Økonomi og jus
Bachelor i økonomi og jus gir deg ei brei og yrkesretta utdanning som kan brukast innanfor arbeidsfelta saksbehandling, rådgiving, leiing og økonomisk styring. Du får ein etterspurd og unik kompetanse innan økonomi og jus.
Studieinnhald
Studiet er sett saman av emne frå dei viktigaste økonomiske og administrative fagområda, i tillegg til grunnleggande juridiske emne.
Du lærer om
- bedriftsøkonomi, samfunnsøkonomi og marknadsføring
- leiing og strategi, med fokus på leiarrolla
- korleis ein tolkar og brukar lovreglar inn i konkrete problemstillingar
- rettsreglar på rettsområde som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett
I siste studieår skriv du bacheloroppgåve. Du kan også velje å ha praksis, og skrive ei praksisbasert oppgåve.
Studieplan
I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!
Undervisningsmåtar
Du lærer gjennom forelesingar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar med meir.
Vi koblar teori og praksis gjennom arbeid med aktuelle og relevante problemstillingar.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse eller realkompetanse.
Dersom du har årsstudium i jus frå HiSF, kan du søke opptak direkte til 2. studieår. Du søker då gjennom SøknadsWeb.
Veit du at rett før studiestart kan du delta på forkurs i matematikk, for å friske opp mattekunnskapane dine?
Veit du at Studiebarometeret viser at våre studentar er blant landets mest fornøgde økonomistudentar?
Fakta om studiet
- Studiestad:
- Sogndal
- Studielengd:
- 3 år
- Studiepoeng:
- 180
- Nivå/grad:
- Bachelor
- Opptakskrav:
- Sjå innhaldsfeltet.
- Poenggrense ved siste opptak:
- Ordinær kvote: 3,6. Kvote for førstegangsvitnemål: Alle kvalifiserte
- Studiekode:
- 216 526
- Søknad frå:
- 01.02.2015
- Søknadsfrist:
- 15.04.2015