Hopp til innholdMeny

Korleis finne

Bøker og e-bøker

Kva gjer eg når alle eksemplar av boka eg har bruk for er utlånt?

Du kan reservere utlånte bøker.
Logg deg på i Oria (oppe til høgre). Søk opp boka du er ute etter og vel "bestill dokument", legg evt. inn ein kommentar
Les meir om bestilling og reservering av bøker her.

Kan biblioteket kjøpe inn ei bok eg treng? Eg tykkjer boka bør vera tilgjengeleg på HiSF-biblioteket.

Bruk skjemaet: Foreslå innkjøp.
Då vil biblioteket vurdera førespurdnaden din og gi deg ei tilbakemelding. Alternativt kan du melda ynskjet ditt til ein bibliotekar i informasjonsskranken. Kom gjerne med bokforslag! 

Har biblioteket e-bøker?

Ja, det har vi! Bøkene kan du søke opp i Oria og så er det litt ulike måtar å laste ned eller låne bøkene på. Les meir om e-bøker her!

Korleis kan eg sjå om biblioteket har boka eg treng?

Du søkjer i Oria. Sjå ein liten filmsnutt eller les meir om korleis du gjer det!

Kan elektroniske bøker (e-bøker) lånast inn frå andre bibliotek?

Nei, pr i dag er det ikkje mogeleg å fjernlåne e-bøker mellom biblioteka.

Artiklar frå tidsskrift

Korleis finn eg artiklar om eit tema?

Start gjerne med søk i ORIA når du leitar etter artiklar om bestemte emne.
Bruk "Avansert søk" og velg "Emne" i nedtrekksmenyen ved sidan av søkefeltet, velg og matrialtype "Artikler".
Skriv inn det emnet du er ute etter og klikk på Søk.

Kva er DOI-nummer?

DOI (Digital Object Identifier) er ein standard for påliteleg identifisering av eit elektronisk dokument.
DOI-nummeret kan brukast til å gjenfinne m.a. artiklar på nettet.
Les meir om DOI og korleis du finn artiklar ved å søka på DOI-nummer her.
 

Ordbøker og leksikon

Kva finn eg i ordnett?

Ordnett.no er ei språk- og ordboksteneste som gir tilgang til ei rekkje elektroniske ordbøker.
Her finn du ordbøker på mange ulike språk; engelsk, tysk, fransk, spansk, italiensk og svensk.
Du finn også nynorsk/bokmålsordbøker, synonomordbok, fremmedordbok, medisinsk ordbok, jusleksikon. Sjå oversikt over kva ordbøker HiSF gir deg tilgang til
NB! Du må vera pålogga høgskulen sitt nettverk for å få tilgang til Ordnett.
Arbeider du utanfor nettverket kjem du inn i tenesta via VPN 
 

Har biblioteket engelsk-norsk ordbok?

Ja, engelsk-norsk ordbok finn du i fulltekst i Ordnett
Det finns også nokre trykte eksemplar av engelsk-norsk ordbok til utlån. Desse kan du søke opp i Oria

Pensumlister

Kvar finn eg oversikt over pensum?

Pensumlistene finn du i studieplanen din.
Finn ditt studium og det emnet du er ute etter. Litt nede i teksten finn du pensumoversikt.
Ver merksam på at det også kan vera meir som er pensum enn det som står oppført i studieplanen, det kan vera kompendium og diverse utdelt matriale.

Kva betyr dagslån?

Dette er eit eksemplar av pensumboka som du kan låne 1 dag. I Sogndal er pensumbøkene plassert nær skranken. I Førde må du spørje personalet etter bøkene. Desse bøkene kan ikkje reserverast, og må leverast inn påfølgjande dag - innan klokka 9. 

Finn eg pensumbøkene mine på biblioteket?

Ja! Me skal ha minst eitt eksemplar av alle pensumbøkene. Pensum er mykje utlånt. Me oppmodar deg om å kjøpe bøkene sjølv. Du kan ikkje fornye lånet dersom det er venteliste.

Kan eg bruke ei eldre utgåve av boka enn den som står oppført som pensum?

Som hovudregel skal du alltid bruke den nyaste utgåva av ei bok.Nokon gonger går det fint med ei eldre utgåve, men du bør alltid spørje faglæraren din om det er greitt.

Databasar

Kvifor får eg ikkje fram artiklane i fulltekst når eg sit heime?

Du må vera oppkobla til HiSF via VPN for å få full tilgang til alle databasar.
Les meir om VPN her.  

Kva er ein siteringsdatabase?

Ein siteringsdatabase er ein database der referanse/litteraturlista til ein artikkel er gjort søkbar.
Dersom du har ein artikkel kan du td. finne ut om nokon har sitert akkurat denne artikkelen seinare.
ISI Web of Science er eksempel på ein siteringsdatabase. ISI Web of Science gjer det mogeleg å gå både framover, bakover og på tvers av fag for å finne relevant litteratur.
 

Kor finn eg artiklar på norsk i databasane?

Du kan søke i Norart eller Oria etter tidsskriftartiklar. Idunn er òg ein database med mykje norsk innhald. Helsebiblioteket har både norske og engelske ressursar. Atekst har artiklar frå norske aviser.  I ein oversikt over databasane finn du informasjon om innhaldet i ulike databasar. 

Kva er ein referansedatabase?

Ein referansedatabase er ein database som viser til litteratur om eit emne/tema.
Du vil ofte finne eit samandrag (abstract), men får ikkje tilgang til sjølve teksten.  

Eg leitar etter pedagogisk litteratur i databasane. Kvar finn eg det?

Eric er den største internasjonale databasen for pedagogisk litteratur, men du vil også finne litteratur innan pedagogikk i mange andre tverrfaglege databasar - som for eksempel Norart, Sage, Taylor and Francis, Academic Search Premier. Sjå informasjon på biblioteket si liste over databasar. Det meste av innhaldet vil vera tilgjengleg via søk i Oria men søker du direkte i Eric kan du få gjort eit meir spesifisert og presist søk.

Kva er ein fulltekstdatabase?

I desse databasane finn du heile teksten til artiklar, kapittel, rapportar m.m.
Ver obs på at det kan vera forseinka tilgang til nokre artiklar, embargo, i desse databasane.

Korleis kjem eg inn i Helsebiblioteket heimanfrå?

Dette er ein open portal. Men for å få tilgang til fulltekst i databasane inne i Helsebiblioteket, må du bli gjenkjent som brukar. Det er to måtar å gjere dette på: Den enklaste er å kople deg opp via VPN slik du gjer med dei øvrige databasane.
Studentar og helsepersonell i Norge kan òg registrere seg med brukarnamn og passord på Helsebiblioteket si nettside for å få tilgang til nettstaden.
 

Tidsskrift og e-tidsskrift

Korleis veit eg om biblioteket har eit tidsskrift som eg er på jakt etter?

Søk opp namnet på tidsskriftet i ORIA.
Avgrens søket i etterkant ved å klikke på lenkene i venstre side av trefflista.
Avgrens med å hake av for Tidsskrifter, eller sorter på format ved å velje E-tidsskrift. 
Klikk på Plasseringer for å sjå kva for avdelingsbibliotek (Sogndal eller Førde) som har tidsskriftet.

Korleis veit eg at tidsskriftet er vitskapeleg?

Dette kan du finne ut ved å søke i Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD).
Tidsskrift med nivå 1 og 2 (best) er vitskaplege.
Nasjonalbiblioteket sin database for norske og nordiske tidsskriftsartiklar (NORART) har ei oversikt over nordiske vitskaplege tidsskrift som finns i basen.
Finn du ikkje tidsskriftet du er ute etter via NSD eller NORART, prøv å søke på tidsskriftet si heimeside via Google.
 

Har biblioteket tidsskriftet SYKEPLEIEN?

Alle tidsskrift biblioteket har er søkbare i ORIA.
Skriv inn tittelen på tidsskriftet i søkeboksen og klikk på søk.
Du kan avgrense søket i etterkant ved hjelp av lenkene i venstre meny. Hak av for "tidsskrifter" eller sorter på det formatet du helst vil ha ved å velgja "trykte tidsskrift" eller "e-tidsskrift".
Her vil du finne at HiSF har både trykt og elektronisk versjon av SYKEPLEIEN.

Bacheloroppgåver og Masteroppgåver(Brage)

Eg vil publisere mi oppgåve. Korleis gjer eg det?

Når du skal levere oppgåva di bruker du ein framsidemal frå HiSF. På baksida av denne ligg eit samtykkeskjema der du krysser av for “JA” dersom du ønskjer publisering. Det er viktig at oppgåva blir lagra elektronisk i Fronter med utfylt samtykkeskjema.

Eg har ikkje samtykka i publisering, men har bestemt meg for at eg vil publisere oppgåva likevel. Kan eg det?

Det kan du! Finn fram til framsidemalen og send eit utfylt samtykkeskjema til Toril Engesæter eller Lise Vik Haugen på biblioteket. Ikkje nøl med å ta kontakt- me vil gjerne publisere oppgåva di!

Korleis finn eg fram til oppgåver?

Du kan søke etter emne, tittel eller forfattar. Du kan også gå inn på ditt fag og bla i alle oppgåvene som er publisert.

Kvar kan eg lese bacheloroppgåver frå tidlegare studentar?

Her finn du ein oversikt ordna etter utdanning Bacheloroppgåver i Brage. Dei beste oppgåvene (karakteren A eller B) frå dei seinare åra, ligg i det institusjonelle arkivet; HiSF Brage dersom studenten har godkjend dette.
   

Blir alle bachelor og masteroppgåver publisert?

Oppgåver blir berre lagt ut i Brage dersom studenten samtykkjer i publisering. For bacheloroppgåver er det eit krav at oppgåva har fått karakteren A eller B, masteroppgåver blir publisert etter godkjent sensur

Oppgåva mi er publisert, men no vil eg ha ho fjerna. Går det an?

Det er ikkje noko problem. Ta kontakt med  Toril Engesæter eller Lise Vik Haugen.
Dersom du vil publisere oppgåva på nytt seinare er det berre å seie ifrå!

Har biblioteket masteroppgåver som HiSF-studentar har skrive?

Ja, dei finn du i fulltekst i arkivet HiSF Brage.

Publikasjonar frå HiSF tilsette(Cristin)

Eg er ute etter å sjå kva tilsette på Avdeling for samfunnsfag har skrive?

Oversikt over det HiSF tilsette publiserar finn du i Cristin.
Det er fleire måtar å søke på du kan til dømes søke på den enkelte forskar eller på  på forskingsresultat for kvar avdeling i HiSF eller for heile høgskulen.
Her er eit eksempelsøk på det tilsette ved Avdeling for samfunnsfag har publisert i 2013 og 2014 som ligg i Cristin.
 

Aviser og avisartiklar

Kan eg få tak i ein gammel avisartikkel?

Ja, kanskje! Det er ulikt kor langt tilbake i tid du kan gå, men mange aviser har innhaldet frå sin papirversjon i arkivet Atekst. Du må vera logga på datanettet til HiSF (eller via vpn) Ikkje alle aviser er med, men no (pr 2014) vil du finna 180 ulike kjelder. Vi anbefaler deg å søke via "avansert søk".   

Kan eg lese Morgenbladet på biblioteket?

Ja, det kan du! Både biblioteket i Førde og Sogndal har abonnement på Morgenbladet og fleire andre aviser. Det er også mogeleg å logge inn med brukarnamn og passord. Dette finn du i Fronter. Sjå under biblioteket si oppslagstavle. Er du ute etter ein tidlegare artikkel, kan du søke den opp i Atekst.

Lover

Kor finn eg arbeidsmiljølova?

For å sikre deg at du finn den oppdaterte versjonen av ei lov, bør du sjekke i Lovdata. Høgskulen gir deg også tilgang til den utvida versjonen som heiter Lovdata Pro. Her er fleire ressursar tilgjengeleg. For å logge inn, må du ha brukarnamn og passord. Det vil du finne i HiSF sin læringsplattform Fronter under biblioteket si oppslagstavle. Pålogging til Lovdata Pro ligg øvst til høgre på Lovdata sine sider.  

Kva er Lovdata Pro?

Lovdata Pro inneheld søkbare lovtekstar, domsavgjerder frå alle rettsinstansar og tilrådd litteratur knytt til forskjellige emne. I tillegg finn ein reglar, forskrifter og offentleg dokument frå Storting og EU. Logg på via øvste høgre hjørne med brukarnamn og passord som ligg i Fronter under Biblioteket si informasjonstavle.  

Eg er jusstudent. Korleis får eg tak i Lovdata Pro?

Som jusstudent får du gratis tilgang til denne tenesta. Du må registrere deg hjå Lovdata Det er viktig at du oppgir epostadressa du har fått frå Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Kvar finn eg norske lover?

Dei ligg ope tilgjengeleg på Lovdata. 

Offentleg informasjon

Korleis finne offisiell statistikk frå Noreg?

Statistisk sentralbyrå (SSB) har hovudansvaret for offisiell statistikk i Noreg. Her finn du statistikk om:

  • folk og levekår
  • ressursar og miljø
  • økonomi og nasjonalrekneskap
  • kommunal, fylkeskommunal og statleg verksemd

Har biblioteket og Stortingsmeldingar og NOU'ar?

Ja, biblioteket har desse i trykt utgåve, og du kan søke i Oria om du vil låne dei. Det enklaste er nok likevel å finne dei elektronisk. Dei ligg ope tilgjengeleg på Internett. Søk via Oria eller direkte på www.stortinget.no  Her er lenke til Stortingsmeldingar og NOU'ar. Oversikt og lenke til alle dokumenttypane.     

Kvar finn eg statistikk frå andre land?

Her er ei lenkjesamling til internasjonal statistikk

Kva meinast med offentleg informasjon?

Med offentleg informasjon tenkjer vi på trykte og elektroniske publikasjonar frå ulike offentlege organ, statlege eller lokale styresmakter.
I Norge er det meste av dette er tilgjengeleg i fulltekst på nettet.
Du kan for eksempel finne dokument frå regjering og storting,og lover m.m.
Du vil også finne offentleg informasjon og statistikk frå andre land på nettet.

Kvar finn eg statistikk frå andre enn SSB?

Her finn du m.a. statistikk om:   Arbeid og løn, bank og finans, bustad og eigedom, energi og industri, helse, inntekt og forbruk, innvandring, jord, skog, jakt og fiskeri, kultur og fritid, nasjonalrekneskap og konjunkturar, natur og miljø, sosiale forhold og kriminalitet, teknologi og innovasjon, transport og reiseliv, utdanning.

Korleis finne Kartverket sine gratis kart og kartdata?

N50 Kartdata, som ligg til grunn for den landsdekkande kartserien Norge 1:50 000, finst som MrSID-filer.
Det inneber mellom anna at du kan laste ned datasettet til smarttelefon eller nettbrett og få flotte, detaljerte og oppdaterte fylkes- og noregskart. Du får heile Norge inn på mobilen og treng ikkje vere avhengig av mobildekning for å lese kartet.
Ein kan zoome inn på den minste høgde eller sti, eller bruke det som oversiktskart for ein stad, ein kommune, fylke eller heile landet.
Koplar du på mobil-GPS-en, kan du sjå kor du er i kartet.

Historiske kart kan alle og einkvar enkelt sjå på, eller laste ned og til dømes ta utskrift av. Gå vidare til historiske kart-sida. 

Kva er Noreg.no?

Noreg.no (og Norge.no) er ein vegvisar til digitale tenester frå statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar.
Her kan du bytte fastlege, søkje om pass, melde flytting mm. Noreg.no gjev innbyggjarane informasjon om korleis dei kan kommunisere på nett med det offentlege.
Det er den verksemda eller kommunen som eig den aktuelle tenesta, som har ansvar for å rettleie brukaren i gjennomføringa av ærendet sitt, til å gje utdjupande informasjon og til å finne tilgrensande
Dersom brukaren har spørsmål om den einskilde tenesta, kan han eller ho gjennom å klikke på logoen til verksemda, komme til heimesida til verksemda.

Filmar

Har biblioteket filmar til utlån?

Ja, biblioteket har eit utval dvd'ar til utlån.
Samlinga inneheld fagfilmar med tema innanfor utdanningane til HiSF, barnefilmar og nokre spelefilmar.  

Har de filmen Drageløperen?

Ja, biblioteket har filmen.
For å finne kvar i biblioteket filmen står og om han er ledig kan du søka han opp på tittelen i ORIA

Kor lenge kan eg låne ein dvd?

Lånetida på filmar er 1 veke.

Søk i ORIA

Heile biblioteket i eitt søk