Profesjonsetikk - av Gunnar Skirbekk
Ettersom eg hadde eit innlegg på Senter for profesjonsstudiar i august, med utgangspunkt i innspelet frå Harald Grimen (HG), kan det vere på sin plass at eg går inn i denne debatten.
Grunnpoenget hos HG (og interessant nok ser det ikkje ut til at det rår usemje om dette) gjeld faren ved ei svekking, i nyliberalistisk regi, av profesjonsetikken, ved ei undergraving av det kollektive, profesjonsinterne ansvar og ei overføring av kontrollansvaret til profesjonseksterne instansar, lik at profesjonsetikken blir relatert til den individuelle profesjonsutøvar på ein reduksjonistisk måte. Eg deler denne bekymringa.
I tillegg argumenterer HG for det syn at profesjonsetikarane sjølve, utilsikta, bidrar til denne utviklinga, ved at dei for sterkt framhevar det individualetiske og tilsvarande neglisjerer det institusjonelle ved profesjonsetikken. HG argumenterer derfor til fordel for eit sosiologisk perspektiv der profesjonane, som samanslutningar, som kan seiast å få eit institusjonelt samfunnsoppdrag, formidla via det politiske system. Det er dette grunnlaget for profesjonsetikken HG vil påpeike og forsvare.
Eg skal ikkje her gå inn i diskusjonen om dei ulike syn på etikk (og moral). I staden skal eg kommentere nokre av termane – ”profesjon”, ”samfunnsoppdrag” og ”politikk” – og deretter skal eg komme med eit par forslag til avklaring og oppfølging.
Profesjon
Eg forstår ”profesjon” som kunnskapsbasert yrke – der ”kunnskap” både er forskingsbasert og praksisbasert – og der arbeidsmål og arbeidsmåte er regulert ved ein (meir eller mindre klart uttrykt) ”samfunnskontrakt” (eller ”samfunnsoppdrag” som HG seier).
Klassiske profesjonar var, kort sagt, prestar (teologar) og dommarar (juristar), liksom teologi og rettsvitskap var dei fremste faga ved universiteta i tidlegare tider. Seinare kom medisinen som profesjonsorientert embetseksamen. Ut frå det som i mellomalderen vart kalla ”frie kunstar” (artes liberales), framstod etter kvart humanvitskaplege og naturvitskaplege disiplinar, som m.a. utdanna lærarar for verdsleg undervisning på høgare nivå. Kort sagt, universitetet har langt på veg vori ein utdanningsinstitusjon for profesjonar, med samfunnsoppdrag, i offentleg regi. Hos oss (frå 1813) var teologane og juristane dei fremste embetsmenn i statens teneste (i tillegg til offiserane, som vart utdanna ved dei militære utdanningsinstitusjonane). Desse profesjonane hadde klare målsetjingar, kort sagt: frelse, helse og rettferd (samt vern mot fiendtlege anslag). Forventningane om korrekt åtferd var også rimeleg klare.
Så har vi fått ei utdifferensiering av eit mangfald av fag og yrke. Universiteta er dermed endra og i tillegg har vi fått vitskaplege høgskular, som følgjer opp profesjonsutdanninga: Høgskulane utdannar lærarar og andre folk i undervisningsyrke (det er lenge sidan prestane var aleine om å ta folket i skule), og dei utdannar saksbehandlarar og rådgjevarar av alskens slag (det er lenge sida amtmannen og sorenskrivaren var aleine om å stå for styre og stell), og dei utdannar sosialarbeidarar og helsearbeidarar for velferdsstaten (og det er lenge sidan legane hadde hovudansvaret for helse- og sosialvesenet).
Ettersom det er det nyliberalistiske presset i retning av privatisering og marknadsutsetjing som var utgangspunktet for dette ordskiftet om HGs innspel, kan det såleis vere på sin plass å minne om at profesjonane i dei skandinaviske landa (der demokratiet og velferdsstaten står sterkt) spring ut av eit vel utbygt offentleg utdanningssystem og eit vel utbygt offentleg yrkessystem. Profesjonane var offentlege, men med rimeleg stor autonomi og indre kustus. (Eg minner om anekdoten om embetsmannens to blekkhus – eit for offentleg og eit for privat korrespondanse! I alle fall: økonomisk korrupsjon var ikkje eit stort problem.)
Ut frå nyliberalistisk ideologi kjem så kravet om ei omlegging i retning av økonomiske incentiv og profesjonsekstern kontroll. Ikkje berre skal jobbane privatiserast og marknadsutsetjast, det same skal i aukande grad også skje med utdanning og forsking ved dei institusjonane som utdannar yrkesutøvarane. Og er du ”fristilt” på marknaden, er du underlagd ytre kontroll, knytt til inntening, og som individ er du samtidig frista av høgare individuell løn og formana av individrelatert etikk. Dermed blir profesjonane, som berarar av yrkesære og gjensidig indre kontroll, gradvis bygde ned.
Politikk
Politikk kan vere så mangt. Termen kan stå for offentleg interessestrid og legitim maktutøving, t.d. ved votering og fleirtalsvedtak ut frå allmenn røysterett. Politikk i denne forstand kan analyserast realpolitisk (machiavellistisk), som eit maktspel ut frå strategiske handlingar hjå dei ulike aktørane. Men i eit parlamentarisk demokrati, med ulike organiserte interessegrupper – frå politiske parti til interesseorganisasjonane i næringsliv og til lobbygrupper og frivillige organisasjonar – inngår det også eit offentleg ordskifte og ei gyldigheitsorientert meiningsutveksling. Open og opplyst meiningsdanning er ei side ved politikken. Når ein skal legitimere eit politisk vedtak, er det såleis ikkje nok å vise til at det står eit fleirtal bak vedtaket, dersom det samtidig kan reisast sakleg tvil om kor ubundne og opplyste veljarane var. Dersom veljarane på vesentleg vis var manipulerte eller uinformerte, vil den politiske røystinga misse legitimitet.
Derfor kan vi seie at det politiske systemet hos oss krev open og opplyst meiningsdanning. Det krev (tilstrekkeleg) myndige og opplyste samfunnsborgarar. Kort sagt, det krev ein viss politisk kultur, med normative og rasjonelle innslag.
Poenget med desse merknadene er å minne om at ”politikk” også kan oppfattast som eit normativt samfunnssystem, sensitivt overfor det som i det offentlege rom framstår som gode og rimelege grunnar. Når HG talar om at politikken gir profesjonane eit samfunnsoppdrag, er det denne tydinga av politikk som naturleg melder seg, og ikkje ei machiavellistisk tolking.
Samfunnsoppdrag
I farne tider var det rimeleg uproblematisk å finne ut kva ”samfunnsoppdraget” gjekk ut på, for dei ulike profesjonane i embetsstaten: frelse, helse, rettferd – og elles ro og orden og brukbare rammevilkår for nødtørftige og gagnlege gjeremål. Og i dag? Svaret er truleg både-og alt-etter-som. For å kunne svare må vi sjå på dei forskjellige profesjonane og dei samfunnsoppdrag dei kan seiast å ha.
Helseprofesjonane byr seg fram som rimeleg greie i så måte, i alle fall i første omgang – kort sagt: sjuke bør bli friske, liding lindrast og livsløp forlengast. Om dette er det politiske konsensus – samfunnsoppdraget er i så måte ukontroversielt. Men dette gjeld først og fremst ”det negative” – innsatsen mot sjukdom og liding og for tidleg død. I politikken og den offentlege meiningsdanninga er dette problemstillingar som er allment forståelege, og denne ”negative” målsetjinga har stort sett allmenn tilslutning, samtidig som det (hos oss i det minste) er ein viss vilje til å stille offentlege ressursar til disposisjon for eit allment helsevesen av dette slaget.
Men samtidig har vi i dag avgrensingsproblem når det gjeld ”samfunnsoppdraget” i helsesektoren: Vi har ikkje berre ”negativt” orienterte forventningar, om å bli kurert frå sjukdom og liding, men også ”positivt” orientert forventningar om god helse og om psyko-somatisk velvære og full funksjonsdugleik på alle felt over eit langt liv. Når det gjeld desse ”positive” målsetjingane, kan vi ikkje rekne med at det vil vere allmenn konsensus i samfunnet, og derfor heller ikkje i politikken: Tvilen og uvissa gjeld ikkje berre spørsmålet bruken av knappe ressursar på slike ”positive” tiltak (relativt til annan bruk av ressursane), men også det forhold at det rår ulike og skiftande syn på kva som er det gode liv, samtidig som det ikkje synest å vere naturlege grenser for ”behov og etterspørsel” når det gjeld slike ”positive” ønskjemål.
Derfor vil det vere verre å få politisk konsensus om eit klart samfunnsoppdrag når det gjeld det ”positive” eller ”ideelle”. Rett nok, aukande økonomisk velstand vil normalt bidra til å heve forventningsnivået, samtidig som betre økonomi gjer det lettare å få ein meir vidtgåande politisk konsensus. Men det er likevel grunn til å rekne med at det alltid vil vere dissens om korleis og i kor stor grad vi bør avgrense oss overfor det som framstår som grensesprengande helsemål av ideell art.
Dette poenget, om ein viss forrang for ”det negative” i forhold til ”det positive”, er kjent frå debatten omkring utilitarismen. Det er meir å seie om dette poenget. Men her er eg berre ute etter å minne om at tanken om eit politisk gitt samfunnsoppdrag er meir problematisk når det gjeld ”det positive” enn ”det negative”.
Men samtidig som vi ikkje kan vente at det politiske system gir helseprofesjonane eit klart og velavgrensa samfunnsoppdrag på det ”positive” feltet, står vi nettopp i den situasjon at denne problematikken bør drøftast på ein opplyst og open måte, i det offentlege rom og dermed i ”politikken”. Dessutan trengst det ein kompetent debatt i og mellom dei ulike relevante fag, med overlapping i forhold til dei normative diskusjonane i det offentlege rom. Slik sett vil også etiske argument og perspektiv av ulike slag inngå i denne drøftinga, og dermed “i politikken”. Forstått på denne måten er det eit indre forhold mellom ”etikk” og ”politikk”.
Dersom det er slik at desse problemstillingane fordrar omfattande diskusjonar der folk frå ulike fagfelt er med, så trengst det samtidig at dei ulike deltakarane er i stand til å sjå føresetnadene og dermed grensene for sin eigen faglege kompetanse. Det trengst, kort sagt, vitskapsfilosofisk kompetanse. Når det dessutan trengst folk som har jobba med etikk og normative problemstillingar i forhold til vitskapane og institusjonane i samfunnet, blir behovet for slik refleksiv kompetanse skjerpa ytterlegare. Til sist bør lekfolk, både politikarar og pasientar (potensielle og aktuelle), ta del i slike ubundne og opplyste drøftingar.
Poeng: nettopp ved å gå tilbake til ”politikken” i denne utvida tydinga, kan vi i det minste behandle spørsmålet om avgrensinga av ”samfunnsoppdraget” i helsevesenet på ein fonuftig måte (også når det gjeld dei omfattande ”positive” forventningane).
Til slutt: Vi valde her å referere til helseprofesjonane. Eg vil tru at tilsvarande problemstillingar melder seg for utdanningsprofesjonane og profesjonane for sosialt arbeid. Men det spørsmålet får utestå i denne samanhengen.
Forskingsetikk som profesjonsetikk
Vi tok utgangspunkt i at profesjonar er kunnskapsbasert, og at dette m.a. inneber at profesjonane er forskingsbaserte. Samtidig kan forsking omtalast som ein profesjon. Så kan vi spørje: Får forskinga som profesjon eit samfunnsoppdrag frå politikken?
Svaret er ja-og-nei. For det første er det slik at vi både har grunnforsking, der forskarane sjølve bestemmer forskingsprosjekt og metode, og anvendt forsking, der forskarane blir bedne om å forske på eit bestemt tema. Berre dei sistnemnde blir gitt eit innhaldsmessig oppdrag (anten det er frå det offentlege eller frå private aktørar), ikkje dei førstnemnde. For det andre, og det er her det viktigaste: Vilkåra for god og ansvarleg forsking utgjer det vi kan kalle forskingsetikken. Forsking kan vere av mange slag, klinisk forsking, eksperimentell forsking, deltakande observasjon, tekststudiar etc. Men til sist disputerer dei alle! Vilkåra for vitskapleg argumentasjon er i så måte felles for all forsking, og desse vilkåra kan omtalast som normer for forsking og dermed som forskingsetikk og som profesjonsetikk. Denne kjernen i vitskapleg diskusjon, forskingsetikken qua diskursetikk, er såleis ikkje ”gitt” som eit samfunnsoppdrag frå det politiske system.
Når HG seier at profesjonsetikken er ”gitt” som ”samfunnsoppdrag” frå ”politikken”, er dette ikkje rett når det gjeld profesjonsetikken for forsking. (Med referanse til HGs terminologi kunne vi dessutan seie at på dette punktet, når det gjeld forskingsetikken som profesjonsetikk, så møtest det ”epistemiske” og det ”institusjonelle”, for så vidt som dei diskursive krava definerer aktiviteten og dermed institusjonen.)
Endeleg er det verdt å minne om at dette ikkje er eit marginalt poeng: I den grad profesjonar er forskingsbaserte, berører dette poenget alle profesjonar, om enn på ulikt vis.
Dessutan er det slik at forskingsetikken, som ein etikk for sakleg og ærleg argumentasjon, i prinsippet også er gyldig for all open og opplyst drøfting og meiningsutveksling i det offentlege rom (jamvel om føresetnadene for deltaking er andre enn i disiplinbaserte diskusjonar). Kort sagt, det gjeld den offentlege samtalen i media og ikkje berre den faglege diskusjonen i academia.
Begrepsfattigdom og det instrumentalistiske mistaket
Når termen ”politikk” blir brukt machiavellistisk, er det rimeleg at ein ropar eit varsku når det blir sagt at profesjonsetikken grunnar seg i eit samfunnsoppdrag gitt av ”politikken”. I så fall ville etikken trenge eit forsvar mot politikken. Men slik vi forstår dei termane HG bruker, er det ikkje rimeleg å tale om ein slik fare. Derimot vi eg nemne eit par andre faremoment, som ikkje blir drøfta av HG og Nortvedt eller Aasland, men som likevel fortener ein kommentar i denne samanhengen.
Eit viktig element i profesjonsetikken er kravet om å kunne yrket, kunne yrket som lære og kunne yrket som praksis. Etikk er ikkje berre eit spørsmål om gode holdningar og god åtferd, overfor pasientar og klientar, elevar og brukarar, og overfor kollegaer av ulikt slag. Det er også eit spørsmål om kunnskap, handlingsboren (”taus”) kunnskap så vel som fag- og forskingsbasert kunnskap. Det er uetisk å ikkje arbeide hardt og systematisk når ein er under utdanning og det er uetisk ikkje å halde seg yrkesmessig à jour når ein er i jobb. Det er kanskje litt påfallande å seie det slik, men nettopp derfor – og kanskje nettopp i ein norsk kontekst, der vi gjerne vil vere snille og greie og ikkje stille urimeleg krav (korkje til oss sjølve eller andre) – kan det vere eit poeng å minne om dette kunnskapskravet som eit profesjonsetisk krav. Eit sterkt fokus på etikk som (mellom)menneskelege holdningar og åtferd kan komme til å skygge for dette kunnskapskravet i profesjonsetikken.
I forlenging av dette poenget er det på sin plass å minne om at vi i eit fleirfagleg arbeidsliv også bør kunne forhalde oss refleksivt til føresetnadene og grensene for vår eigen kunnskap og vår eigen profesjon, og i forhold til andre profesjonar og deira føresetnader og grenser. Kort sagt, i eit fleirfagleg samfunn inngår det i det profesjonsetiske kunnskapskravet at vi i rimeleg grad også meistrar ein slik vitskapsfilosofisk refleksjon.
I tråd med dette profesjonsetiske kravet om refleksjon over føresetnadene og grensene for eins eigen profesjon (og i forhold til andre profesjonar), har vi kravet om å prøve å unngå at vi opererer med for få og enkle begrep. Det er for eksempel viktig for omsorgsprofesjonane, frå helsevesenet til skulevesenet, at utøvarane på rimeleg vis maktar å skilje mellom årsaksforklarande og forståande åtferd overfor pasientar og elevar. Begge typar åtferd trengst, på ulikt vis i ulike kontekstar. Men for å kunne avpasse dei to åtferdsmønstra i praksis, må vi ha begrep om skiljet mellom dei to – mellom årsaksforklarande objektivering, som gir grunnlag for behandling, og kommunikasjon med myndige medmenneske, som inneber at begge partar er ansvarlege for det dei seier og gjer. Blir det for mykje av det første, får vi eit terapeutisk samfunn, der pasientar og elevar blir klientiserte og infantiliserte, slik at dei etter kvart kan internalisere ei sjølvoppfatning som avmektige offer. Blir det for mykje av det andre, får vi eit moralistisk samfunn, der ein moraliserer og dømmer når ein tvert om burde behandle og legge til rette. Av og til er det klart at det eine (eller andre) er det rette, men av og til er vi usikre, slik som ved lettare nevrosar eller alkoholmisbruk. Uansett, og i spissformulering: Vi bør unngå ein uheldig begrepsfattigdom – slik for eksempel Hans Skjervheim skildrar den slags begrepsfattigdom under nemninga ”det instrumentalistiske mistaket”. Dette er, som Skjervheim seier, eit intellektuelt mistak, ikkje eit moralsk mistak. (Jf essayet med same namn i antologien Mennesket, Hans Skjervheim, Universitetsforlaget 2002.) Men det er eit intellektuelt mistak med etiske implikasjonar, og derfor er det eit profesjonsetisk krav at vi bør søkje å unngå det instrumentalistiske mistaket eller andre typar begrepsfattigdom og refleksjonssvikt.
Når ein ytrar bekymring over at ”politikken gir” eit samfunnsoppdrag til profesjonane, er det uetiske (partiske) innspel ein har i tankane. Her vil eg minne om ein annan fare, som botnar i at den offentlege meiningsdanninga og den politiske drøftinga ikkje alltid er gode nok, fordi ein ikkje i tilstrekkeleg grad reflekterer inn dei ulike relevante fagperspektiv og dermed heller ikkje får med dei begrepa som trengst for å få eit fornuftig og forsvarleg grep om dei sakene som er oppe. Kort sagt: Faren for begrepsfattigdom gjeld også i politikken og i den offentlege debatt. Derfor kan det hende at dei samfunnsoppdraga som blir sende frå det politiske system til dei ulike profesjonane, (utilsikta) er urimeleg begrepsfattige, for eksempel ved at ein berre nyttar begrep frå visse fag og ikkje frå andre – t.d. frå økonomi og jus, men ikkje frå sosiologi. I slike tilfelle påligg det profesjonane å seie ifrå, å gi tilbakemelding til dei politiske avsendarane og til den offentlege samtalen. Dette er, vil eg hevde, ei viktig side ved profesjonsetikken. Men det forutset sjølvsagt at profesjonane har tilstrekkeleg og relevant refleksjonsinnsikt (og at dei for eksempel ikkje er ute i eit fagforeiningsærend).
Indre eller ytre kontroll?
Det er eit grunnpoeng hos HG at profesjonane bør halde orden i eige hus og ikkje bli kontrollerte av ytre instansar. Eg deler dette synet og eg ser det som eit viktig poeng i lys av dagens nyliberalistiske privatisering som går hand i hand med fagekstern kontroll. Men i lys av det vi har sagt om fleirfagleg samarbeid og behovet for refleksjon over involverte fag og profesjonar, er det meir å seie også om spørsmålet om kontroll – ”indre eller ytre”. For når profesjonane så å seie ”går i kvarandre” i yrkeslivet, er det viktig at den tverrfaglege refleksjonen er på plass og at det dessutan er rom for ein tverrfagleg dialog. Den ”indre” kontrollen bør derfor ikkje avgrensast til fagfellane i snever forstand, men opne for innspel og innsyn frå omliggande profesjonar. Dei såkalla fagfellevurderingane bør derfor ikkje rekruttere frå eit lite og snevert fagmiljø, men invitere inn gode og innsiktsfulle kollegaer frå alle fagfelt som kan ha eit ord med i laget. Berre slik kan ein unngå uheldig innavl.
I forlenging av dette resonnementet vil eg vidare hevde at det bør vere slike kollegiale (og tendensielt fagkritiske) dialogar på kryss og tvers, i og mellom utdannings- og forskingsinstitusjonane – slik som universitet og høgskular – men også mellom desse institusjonane og dei offentlege samtalane i ulike media og fora, der også lekfolk av ulikt slag er med. Det er i dag eit presserande behov for slike samtalar mellom akademia og media. Etter mitt skjønn utgjer kvaliteten på desse samtalane samtidig målestokken for den etiske og kunnskapsmessige kvaliteten ved dei "samfunnsoppdraga” som profesjonane arbeider ut ifrå og dermed også kvaliteten på profesjonsetikken til kvar tid.
PS
For å vere konsistent med det eg sjølv har sagt, vil eg minne om at eg av yrke er filosofi, nærmare bestemt vitskapsfilosofi, med bakgrunn både i (såkalla) kontinental og analytisk filosofi. Dei som vil kikke meg i korta, kan klikke seg inn på heimesida eller sjå på den siste boka (Den filosofiske uroa, i spenninga mellom tvil og tru, Universitetsforlaget 2005).
Les mer:
- Harald Grimens innlegg Profesjonsetikken sitt grunnlag
- Per Nortvedts innspill Profesjonsetikkens grunnlag
- Dag G. Aaslands kommentar til debatten om profesjonsetikkens grunnlag
- Per Nortvedts svar til Aasland og noen videre kommentarer til Grimen
Leserkommentarer til artikkelen
Profesjonsetikk som system egenskap?
Dette er ikke et innlegg i debatten, men kun en meningsyttring. Grimen, Nortvedt og Skirbekk er alle bekymret for konsekvenser av at profesjonsutøveren underlegges profesjonseksterne kontrollmekanismer i form av målstyring. Debatten har foregått på et abstrakt akademisk nivå og diskursen bærer mer preg av uenighet rundt en del begreper enn uenighet om problemstilling.
Min påstand:
I dagens helsevesen formidles profesjonsetikken som en egenskap ved stykkprisfinansieringssystemet. Rettferdighet og lønnsomhet fremstår som to sider av samme sak. Når systemet viser seg å ha utilsiktede konsekvenser i form av at det f.eks er vanskelig å måle en verdig død i form av stykkpriser, så roper aktørene om at denne urettferdigheten må rettes opp med standardiseringer av den døende og incentiver som gjør det økonomisk lønnsomt å gi omsorg til denne pasientgruppen. Helsearbeidere blir i større grad ansvarligjort overfor stykkprisfinansieringssystemet og i mindre grad overfor pasienten. I disse dager arbeides det med utvikling av pasientklassifiseringer også for psykiatri (med støtte fra legeforeningen og sykepleierforbundet). Den psykisk syke skal sikres rettferdighet ved å få være middel for økonomiske mål, men har jo sine pasientrettigheter om fritt brukervalg som kontrollmekanisme. Den bør være ressursterk den psykisk syke som skal oppfylle kravene til den "kompetente" pasienten i systemet. Det blir interessant å se hvilke pasienter som blir mest rettferdig å behandle. Det nevnes at en målsetting er at psykiatrien skal behandle 5% av barn og unge (forskning viser visst at så mange sliter med depresjon og/eller angst). Systemet skal allerede før det har begynt å virke søke nye gyldighetsområder til tross for at det stadig påpekes hvor lite ressurser det er til de tunge kronikerne. Motstanden mot dette systemet synes liten i den offentlige debatt. Helsearbeidere forholder seg (og har gjort det lenge) til systemet som om fagetikken er implentert i DRG koder. Jeg mener dette er den sosiale virkelighet i dag. Jeg skulle ønske de som var smartest mer kunne knytte sitt intellekt til den faktiske virkelihgheten istedenfor å diskutere innhold i begreper. For meg (som er på et atskillig lavere nivå akademisk og intellektuelt) fremstår debatten som preget av konsensus om sak, men uenighet rundt formen i forhold til hvordan saken best kan formuleres. Jeg savner mer brodd fra de klokeste hodene.




