Hopp til innholdMeny

Jus

Ønsker du å bli jurist, eller siktar du mot ei økonomisk-administrativ utdanning? Jus årsstudium kan enten vere starten på eit masterstudium, eller inngå i ei anna utdanning der du ønsker særlege kunnskapar i juridiske emne. Juridisk kunnskap er etterspurd både i offentleg og privat sektor.

Studieinnhald

Studiet gir ei innføring i offentleg og privat rett. Du vil lære om juridisk metode, som er den framgangsmåten juristar nyttar for å løyse rettsspørsmål. Du lærer også om grunnleggande juridiske emne.

Du lærer også

  • korleis rettssystemet er bygd opp
  • å tolke og nytte lovreglar inn i konkrete problemstillingar
  • rettsreglar på rettsområde som kontraktsrett, forvaltningsrett og familierett

Studieplan

I studieplanen finn du informasjon om korleis studiet er bygd opp, oversikt over emne, pensum med meir. Les den!

Undervisningsmåtar

Du lærer gjennom forelesingar, seminar, gruppearbeid, øvingsoppgåver, munnlege presentasjonar og skriftleg arbeid. 

«Fasilitetene her er flotte. Jeg kommer fra Oslo og hadde aldri vært på Vestlandet tidligere. Jeg hadde hørt at miljøet i Sogndal var bra, og det stemte! »

- Mahintan Markandu, tidlegare student

Fakta om studiet

Studiestad:
Sogndal
Studielengd:
1 år
Studiepoeng:
60
Nivå/grad:
Årsstudium
Opptakskrav:
Generell studiekompetanse eller realkompetanse. 
Poenggrense ved siste opptak:
Ordinær kvote: 43,2. Kvote for førstegangsvitnemål: 40,6
Studiekode:
216 246
Søknad frå:
01.02.2015
Søknadsfrist:
15.04.2015

Ofte stilte spørsmål om søknad og opptak