Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret


Om Høgskulen / Samfunnsfag og historie / Planlegging og administrasjon / dugnad /

dugnad

P {font-size: 10pt; font-family: "Verdana"; line-height: 12pt; margin-right: 10%; margin-top: 1%; margin-left: 0%} H1 {font-size: 11pt; font-family: "Verdana"; font-weight: bold; line-height: 12pt; margin-left: 0%; margin-top: 1%; margin-right: 10% } A{text-decoration: none;} A:link{color: #0000FF;} A:visited{color:#0000FF;} --> Dugnadsmetoden

I læreboka Kommunikativ planlegging som kom på Det Norske Samlaget våren 2000, har vi gjort greie for vår oppfatning av regional planlegging som reiskap for organisasjons- og samfunnsutvikling. Denne boka baserer seg på ein kombinasjon av internasjonal forsking og eigne erfaringar med nærmiljøarbeid, bygdeutvikling, tettstadutvikling, organisasjonsutvikling, regionalutvikling og ikkje minst med plan- og utviklingsarbeid i kommunar og fylke.

I desse arbeida har vi ofte nytta såkalla dugnadsbøker for å få til nytta kommunikative prosessar i ulikefasar av plan- og utviklingsarbeida. Desse dugnadsbøkene blir til vanleg nytta for å få til effektive gruppearbeid på såkalla stormøte med brei deltaking både frå offentleg, privat og frivillig sektor. Dette grepet på plan- og utviklingsarbeid har vi kalla Dugnadsmetoden.

I læreboka er det gjort grundig greie for metoden. Men ikkje alt er muleg å ta med i ei lærebok, difor har vi vald å gjere ein del stoff tilgjengeleg på Internett. Vi gjer merksam på at Dugnadsmetoden framleis under utvikling, og at vi vil gjere nye erfaringar og gode råd tilgjengleg på nettet. Informasjonen vil ha same karakter som eit plandokument ved kontinuerleg planlegging, den vil gjennomgå periodiske revisjonar, og langt hyppigare enn kva læreboka blir revidert. Som ein del av dugnadsmetoden har vi utarbeidt 6 dugnadsbøker, kvar av dei tilpassa til ulike elementa i kommuneplansystemet. Komplette dugnadsbøker er lagt på nettet. Desse kan brukast og kopierast heilt gratis. Ved at dei er tilgjengelge i digital form, er det også lett for brukarane å tilpasse dei eige bruksområde. Vi tek gjerne mot kommentarar frå brukarane, og om ønskeleg kan vi legge dei ut på nettet som brukarerfaringar.


Volda mars 2000 - Forfattarane Roar Amdam og Jørgen Amdam

Alle dokumenta nedafor er nedlastbar i Word-format

Dugnadsbøkene
Sjekkliste og program for stormøte basert på dugnadsbøkene
Dokumentering av eigen bruk av metoden
Vidare evaluering og utvikling av metoden



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Kjell-Einar Dagfinrud 07.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning