15 januar 2007
[logg inn]


Søk etter:  i
HSF topp-monster

Økonomi og administrasjon

Klikk for større bilete

Velkommen til bachelorstudiet i økonomi og administrasjon

Me tilbyr deg ei stor breidd av fag innanfor økonomi og administrasjon. Faga femner vidt: frå metode (matematikk og statistikk), bedriftsøkonomisk analyse (rekneskap, investering og finansiering), administrasjon (marknadsføring, strategi, organisasjon og leiing), jus (forretningsjus og skatterett) til samfunnsøkonomi (makro og mikro).

Du kan velja mellom tre profileringsretningar

Etter at du er ferdig med dei obligatoriske emna (100 studiepoeng), kan du velja om du vil profilera deg i økonomistyring, organisasjon og leiing eller entreprenørskap og marknadsføring. Du har òg høve til å velja emne på tvers av profileringsretningane, slik at du set saman din eigen profil.

Du har høve til å ta det femte semesteret i utlandet

I studieplanen er det femte semesteret organisert slik at du anten kan ta emna/kursa ved HSF eller ved ein høgskule/universitet i utlandet. Avdeling for økonomi og språk har internasjonale avtalar med mellom anna Fachhochschule Kempten (Tyskland), University of the Sunshine Coast (Australia) og Augsburg College (USA).

Med ein bachelorgrad i økonomi og administrasjon kan du brukast til det meste

Det solide grunnlaget du får innanfor dei bedriftsøkonomiske faga - og dessutan det temmeleg store innslaget av samfunnsøkonomi, jus og metodefag - gjer at du ikkje bind deg opp til spesielle jobbar ved å ta denne utdanninga.

Med dette studiet opnar det seg ei rad karrierevegar for deg. Du kan få arbeid i næringslivet, offentleg sektor eller i ideelle organisasjonar. Har du lyst til å studera vidare innanfor det same fagområdet, kan du ta til på eit masterstudium i økonomi og administrasjon i Norge eller i utlandet.

Alt i alt kan vi seia at bachelorstudiet i økonomi og administrasjon gir deg ei god ballast uansett karriereveg vidare.

Les meir om studiet i

»  Studietilbodskatalogen- introduksjon til studiet
 
»  Studiehandboka – full omtale av studiet
 


Sist endra av: Tom N. Pedersen, 15. januar 2007 09:47:54
Publisert av:   Guy Steffen Brun, 02. desember 2006 14:33:02

Høgskulen i Sogn og Fjordane Postboks 133, 6851 SOGNDAL. Tlf 57 67 60 00 Fax 57 67 61 00 E-post post@hisf.no

Copyright © 2006 Høgskulen i Sogn og Fjordane