|
Tilpassa opplæring er det grunnleggjande opplæringsprinsippet i barnehage og grunnskule. Difor må studentar på alle nivå tileigne seg kunnskap og innsikt i dei utfordringane ein som kroppsøvingslærar vil møte. Målet er å kunne tilby alle elevar ei opplæring som tek utgangspunkt i den einskilde elev sin bakgrunn, føresetnader og behov.
Sidan ein stor del av undervisning og studieinnhald i kroppsøvingsstudia er basert på praktisk aktivitet og studentdeltaking, vil tilpassa opplæring vere ein integrert del av alt praktisk-metodisk verksemd. Sjølv vaksne studentar vil ha svært ulike føresetnader for å ta del i eit mangfald av aktivitetar. Såleis kan ein trygt kan slå fast at tilpassa opplæring, ut frå tanken om deltakarar med ulike læreføresetnader, vert ein av dei gjennomgåande faktorane planlegging av all form for praktisk aktivitet, enten det er faglærar eller medstudent som står ansvarleg for planlegging og gjennomføring.
Det at eleven eller utøvaren skal kjenne seg trygg, er eit bærande prinsipp for all innlæring. Difor vil studentane møte problemstillingar knytt til korleis ein kan arbeide med å skape tryggleik for den einskilde i ulike samanhengar. Dei fleste læreprosessar startar såleis med tilvennings- og tryggleiksøvingar (jfr. t.d. tilvenningsøvingar i vatn m.t.p. seinare symjeopplæring).
Både i friluftslivsrettleiing og i friluftslivet generelt er tur etter evne ei grunnleggande norm, både for å oppnå optimal oppleving og glede ved å ferdast ute, men og i samband med arbeidet med trygg ferdsel. Tur etter evne er såleis ramma som gjev tryggleik og godt læringsmiljø både for den einskilde og for gruppa. Det er difor sentralt å øve opp evne til å kunne planlegge og handle innanfor eigne, og gruppa sine føresetnader. Tilpassa opplæring er dermed eit etablert prinsipp innanfor friluftsliv.
Gjennom studiet vil studentane også møte pensumlitteratur og fagstoff som er konsentrert om barn med særlege behov for hjelp og støtte, og som såleis har behov for spesiell tilrettelegging for å kunne ta del i leik og aktivitet saman med andre.
Den følgjande omtalen gjeld presisering av faginnhald for kroppsøvingsstudiet (60 stp)
dei mest vanlege årsaker til at barn kan kome i ein situasjon der det har behov for særleg omtanke i høve kroppsøvingsfaget
tilpassa opplæring innanfor ordinær klasse/gruppe
individuelle opplæringsplanar
skulen sine eigne tiltak og støtteapparatet utanfor skulen for elevar som har behov for særskilt tilrettelagt opplæring
identifisering og iverksetjing av tiltak for elevar med særskilte opplæringsbehov.
Praktisk røynsle i arbeid med born og unge med særlege behov vert gitt i samband med Kurs- og vinteraktivitetsveka på Bjorli (sjå eigen omtale under KVA.no Bjorli).
Oppdatert 4. mars 2002
|