstid. Ein vil sjå og få gjennomgått fleire av skodespela på pensum. Førebels overslag viser at Stratford-kurset, med kost, losji, undervisning, teaterbillettar, utflukter, busstransport til og frå London vil koste ca £400 per person. I tillegg kjem reise t/r Volda-London.
Studieturen er ein obligatorisk del av kurset, og ein må søke skriftleg om å bli bli fritatt frå å reise. For dei som ikkje dreg til Stratford, vil det bli lagt opp til seminar om Shakespeare-stykke på pensum. Deltaking og frammøte i dette er obligatorisk.
Studentar på Engelsk 2 kan òg ta del. Turen er ikkje obligatorisk for desse.
Studieevaluering og fagkritisk arbeid Studieevaluering og fagkritisk arbeid vert gjennomført i samsvar med retningsliner godkjende ved høgskulen. Ein oppmuntrar elles studentane til å gi tilbakemeldingar direkte til lærarane, eller gjennom tillitsvald student.
INNHALD
Studiet er bygd opp av fem disiplinar: Fonetikk. -Grammatikk. -Litteratur. -Samfunnsstudium. -Fagdidaktikk/metodikk
I det fylgjande vert det skilt mellom emna som høyrer til pensum i første 10-vekttalseining (Engelsk 1), merka med I og emna i andre 10-vekttalseining (Engelsk 2), merka med II. Grunnfagspensumet omfattar både I og II.
Fonetikk Siktemålet med fonetikkundervisninga er tredelt:
- gi studentane kunnskap om emnet - gi høve til å forbetre eigen uttale og intonasjon slik at ein kan fungere som god språkmodell - setje framtidige lærarar i stand til å rettleie elevar
Det blir undervist i standard britisk uttale (RP), men konsekvent amerikansk uttale blir godkjent på lik linje med RP. Alle studentar må likevel bruke det same lydskriftsystemet (IPA), som også blir brukt i norske skulebøker.
Undervisninga i fonetikk vil vere ein kombinasjon av førelesingar, uttaleøvingar og transkripsjonsøvingar. Hovudtyngda av fonetikkopplæringa ligg i første 10-vekttalseining.
Fonetikk I: Fonetikkens plass i språklæra; Taleorgana; Fonem og allofonar; Gjennomgang av alle engelske fonem, med vekt på norske problem; Trykk og svake former; Intonasjon.
Fonetikk II: Variantar av engelsk, særskilt skilnaden mellom britisk og amerikansk engelsk, men også andre nasjonale variantar, og britiske regionale og sosiale variantar.
Lydutvikling (språkhistorisk forklaring på skilnaden mellom uttale og skrift). Vidare arbeid med intonasjon.
Grammatikk Studiet skal gi ei innføring i grammatiske omgrep (terminologi), i engelsk ordstruktur (morfologi) og setningsbygnad (syntaks). Ein vil kunne ta opp grammatiske problem etter ynske frå studentane. Det vil bli brukt mange øvingar. Omsetjing går inn som ein del av grammatikkundervisninga.
Grammatikk I: Terminologi, morfologi, syntaks. Eit utval emne basert på feilanalyse og/eller ynske frå studentane.
Grammatikk II: Morfologi, syntaks, idiomatikk og praktisk språkbruk. Det vil bli lagt vekt på å utvikle språkmedvit; gi innsikt i kva språk er, og samanhengen mellom språk og kultur.
Litteratur Litteraturen er ei uvurderleg kjelde til språkleg rikdom, kulturkjennskap og menneskelege erfaringar og difor ein stor del av kurset. Hovudtyngda av emnet vil vere arbeid med tekstane, men det vil også bli lagt vekt på litterær terminologi (I), genrelære (II), og den historiske ramma rundt tekstane (II).
Utvalet vil kunne skifte frå år til år, men skal vere litteratur som er eigna til å gje det utbytet som er nemnt ovanfor. Pensum på grunnfag blir bygd opp som ei oversikt over britisk og amerikansk litteraturhistorie, med hovudtyngda i dei to siste hundreåra, men med bra dekning også på tidlegare hundreår. På Engelsk 1 vil det meste av utvalet vere frå siste hundreår. Alle dei tre hovudgenrane (episk, lyrisk og dramatisk litteratur) er representerte i pensum. Barne- og ungdomslitteratur er alltid med. I tillegg til den britiske og amerikanske litteraturen, kan ein også ta med eksempel på annan engelskspråkleg litteratur.
Litteratur I: Det meste av utvalet vil vere moderne (20.årh.) britisk og amerikansk litteratur, og språkleg vil denne delen vere enklare enn II.
Litteratur II: Det vil her bli lese eldre litteratur i tillegg til den moderne, og ein vil i større grad ha eit litteratur-historisk perspektiv. Det vil bli lagt stor vekt på drama på grunn av ekskursjonen til Stratford-upon-Avon.
Samfunnsstudium Studiet skal gi ei brei innføring i samfunnstilhøva i Storbritannia og USA. Ein kan òg i nokon grad ta for seg tilhøva i andre engelsktalande land. Studiet tek sikte på å skape forståing for kulturelle særpreg og kjennskap til dei faktorar som har forma tanke og handling i desse kulturane.
Lærebøker i samfunnskunnskap vil bli supplert med utdrag frå aviser og tidsskrift. Ein føreset at studentane held seg orientert om aktuelle hendingar i Storbritannia og USA. I dei emna ein tek opp, vil ein ofte dra inn norsk samfunnsliv til samanlikning.
Studentane skal tileigne seg kunnskap innafor områda geografi, demografi, historie, sosiale strukturar, politiske strukturar, religion, utdanning, økonomi, media. Ein del av stoffet må lesast som sjølvstudium.
Britisk samfunnsstudium: Landet (I), Folket (I), Politiske institusjonar (I), Lokalstyre (II), Internasjonale band (II), Rettsvesen (II), Økonomiske og industrielle tilhøve (II), Sosiale tenester (I), Utdanning (I), Media (I), Religion (II), Kultur og fritid (II) Kapittel frå The Cambridge Historical Encyclopedia (II)
Amerikansk samfunnsstudium: Historie (II), Land (I), Folk(I), Amerikanske grunnidéar (I), Styringssystem (I), Politiske tilhøve (II), Økonomiske og industrielle tilhøve (II), Samfunn, rase, klasse (I), Religion (II), Utdanning (I), Media (I), Internasjonale band (II).
Fagdidaktikk/Metodikk Emnet skal dekkje både praktisk undervisningsplanlegging og teoretisk skulering for å setje studenten istand til å vurdere føremål med og innhald i skulefaget engelsk.
Fagdidaktikk/Metodikk I har både eit teoretisk og eit praktisk siktemål. Praktiske undervisningsdøme tar ein stor del av tida. Samtidig må studentane også bli medvitne om dei teoretiske problemstillingane. Ein vil drøfte grunnlaget for engelskundervisninga i norsk skule, og vurdere ulike tenkemåtar og arbeidsformer i eit historisk lys.
I fagdidaktikk/metodikk II vil ein utdjupe nokre av dei sentrale emna som blir tatt opp i F/M I, og med det gi betre grunnlag for planlegging av undervisning, fagplanarbeid og vidareutvikling av faget.
Ein vil legge stor vekt på aktiv studentmedverknad i timane, og ein ser det som viktig å oppøve studenten si evne til nytenking og problemløysing. Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i fagdidaktikk
Språkbruk Medan språklæra (grammatikk og fonetikk) skal gi det systematiske grunnlaget for utvikling av funksjonell og korrekt språkbruk, vil ein innanfor alle dei ulike disiplinane gi høve til øving i skriftleg og munnleg kommunikasjon.
- Øving i å skjøne talt engelsk gjennom arbeid med lydband og video, og gjennom den daglege samtalen - Øving i å lese engelsk gjennom lesing av litteratur og tekstar frå aviser, tidsskrift o.a. - Øving i å prate engelsk gjennom par-, gruppesamtaler og diskusjonar i plenum. - Øving i å skrive engelsk gjennom essays og andre skriftlege arbeid.
VURDERING OG EKSAMEN Forprøver: Det blir halde ei obligatorisk forprøve i metodikk. Ein må ha gjennomført denne prøva med stått for å kunne gå opp til eksamen.
Obligatoriske oppgåver (forkrav): Studentane som har praksis, må levere godkjent praksisrapport. Engelsk 1 må anten levere ein rapport om studieturen eller levere eit prosjekt.
Alle må levere oppgåver i tutorials. I løpet av studieåret blir det arrangert obligatorisk oppgåveløysing ( ikkje heimeoppgåve). Studenten må ha gjennomført denne oppgåveløysinga for å få vitnemål.
Obligatoriske delar av studiet (forkrav):I tillegg til forprøva er undervisninga i fag-didaktikk/ metodikk, tutorials og event. praksis i skulen/prosjekt og studieturen til England obligatoriske.
For dei grunnfagsstudentane som ikke drar til Stratford er Shakespeare-seminaret obligatorisk.
Om ein manglar obligatoriske delar, vil ein få skriftleg melding om lag ein månad før eksamen.
Deltidsstudentar kan ta dei skriftlege deleksamenane i den rekkefølge og kombinasjon ein ynskjer, men ein må gå opp til siste eksamen seinast tre år etter første og ta munnleg eksamen same semester som den siste skriftlege. Ein må oppfylle obligatoriske krav til dei delane ein vel å ta kvart år (sjå eige avsnitt). Det året ein tek litteraturdelen vil det t.d. høyre med ein obligatorisk studietur. Delane er ikkje vekttalsfesta, og ein må ha bestått alle delar for få vitnemål.
EKSAMEN 1. Ein individuell skriftleg eksamen (4 timar) i fagdidaktikk/metodikk avsluttar metodikkurset. Denne blir vurdert av faglærar til stått/ikkje stått.
2. Til den avsluttande vurderinga vert det gitt ein samanfattande karakter som vert fastsett på grunnlag av: delkarakterar i følgjande skriftlege eksamenar, vurdert av ekstern sensor og faglærar:
a) Ei individuell skriftleg prøve med emne frå litteratur (eventuelt kombinert med samfunnsstudium). Tid: Engelsk 1: 5 timar; Engelsk 2 og grunnfag: 6 timar (tel 28%).
b) Ei individuell skriftleg prøve med emne frå samfunnsstudium (eventuelt kombinert med litteratur) Tid: Engelsk 1 og 2: 3 timar; grunnfag: 4 timar (tel 17%).
c) Ei individuell skriftleg prøve i fonetikk. Tid: Engelsk 1 og 2: 2 timar; grunnfag: 3 timar. (tel 12%)
d) Ei individuell skriftleg prøve i grammatikk/omsetjing. Tid: Engelsk 1 og grunnfag: 4 timar; Engelsk 2: 3 timar. (tel 23%)
e) Ei individuell munnleg prøve. Denne vil ta ca 25 minutt og vere samansett av fri samtale, lesing (og diskusjon) av ukjent tekst og spørsmål frå pensum (t.d. i litteratur og/eller samfunnsstudium). Prøva er først og fremst ei språkprøve, men gode eller dårlege fagkunnskapar vil trekke opp eller ned. (tel 20%)
Eksamensdelane c og d vert lagt til same dag.
Får ein strykkarakter på ein deleksamen, må ein ta denne om att.
Det blir brukt talkarakterskala (med tidelar)frå 1.0 til 6.0 der 4.0 er siste ståkarakter
PENSUM Det vert atterhald om at det kan skje endringar i pensum fram til studiestart, særleg innanfor litteratur. Studentane vil få endeleg pensumliste ved studiestart. Ein kan og ta kontakt med faglærar på førehand.
Fonetikk
Grunnbøker: Nilsen & Rugesæter: Basic English Phonetic. (Fagbokforl) I+II
Hjelpebøker: O'Connor, J.D: Better English Pronunciation. (Cambridge ELT, siste utgåve) Nielsen, Niels Davidsen: English Phonetics. (Gyldendal, 1977) II Sivertsen, Eva: English Intonation m. kassett til eigentrening (Tapir, 1995) II Thompson, Ian: Intonation Practice. (Oxford University Press, 1990)II Hughes, A & P. Trudgill: English Accents and Dialects (Arnold, second edition, 1987)II Trudgill & Hannah: International English (second ed.)II
Uttaleordbok: Jones, Daniel: English Pronouncing Dictionary 14th edition (Everyman)
Grammatikk og språkbruk Grunnbøker: Alexander. L.G: Longman English Grammar Practice Book with Answer Key (Longman 1991) I Greenbaum, Sidney: An Introduction to English Grammar (Longman)I+II Hasselgaard, Johansson & Lysvåg: English Grammar: Theory and Use (Universitetsforlaget) II
Hjelpebøker: Johansson & Lysvåg: Understanding English Grammar, vols.1 -2. (Universitetsforlaget.) Michael Swan: Practical English Usage (Oxford University Press) Lysvåg & Johansson: Engelsk Grammatikk og Språkbruk. Form og Funksjon. (Aschehoug 1990) Loe & Millar: Engelsk Grammatikk (Skolebokforlaget 1987) Christophersen & Sandved: An Advanced English Grammar. (Macmillan 1969) Frank & Rinvolucri: Grammar in Action (Pergamon Press) Mario Rinvolucri: Grammar Games (Cambridge Univ. Press)
Ordbøker: Oxford Advanced Learner's Dictionary (Oxford Univ.Press, 1989) Berulfsen, B. og H. Svenkerud: Cappelens store engelsk-norsk ordbok Kirkeby, W.: Norsk-engelsk ordbok (event. stor utgåve) (Kunnskapsforlaget) Follestad, Sverre: Engelske idiomer (Fabritius) Roget's Thesaurus (synonymordbok)
Samfunnsstudium Grunnbøker: Sirevåg, Torbjørn: American Patterns (Revised Edition, Gyldendal 1994)I+II Oakland, John: British Civilisation: An Introduction (Routledge 1995)I+II Haigh, C. (ed.): The Cambridge Historical Encyclopedia, 1992: pp. 10-13, 54-65, 94-117, 142-154, 161-170, 194-217, 225-236, 244-301.II
Hjelpebøker: Mc Dowall: Britain in Close-Up (Longman) Randle, J.: Understanding Britain: A history of theBritish People and their Culture (Lingual House 1988) Room, Adrian: A to Z of British Life. Dictionary of Britain. (Oxford Univ. Press 1990) Selbyg, Arne: Norway Today ( Universitetsforlaget 1986)
Aviser/tidsskrift i biblioteket: The Observer, Newsweek, The Spectator (The Guardian Weekly
Didaktikk/metodikk Læreplanverket for den 10-årige grunnskulen (L-97)I/II Bautz, Margaret: Better English in the Classroom (Pensum-tjeneste; må tingast frå instituttet)I/II Ytreberg, Lisbeth: Engelsk i grunnskolen. En fagdidaktisk introduksjon. (Tano, 1993)
I/II Scott, Wendy & Lisbeth Ytreberg: Teaching English to Children (Longman)I/II Eikrem, Bjørg Olsen: What the Story has to Offer. (Høyskoleforlaget 1999)II
Hjelpebøker: Hubbard m.fl.: A Training Course for TEFL (Oxford U.P.) Tidsskrift: (Biblioteket abonnerer) Modern English Teacher English Language Teaching Journal (Oxford U.P.) Forum (distr. by the American Embassy) Språk og språkundervisning (Landslaget for moderne språk) Child Education English Teaching Professional
Litteratur Grunnfagspensum i litteratur er sett saman av 15 verk (romanar, barnebøker og drama), 10 noveller/ korttekstar og 40 dikt, pluss litteraturhistorie og litteraturkunnskap.
På engelsk 1 les ein 7 verk, 5 korttekstar og 20 dikt, og engelsk 2 har 8 verk, 5 korttekstar og 20 dikt, pluss litteraturhistorie og litteraturkunnskap.
Dramapensumet på grunnfag og engelsk 2 vert endra kvart år i samsvar med repertoaret i Stratford. Det som er oppgitt her er siste års pensum. Det kan også bli mindre endringar elles. Studentane vil få endeleg pensumliste ved studiestart. Dersom ein vil ta til med lesinga før semesterstart, kan ein ta kontakt med instituttet.
Romanar: Austen, Jane Pride and Prejudice (Oxford World Classics, 1998) (II) Brontë, Charlotte Jane Eyre (Penguin Books, 1966) (II) Dickens, Charles A Christmas Carol (Puffin Books, 1984) (I) Hawthorne, Nathaniel The Scarlet Letter (i Norton Anthology of American Literature,1) (II) Lee, Harper To Kill a Mockingbird (Arrow Books, 1997) (II) Potok, Chaim My Name is Asher Lev (Penguin 1972) (I) Twain, Mark The Adventures of Huckleberry Finn (i Norton Anthology of Am. Lit., 2) (II)
Barne- og ungdomslitteratur: (sjå også under korttekstar) Dahl, Roald Charlie and the Chocolate Factory (Collins, 1991) (I) Montgomery, Lucy Maud Anne of Green Gables (Puffin Books,1977) (I) Lewis, C.S. The Lion, the Witch and the Wardrobe (Collins, 1987) (I)
Drama: Beckett, Samuel Waiting for Godot (Faber & Faber, 1988) (II) O'Neill, Eugene Long Day's Journey into Night (Jonathan Cape, 1966 eller i Norton Anthology of Am. Lit., 2) (I) Shakespeare, William ? (II) Shakespeare, William (II) Williams, Tennessee The Glass Menagerie (Penguin, 1988) (I)
Korttekstar: (Desse kan vere noveller, essays, brev, dagbokutdrag, utdrag frå ymse verk.)
Korttekstane og dikta er merka med ein kode som viser kvar dei er å finne: NE1=The Norton Anthology of English Literature, volume 1. NE2=The Norton Anthology of English Literature. volume 2. NA1= The Norton Anthology of American Literature, volume 1. NA2= The Norton Anthology of American Literature, volume 1. P= Photocopies (eit kompendium blir delt ut i byrjinga av året)
(Engelsk 1 får alle dikt og korttekstar i fotokopi.)
Noveller: Cather, Willa "A Wagner Matineé" (P) (I) Faulkner, William "A Rose for Emily" (P) (I) Joyce, James "The Dead" (NE2) (II) Mansfield, Katherine "The Daughters of the Late Colonel" (NE2) (I) Porter, Katherine Anne "The Jilting of Granny Weatherall" (P) (II) Walker, Alice "Everyday Use" (P or NA2) (I)
Anna: Burney, Fanny:"Chased by the King" frå Diary (P) (II) Kipling, Rudyard: "How the Whale got his Throat" frå Just So Stories (P) (I) Malory, Thomas: Extracts from Tales of King Arthur (P) (II) Swift, Jonathan: Extracts from Gulliver's Travels (NE1) (II)
Poesi: Blake, William: The Tyger (NE2) (I), The Lamb (NE2) (I), The Sick Rose (NE2) (I) Bradstreet, Anne: To My Dear and Loving Husband (NA1) (II) Browning, Elizabeth Barrett: Sonnets from the Portuguese,1 and 28 (P) (II) Browning, Robert: My Last Duchess (NE2) (II) Cummings, E.E: If There Are Any Heavens (NA2) (I) Dickinson, Emily: I Taste a Liquor Never Brewed (NA1) (I), The Soul Selects Her Own Society (NA1) (I), A Route of Evanescence (NA1) (I) Donne, John: Batter My Heart (NE1) (II)The Canonization (NE1) (II), A Hymn to God the Father (NE1) (II) Eliot, T.S.: Journey of the Magi (NE2 & NA2) (I) Frost, Robert: Stopping by Woods (NA2) (II), Come In (P) (II) Ginsberg, Allen: A Supermarket in California (NA2) (II) Heaney, Seamus: Blackberry Picking (P) (I) Herbert, George: Easter Wings (NE1) (I) Hopkins; Gerard Manley: Spring and Fall (NE2) (I) Hughes, Ted: Full Moon and Little Frieda (P) (I) Lowell, Robert: Concord (P) (II) Morgan, Edwin Message Clear (P) (I) Plath, Sylvia: You're (P) (I), Morning Song (NA2) (I) Rossetti, Christina: A Birthday (NE2) (II) Shakespeare, William: Sonnets: 130, 138 (NE1) (II) Shelley, Percy Bysshe: Ozymandias (NE2) (I) Simon, Paul: American Tune (P) (II) Tennyson; Alfred Lord: The Lady of Shalott (NE2) (II) Thomas, Dylan: Fern Hill (NE2) (II) Whitman, Walt: Song of Myself, 1 and 2 (NA2) (II) Williams, William Carlos: This Is Just to Say (NA2) (I), The Locust Tree in Flower (P) (I) Between Walls (P) (I) Wordsworth, William: Upon Westminster Bridge (NE2) (II), Surprised by Joy (NE2) (II) Yeats, William Butler: The Lake Isle of Innisfree (NE2) (I)
Litteraturhistorie/litteraturkunnskap: Grunnbøker: Grunnfag og engelsk 2 må kjøpe fire store antologiar:
The Norton Anthology of English Literature, sixth edition, 1993, vols 1-2. The Norton Anthology of American Literature, fifth edition, 1998, vols 1-2.
Desse har alle naudsynte periode-innleiingar, og forfattarbiografiar for dei fleste forfattarane vi les. For nokre forfattar (t.d. Austen, Brontë, Burney, Dickens, Dahl, Lewis, Montgomery, Potok) blir det delt ut materiale.
For innføring i grunnleggande terminologi skal studentane (på alle einingane) kjøpe enten Abrams, M.H.: A Glossary of Literary Terms , seventh edition (Harcourt Brace, 1998) eller Baldick , Chris: The Concise Oxford Dictionary of Literary Terms (Oxford University Press, 1991).
Hjelpebøker: Barnard, Robert: A Short History of English Literature, second edition (Universitetsforlaget, 1995) Lodge, David: The Art of Fiction Penguin Books, 1992 Sørbø, Marie N.:From Dante to Dahl, or Out of the Inferno into the Chocolate Factory, Notat 14/96, Skriftserien ved HVO. Sørbø, Marie N.: Poetry Hurrah! A report from an experiment. Arbeidsrapport 72/ 99, Skriftserien ved HVO. Webster, Roger: Studying Literary Theory. An Introducton. Edward Arnold, 1990.
Tidsskrift i biblioteket: The Times Literary Supplement, New Literary History - A Journal of Theory and Interpretation The New York Review of Books
|